Arkiv
Fleirtal mot sidemål
I ei spørjeundersøking utførd av Nationen seiar over halvparten at sidemål ikkje er viktig. Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, meiner nordmenn er for lite flinke til å verdsetja fleirspråklegheit.
Les meir hjå Nationen.
Dei nynorske festspela er i gang!
I går opna kulturminister Anniken Huitfeldt dei nynorske festspela. Under opninga mottok Maria Parr prisen for Årets nynorskbrukar.
Les meir hjå Sunnmørsposten.
Målrose til Knarvik vidaregåande skule
Alvarsund Mållag delte måndag ut målrosa til Knarvik vidaregåande skule. Skulen får prisen for god språkbruk ved skulen. Mållaget liker særleg at skulen har nytta ord frå striledialekten for å setja namn på dei ulike delane av skulen.
Les meir hjå Strilen.
Vil ha universitetssektoren med på laget
Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, og leiar i Norsk Målungdom, Maria Svendsen, ynskjer seg meir pensumlitteratur på nynorsk.
Les meir hjå Uniforum.
Få nynorsk inn i barneskulen
Sidemål er viktig av mange grunnar, skriv Jens Kihl og Helga Hjetland i Noregs Mållag. Dei meiner undervisninga treng eit løft, og at opplæringa må byrja allereie på barneskulen.
Les meir hjå Aftenposten.
Læreboka er attende!
Hafstad vidaregåande skule i Førde starta satsinga på digitale læremiddel i haust. Etter klager frå elevane går skulen attende til trykte lærebøker neste år.
Les meir hjå Firda.
Alt er lov
Norsk talemål er eit språkleg villnis der alt er lov. For innvandrarar er det nærast umogleg å læra seg å snakka perfekt norsk, skriv Rebecca Borsch.
Les meir hjå Aftenposten.
Målpris til Luster sparebank
Luster Mållag delte laurdag ut målprisen for 2010, som går til personar, verksemder og institusjonar som nyttar nynorsk på felt der målet i utgangspunktet ikkje står sterk. I 2010 går prisen til Luster sparebank, som er medvitne på å nytta nynorsk i marknadsføringa.
Les meir hjå Luster kommune.
Respektlaust frå norsklærar
Ein lærar ved Gimle ungdomsskule ba elevane ta med «Spynorsk mordliste» til tentamen i sidemål. No får han refs frå foreldre, lærebokforfattar og nestleiar i Studentmållaget i Bergen, Martin Årseth.
Les meir hjå NRK Hordaland.
Slutten for språknasjonalismen
I framtida vil bokmål vera eit levande språk, medan nynorsk dør ut. Samstundes meistrar me stadig fleire framandspråk, og engelsk vert viktigare i samfunnet. På sikt vil det gjera Noreg både opnare og betre, skriv Kristian Meisingset.
Les meir hjå Minerva.
For lite nynorsk i NRK
Medietilsynet slår fast at NRK ikkje innfrir kravet om 25 prosent nynorsk. Nynorskbruken har auka i 2009, men det er framleis for lite. NRK P1 har mest nynorsk, men 26 prosent, medan NRK SUPER ligg på botn med berre 16 prosent nynorsk.
Les meir hjå LNK.
Folket vil ha bokmål i Øvre Rindal
Den rådgjevande folkerøystinga i Øvre Rindal synte fleirtal for bokmål. 89 røysta for bokmål, medan 63 framleis ville at skulen skulle gje opplæring på nynorsk.
Les meir hjå Trollheimsporten.
Folkerøysting i Øvre Rindal
I dag er det folkerøysting om kva som skal vera målforma ved Øvre Rindal skule. Trond Skogseth argumenterer for kvifor det er viktig å velja nynorsk for å ta vare på dialektane.
Les meir hjå Trollheimsporten.
Politiet får refs frå Språkrådet
Hordaland politidistrikt nyttar nesten berre bokmål. Det vil direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim ha slutt på.
Les meir hjå NRK Hordaland.
Lov om målbruk gjeld offentlege føretak
Landsmøtet i Noregs Mållag bed dei offentlege føretaka ta ansvar for å nytta norsk språk generelt og nynorsk spesielt.
Les meir hjå Nationen.
No kjem dei nynorske læremidla
NOU Mangfold og mestring frå Kunnskapsdepartementet konkluderer med at det er naudsynt med lærebøker på nynorsk for vaksne minoritetsspråklege. Påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård, er glad for at departementet har innsett behovet for lærebøker.
Les meir hjå Driva.
- Allkunne skal vera det beste oppslagsverket på nett
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vert ny dagleg leiar for nettleksikonet Allkunne. Allkunne er eit digitalt oppslagsverk på nynorsk som ligg gratis tilgjengeleg på nett.
Les meir hjå Avisa Hordaland.
Språkmøte i Bergen
Skal Bergen verkeleg verta hovudstaden på Vestlandet, må dei gje begge målformer betre rom enn det dei har i dag, skriv Sylfest Lomheim, direktør og Ida Berntsen, styreleiar i Språkrådet. Denne veka har Språkrådet styremøte i Bergen, og skal samstundes møta viktige språkmiljø i byen.
Les meir hjå Bergens Tidende.
Dialektbruk svekkjer skriftspråka
Demokratisk sett er den utstrakte dialektbruken ein god ting, men på sikt kan det svekkja utviklinga til skriftspråket vårt, skriv Johanne Volløyhaug.
Les meir hjå Adresseavisa.
Superveka er i gang
Vervekampanjen til NMU rullar og går, og no er det klart for superveka. Alle vervingar denne veka utløyser ekstrapremiar i tillegg til dei vanlege premiane.


