nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Siste skanse i Nord-Trøndelag under press

Det vert halde rådgjevande folkerøysting om skulemålet ved Vålen skule 29 september etter at meir enn 25 prosent av dei røysteføre ynskte det.

Les meir hjå Steinkjer-avisa.

Sidemålsordninga er det språklege limet

Dersom jamstellinga mellom bokmål og nynorsk skal verta reell, inneber det meir enn at alle kan velja kva språk dei vil skriva. Sidemålsordninga er difor avgjerande for alle i Noreg har felles skriftkunnskap.

Les meir hjå Utdanning.

Nynorskfrykten

Sjølv om prinsippet med to skriftspråk er at folk kan velja kva for eit dei vil uttrykka seg på, ser det ut til at sjølv liberalarane vert mindre liberale når det kjem til nynorsk og bokmål. Kanskje er det frykten for at fleire skal velja nynorsk som ligg bak mykje av sidemålsmotstanden?

Les meir hjå Klassekampen.

Éin karakter i norsk er løysinga

Den store arbeidsbyrda i norsk kan minkast ved at dagens tri karakterar (nynorsk, bokmål og munnleg) vert redusert til éin karakter. Soleis vil lærarane få meir tid til å konsentrera seg om kva dei skal læra elevane

Les meir hjå Utdanning.

Nynorskpris til Sigrid Moldestad

Gloppen Mållag delte i helga ut målprisen sin til Sigrid Moldestad. Moldestad er musikar og får prisen for å nytta god nynorsk og dialekt i musikken sin. Særleg legg juryen vekt på at ho nyttar lokale dialektord.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Utfordringar for nynorsken

Den største utfordringa for nynorsken i dag er at mange unge vel vekk nynorsk etter at dei er ferdige på skulen, meiner kulturminister Anniken Huitfeldt.

Les meir hjå LNK.

Fylkeskommunen må ta språkleg ansvar

Sogn og Fjordane fylkeskommune må ta ansvar som nynorskbastion for å utvikla enkelt og klart byråkratspråk på nynorsk. I dag er den språklege kvaliteten langt frå god nok.

Les meir hjå LNK.

Nynorsken gjer at elevane fell av skolelasset

Viss opplæringa i sidemål startar på barneskulen, vil nynorskhatet starta tidlegare, og føra til at endå fleire elevar fell av skulelasset, skriv skriv Ane-Lin Strømholm, som ikkje ser nokon grunn til å plaga elevane med sidemålet meir.

Les meir hjå Aftenposten.

Spolerer vitnemålet

Eksamenskarakterane er klare, og med det fylgjer ei bylgje av anklager mot nynorsken. 260 elevar strauk i sidemål i Akershus. I staden for gjera undervisninga betre, bør me slutta å tvinga elevane til å læra eit språk dei ikkje har bruk for, skriv Nina Skyrud.

Les meir hjå Romerikes Blad.

Stor i ord, liten på jord

Høgskulane og universiteta er i stor grad samde om kva som må gjerast for å få på plass norsk terminologi, men det er smått med handling for å fylgja opp strategidokument og handlingsplanar, skriv Johan Myking.

Les meir hjå På Høyden.

Sidemålsopplæring i grunnskulen

Noregs Mållag meiner sidemålsopplæringa bør starta i grunnskulen. Det vil gje fleire positive haldningar og ungane vil læra raskare, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

Les meir hjå Nationen.

Pensumsjokk

Å læra både nynorsk og bokmål handlar om å oppretthalda to samfunnsberande språk i Noreg, skriv Kolberg Jansson, Askeland og Skjong i ein kronikk i Aftenposten. Då må òg norsklektorar ha opplæring i sidemålsdidaktikk.

Les meir hjå Aftenposten.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.