Arkiv
Nynorskskulen i Kamerun
Alle dei ni elevane på Den norske skulen i Kamerun nyttar nynorsk, og det same gjer lærarane. Skulen er ein privatskule med bokmål som hovudspråk.
Les meir hjå Det norske misjonsselskap.
Bokmålsfolket vil ikkje uttale seg
Den 29. september er det skulemålsrøysting i Vålen i Nord-Trøndelag. Bokmålsfolket, som tok initiativ til røystinga, vil ikkje uttale seg til media. Leiar i Ogndal Mållag er optimistisk.
Les meir hjå Trønder-Avisa.
Heidra for god nynorskbruk
Odd Nordstoga fikk Storegutprisen for god nynorskbruk i Vinje på laurdag.
Les meir hjå Vest-Telemark blad.
Nynorsk i digitalismens tid
Liv Marie Schou lèt elevane bruke Facebook og SMS i norsktimane - på nynorsk. Det er viktig for henne at elevane får lære der dei er.
Les meir hjå Dagbladet.
Miraklet i Rinkeby
Rinkebyskolan er ein av Sveriges beste skular, til tross for at elevane snakkar over 100 språk. Rektor Börje Ehstrand legg vekt på språkkunnskapar, deretter allmennkunnskapar og sosiale evner.
Les meir hjå NRK Verda.
Forskingsprosjekt om bergensk
Agnete Nesse skreiv doktogradsavhandlinga si om bergensk i 2002. Bergensk er ein særeigen dialekt i Noreg. No skal Marianne Nornes skrive masteroppgåve om korleis dialekten har endra seg.
Les meir hjå Byavisa.
Lomheim i Kringkastingsrådet
Sylfest Lomheim er oppnemnd av Kulturdepartementet til nestleiar i Kringkastingsrådet.
Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.
Mus og menn på samisk
No er John Steinbecks kjende bok og teaterstykke "Of Mice and Men" endeleg omsett til samisk. Nils Isak Eira har omsett "Sáhpánat ja olbmot". Ingor Antte Ailu Gaup og Egil Keskitalo speler hovudrollene i 17 forestillingar.
Les meir hjå Altaposten.
Dialekt er det luraste dei har gjort
Bandet Publiners song irske coverlåtar. Så byrja dei å skrive sine eigne songar på dialekt. Det er det luraste dei har gjort.
Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.
Krev samisk på myntane
Sametingsrepresentant Gunn-Britt Retter krev at dei norske myntane får samisk på seg, etter at Noregs Mållag kravde nynorsk.
Les meir hjå NRK Sámi Radio.
Fosse-arkivet er klart
Den 10. september er Jon Fosse-arkivert klart for bruk på Ivar Aasen-tunet. Her ligg forfattarens eige klipparkiv, korrespondanse, foto og anna.
Les meir hjå Vikebladet.
hjartesmil
Mariell Øyre skriv den mest leste nynorskbloggen. LNK har intervjua henne.
Les meir hjå LNK.
Vil ha nynorske myntar
Noregs Mållag vil at det skal stå Noreg og Norge på kvar mynt. Når 50-øringen går ut av sirkulasjon vil det berre vere éin mynt det står Noreg på i dag.
Les meir hjå Dagsavisen.
Kleiva opnar litteraturdagane
Rønnaug Kleiva skal opne Nynorske Litteraturdagar i oktober. Andre namn på plakaten er Jens Brekke, Ola Bremnes, Roy Aron Myklebust og Frode Grytten.
Les meir hjå Sogn Avis.
Lærer nynorsk i barnehagen
Barnehagane i Vindafjord får språkkort og bokpakker. Dei synest det er viktig å byrja språkopplæringa tidleg.
Les meir hjå Grannar.
Får ikkje elevlister
Camilla Ruhs ville gjerne at sonen skulle byrje i nynorskklasse på Bjølsen skule i Oslo. Skulen vil ikkje dele ut lister over kva målform elevane ønskjer.
Les meir hjå LNK.
Odd Nordstoga får Storegutprisen
Odd Nordstoga får Storegutprisen under litteraturdagane i Vinje.
Les meir hjå NRK Østafjells Telemark.
Lykkeleg samanslåing
Nynorsk kultursentrum slår seg saman med, og skal drive, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Olav H. Hauge-stiftinga er glad for erfaringa innan administrasjon og nynorsk som Nynorsk kultursentrum skal bidra med.
Les meir hjå Møre.


