nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Nyttar omsetjingsprogrammet NYNO på eksamen

Elevar ved Fredrik II Vidaregåande skule i Fredrikstad hevdar at mange juksar seg til betre nynorskkarakter ved å nytta programmet.

Les meir hjå NRK Østfold.

Striden på Askøy spisser seg til

«Striler for bokmål» seier dei ikkje tør. stilla opp i avisa av frykt for represalier frå Askøy Mållag. Mållaget opplever òg at folk er agressive, og tykkjer «Striler for bokmål» framstår som feige når dei vil vera anonyme. Måndag er det folkerøysting.

Les meir hjå NRK Hordaland.

Bokmål i Åmli

Etter at folkerøystinga synte klart fleirtal for nynorsk i Åmli, har kommunestyret trossa folkeviljen og vedteke at opplæringsmålet skal vera bokmål.

Les meir hjå NRK Sørlandet.

Uprisen til Lars Mæhle

Lars Mæhle er tildelt UPrisen for boka «Landet under isen». Juryen består av 180 niandeklassingar frå sju skular spreidde over landet.

Les meir hjå NRK .

Eit djupdykk i skrivefeil

Eit av bidraga til «Årets Nyskjerrigper 2010» kjem frå 6. klassingane ved Tokke skule i Dalen, Telemark. Elevane har systematisk leitt etter feil i norskboka. I går presenterte dei funna sine for Språkrådet.

Les meir hjå Noregs forskingsråd.

Pris til Syn og Segn

Syn og Segn får prisen for årets tidsskrift. Prisen vert delt ut av Norsk tidsskriftforening.

Les meir hjå LNK.

Engasjement for folkerøysting

På Askøy skal det vera folkerøysting om opplæringsmålet måndag 31. mai. Jamvel om engasjementet ikkje er like stort som for sju år sidan pregar røystinga lokalsamfunnet.

Les meir hjå Askøyværingen.

Astrid Brekken får nynorsk journalistpris

Brekken er mest kjend frå P2 og programma «Sånn er livet» og «På livet laus». Kulturdepartementet som står bak prisen, som vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 25. juni.

Les meir hjå Aftenposten.

Røyst nynorsk i Øvre Rindal

Rindalsmålet og -humoren høver best til nynorsk, skriv Ann Grimsmo i Rindal Heimbygdlag. Ho oppmodar alle om å røysta nynorsk i Rindal 7. juni.

Les meir hjå Trollheimsporten.

Språkdebatten er for normativ

Språk handlar om meir enn reglar. Difor bør alle typar språkbruk verte teke på alvor, jamvel om han ikkje fylgjer reglane, skriv Karianne Skovholt og Aslaug Veum i ein kronikk i Aftenposten.

Les meir hjå Aftenposten.

Treng Noreg meir enn eitt skriftspråk?

Jamstellingsvedtaket er tema i dagens «Rett på» i NRK P1. Påtroppande leiar i NMU, Janne Nygård, sit klar i studio for å svara på spørsmål frå innringarar. Du kan høyra programmet 13.05.

Les meir hjå NRK Radio.

Tviheld på bokmålet

Bergensarane står bak ei enorm auke i talet på bokmålselevar på strilelandet.

Les meir hjå NRK Hordaland.

Målrørsla har køyrd i ei grøft

Viss nynorsken skal vinna fram, må målrørsla fokusera på kjærleiken til språket, ikkje diskrimineringa av nynorskbrukarar, skriv Marit Lajord i kronikken som vann 3. plassen i kåringa til Aftenposten.

Les meir hjå Aftenposten.

Fosse får Ibsenprisen 2010

Jon Fosse er den fyrste norske dramatikaren som mottek prisen. I tillegg til heider og ære får vinnaren 2,5 millionar kroner.

Les meir hjå Scenekunst.

Røyst nynorsk i Rindal

Det er skal vera folkerøysting om språket ved Øvre Rindal Skule 7. juni. I eit lesarinnlegg i Trollheimsporten oppmodar Idun Fivelstad alle til å røysta for nynorsk, som ligg nærare rindalsdialekten.

Les meir hjå Trollheimsporten.

Aftenpostenspråket

Språkdebatten i Aftenposten dukkar med ujamne mellomrom opp i media. I ein kronikk 16. mai oppfordrar redaktør Morten Abel lesarane til å diskutera emnet på nett.

Les meir hjå Aftenposten.

Kva ville Aasen sagt?

For russen i Ulsteinvik er nynorsk ein viktig del av feiringa. Dei har reist land og strand med ein limousin med både bilete og sitat av Ivar Aasen.

Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

125 år med språkleg jamstelling

I dag er det 125 år sidan Stortinget gjorde vedtak om at landsmål og riksmål skulle vera jamstilte som norske språk. Språkrådet feirer med kake.

Les meir hjå NRK .

80 000 nynorskkroner har forsvunne

Stord kommune vann prisen for årets nynorskkommune i fjor. Prisen var på 100 000. No har 80 000 av dei forsvunne inn i kommuneadministrasjonen.

Les meir hjå Nationen.

Verv til tusen!

I dag sparkar Norsk Målungdom i gang vårens vervekampanje. Målet er tusen teljande medlemer før sumarleiren i juli. For å klara det, treng me DEG med på laget.

Les meir hjå Norsk Målungdom.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.