nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Dei nynorsk mediedagane er i gang

I dag opna Dei nynorske mediedagane med kåseri av Ottar Grepstad og nynorskkurs for journalistar.

Les meir hjå LNK.

- Huitfeldt bør gå!

– Språkpolitikken blir lidande når kulturministeren stikk kjeppar i hjula for tilsetjinga av ein ny språkrådsdirektør, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom. Ho meiner kulturminister Anniken Huitfeldt bør gå av.

Les meir hjå Driva.

Ser nynorsken som eit konkurransefortrinn

– Vi vil at folk skal vite at vi er stolte over å kome frå Sotra og at vi er stolte av å vere stril, seier Morten H. Sande. Han er dagleg leiar i Marthas Delikatesser, som marknadsfører seg på nynorsk.

Les meir hjå Bergen Næringsråd.

Berge hardt ut mot Huitfeldt

– Når statsråd Huitfeldt lyser ut stillingen som språkdirektør på nytt, må det være for å sikre seg at språkdirektørens ytringer i framtida knebles, skriv Kjell Lars Berge i ein kronikk i Dagbladet i dag.

Les meir hjå Dagbladet.

Mållaget ut mot e-bok-momsen

Noregs Mållag meiner momsfritak for elektroniske bøker er naudsynt for å sikra norskspråkleg litteratur i konkurranse med den engelske.

Les meir hjå Digi.no.

Hevdar Huitfeldt ikkje toler kritikk

Professor Kjell Lars Berge får truleg ikkje verta språkrådsdirektør likevel, då kulturminister Anniken Huitfeldt har lyst stillinga ut på nytt. Berge meiner nyutlysinga er ein hemnaksjon.

Les meir hjå Dagbladet.

Nynorsk Wikipedia rundar 60 000

Den nynorske utgåva av dugnadsleksikonet Wikipedia har passert 60 000 artiklar. Nynorsk.no gratulerer!

Les meir hjå Framtida.no.

Språkrådet smuldrar opp

Ytterlegare tre styremedlemer trekkjer seg frå styret i Språkrådet etter at kulturminister Anniken Huitfeldt lyser ut stillinga som språkrådsdirektør på nytt. Tidlegare i dag vart det klart at styreleiar Magni Øvrebotten trekkjer seg av same grunn.

Les meir hjå Møre.

Går av i protest mot Huitfeldt

Magni Øvrebotten trekkjer seg frå styreleiarvervet i Språkrådet. Det gjer ho etter at kulturministeren framleis ikkje vil tilsetja Kjell Lars Berge som ny språkrådsdirektør.

Les meir hjå Dagbladet.

Kom på haustkonferanse

Norsk Målungdom skipar til haustkonferansen «Makt og media» på Eidsvoll 5.-7. november. Ottar Grepstad, Liv Marie Schou, Jens Kihl og Janne Nygård er blant innleiarane, og på laurdagen er det sett opp tur til Eidsvollbygningen. Sjå meir og meld deg på på Makt og media-sida

Vinjefondet skal styrkje nynorsk

Vinjefondet har fått 800.000 kr til utdeling til nynorsktiltak i pressa. Nynorsk kultursentrum etterlyser kandidatar.

Les meir hjå Vikebladet.

Fikk autograf av Eldrid Lunden

Eldrid og Kåre Lunden vart heidra i Naustdal. Astrid Underlid (16) fikk autograf av poeten. Mellom 100 og 150 høyrde på historikarar og litteraturvitarar heldt føredrag. Ottar Grepstad frå Nynorsk kultursenter rosa kommunen for initiativet.

Les meir hjå Firda.

Held på dialekten i Trondheim

Trøndersk står sterkt hjå dei unge i Trondheim. For dei er dei gamle, klassebaserte språkskilja erstatta av eit felles bymål, viser forskning ved NTNU.

Les meir hjå forskning.no.

Kven tar ansvar for det samiske språket

Rektor ved Kautokeino barneskule meiner retten til samiske læremiddel må stå i Opplæringslova. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen meiner det er Sametinget sitt ansvar.

Les meir hjå NRK Sámi Radio.

Språkhandbok frå Nynorsk Pressekontor

Nynorsk Pressekontor skal gi ut ei språkhandbok, NPK-språket, under dei nynorske mediedagane. Boka for to delar, ein med 30.000 oppslagsord og ein med reglar for språkbruken.

Les meir hjå LNK.

Undervisning på engelsk utan norsk terminologi

Janne Nygård, leiar i NMU, meiner store mengder engelsk pengsum er ei utfordring for undervisningskvaliteten i høgare utdanning.

Les meir hjå Universitas.

Får ikkje fjerne a-endingane på Frogner

Bydelsutvalet på Frogner har vedtatt at a-endingane i gatenamna skal byttast ut med en-endingar. Sigfrid Tvitekkja, fungerande direktør i Språkrådet, seier at vedtaket ikkje er gyldig.

Les meir hjå NRK Austlandssendinga.

Nynorsk med Kristin

NTNU har laga eit nynorskkurs for internett, spelt inn av Kristin Fridtun. Det er delt i åtte leksjonar.

Les meir hjå NTNU.

Nynorskkurs på UiO

Arne Torp skal halde nynorskkurs på Universitetet i Oslo. Kurset går over fem tysdagar i oktober og november. Det er inga påmelding.

Les meir hjå Universitetet i Oslo.

Meir til samisk

Løyvinga til samiske språk aukar med 10 millionar kroner. 4,7 millionar skal gå til utvikling av eit elektronisk språkverktøy.

Les meir hjå rbnett.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.