nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

- Bokmål er mitt sidemål

– Eg kvakk fyrste gongen eg fekk spørsmålet: «Skal vi skrive på norsk eller nynorsk?» Når bokmål er norsk, kva er nynorsk da? Ein nynorskelev ville neppe ha spurt om han skal skrive på norsk eller bokmål, skriv lektor Liv Marie Schou i eit debattinnlegg.

Les meir hjå Aftenposten.

Amdam får kritikk for uthenging

Medan styret ved Høgskulen i Volda har utsett avgjerda om Aasen-instituttet si framtid, haustar rektor Jørgen Amdam kritikk for å hengja ut instituttleiar Stephen Walton i media. Ein av kritikarane er mållagsleiar Håvard Øvregård.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

Ynskjer mindre dialekt på TV

– Det har forbauset meg at ikke norsklærere har rykket ut mot den forflatning av det norske språk som daglig finner sted i norske media, skriv Otto Johannessen i eit lesarinnlegg.

Les meir hjå Dagsavisen.

Ny ordkrig om språkrådssaka

NRK-bloggen sin hevda avgått språkrådsleiar Magni Øvrebotten i førre veke at kulturministeren gjekk bak ryggen hennar. Kulturdepartementet hevdar på si side at Øvrebotten si framstelling av saka er feil.

Les meir hjå Adresseavisen.

Norvagisering slår ikkje an

– Så langt har Språkrådet mislyktes i sitt forsøk på å få oss til å ta i bruk den nye skrivemåten, seier fyrsteamanuensis Gisle Andersen om importord som har fått nye, norske skrivemåtar.

Les meir hjå forskning.no.

Volda-rektor til åtak på professor Walton

Rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam, er skuffa over kva professor Stephen Walton har utretta som styrar for det nedleggingstruga Ivar Aasen-instituttet.

Les meir hjå Dag og Tid.

Krev svar frå språkverstingar

NTNU får over helvta av alle klagene som gjeld manglande eksamensoppgåver på nynorsk. No krev Kunnskapsdepartementet svar.

Les meir hjå Universitetsavisa.

- Krasjar fullstendig med innhaldet

Spar og Eurospar marknadsfører lokalmat frå Sogn og Fjordane på bokmål. Det vekkjer reaksjonar, mellom anna frå fjærlandsbonden Knut P. Bøyum.

Les meir hjå Firda.

Satsar på nynorsk i barnehagane

Studentmållaget i Oslo har vitja studentbarnehagar for å lesa høgt og gje barnehagane nynorske barnebøker. Les saka i Universitas.

Medan barnehagane tok godt i mot Studentmållaget og bokgåvene, lèt Universitas-redaksjonen seg provosera av framstøyten. «Infiltrering», kommenterer Universitas på leiarplass.

Les meir hjå Universitas.

- Aasen-instituttet bør omorganiserast

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk Kultursentrum, trur ikkje mastergraden i nynorsk skriftkultur vert nedlagt, og meiner Aasen-instituttet bør organiserast annleis.

Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Vil fjerna sidemålsstilen

– Sidemålsstilen kveler ethvert forsøk på å presentere nynorsk som positivt, skriv Erling Petersen i eit lesarbrev.

Les meir hjå Utdanning.

Garborgsenteret er i gang

Onsdag 3. november går det aller fyrste arrangementet i Nasjonalt Garborgsenter av stabelen.

Les meir hjå Nasjonalt Garborgsenter.

Neste boka kjem på nynorsk

– Det er kjekt å prøva seg å skriva bokmål, men det er litt rart. Vert det ei neste bok, vert det nok nynorsk, seier Eli Kari Gjengedal, som er aktuell med boka Værtegn i Norge.

Les meir hjå Sogn Avis.

Ivar Aasen-instituttet er truga

Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda står i fare for å verta lagt ned. Leiinga ved høgskulen vil ikkje lenger ta opp studentar til mastergraden i nynorsk skriftkultur.

Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Elle-redaktør fekk nynorskpris

Nynorsk redaktørpris for 2010 er tildelt Signy Fardal, som er redaktør for motemagasinet Elle og Elle interiør. Ho mottok prisen under Dei nynorske mediedagane i Oslo i helga.

Les meir hjå LNK.

Full mållagsrulle i barnehagane

Noregs Mållag har starta kampanjeveker for barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor. Mållaget vitjar barnehagar landet over dei komande vekene.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Nynorsk språkhjelp

Nynorsk pressekontor har gitt ut ei handbok for journalistar i god og korrekt nynorsk.

Les meir hjå DagenMagazinet.

Østfold Venstre vil fjerna sidemålskarakteren

– For Aasen var ikke tvang noe alternativ i sidemålbruken, argumenterer Christian Holstad Lilleng, styremedlem i Østfold Venstre.

Les meir hjå Fredrikstadliv.

Huitfeldt-debatten rullar vidare

Diskusjonen om Anniken Huitfeldt og den tomme direktørstillinga i Språkrådet tek ikkje slutt. Huitfeldt haustar mykje kritikk, men får støtte frå redaktørplass i Aftenposten:

– Øvrebottens og de tre andre styremedlemmenes furtne reaksjon på at Huitfeldt benytter seg av sin selvfølgelige rett til selv å velge hvem hun vil ha, vitner om brå følelser og liten profesjonalitet, skriv Per Anders Madsen i Aftenposten.

Like støttande er ikkje Kristin Clemet: – Det er ikke første gang man i departementene fremviser elendige rekrutteringsprosesser, skriv ho på Kristin Clemets blogg.

Heidi Stakset er heller ikkje nådig: – Det er synd at vår opprinnelige språkdirektør og styrets medlemmer skal ødsles for en slik egenrådighet, skriv ho på Nyemeninger.no.

Også dei gjenverande i Språkrådsstyret får kritikk: – Min fulle honnør til de fire som valgte å forlate styret i protest. Jeg skjønner ikke hva som får de gjenværende til å bli, skriv Jan Landro i Bergens Tidende

Les meir hjå Bergens Tidende.

Vil fjerna Huitfeldt

– Når ein minister ikkje gjer jobben sin, så treng ikkje den personen å vere minister, seier målungdomsleiar Janne Nygård.

Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.