Arkiv
VG kvesser tonen
Etter fyrst å ha teke saka med ro, kvesser VG ordbruken mot Målungdomen og den maskinelt omsette nynorskvg.no som vart lansert i går.
– Dette er først og fremst stofftjuveri, seier redaktør Espen Egil Hansen.
Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.
Målpris til Almås hotell
Almås hotell er tildelt Stord kommune sin målpris for konsekvent bruk av nynorsk i marknadsføringa.
Les meir hjå Sunnhordland.
Dagbladet reagerer, VG tek det med ro
Reaksjonane er delte etter at Målungdomen i dag la ut maskinomsette nynorskversjonar av VG og Dagbladet.
– Det er ganske grovt, og eg reagerer kraftig på dette, seier redaktør i Dagbladet, Lars Helle. I Akersgata er reaksjonen litt rolegare:
– Det er ikkje noko nytt. Eg meiner eg har sett utgåver på både koreansk og urdu, seier VG Netts Espen Egil Hansen.
Les meir hjå Framtida.no.
Riksaviser på nynorsk
Medan VG og Dagbladet framleis praktiserer nynorskforbod på redaksjonell plass, har Norsk Målungdom lansert tenestene nynorskvg.no og nynorskdb.no, som omset VG Nett og Dagbladet.no maskinelt til nynorsk.
Køyr på med grautmål
Forfattarane av boka "Grautmål" oppfordrar alle til å bruke sære dialektord. Boka er basert på eit radioprogram frå NRK Sogn og Fjordane, der lyttarane ringde inn og forklarte dialektord. Om me bruker dialektorda er norsk like ordrikt som engelsk, meiner forfattarane.
Les meir hjå NRK P2.
Mykje Facebook-sjekking på trøndersk
Ei undersøking frå Trondheim viser at to av tre brukar dialekt på Facebook, og at dialektbruken gjerne inngår i flørtemeldingar.
Les meir hjå forskning.no.
Sterke reaksjonar mot sidemålsåtak
– Frp angriper med dette kulturarven i nasjonen Norge, seier Ana López Taylor (R) om at Bamble-ordførar Jon Pieter Flølo (FrP) vil fjerna sidemålet.
Les meir hjå Telemarksavisa.
Gollegiella 2010 til Sárá og Magga
Máret Sárá og Lajla Mattsson Magga er tildelt den nordiske språkprisen Gollegiella for sine store engasjement for samisk språk.
Les meir hjå Sametinget.no.
Nytt styre i Språkrådet
Språkrådet har endeleg fått nytt styre, etter at størsteparten av det gamle styret trekte seg i protest tidlegare i haust.
– Eg er glad for at vi har fått på plass eit godt og kompetent styre for Norsk Språkråd, seier kulturminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.
– Vår jobb blir no å finne ein direktørkandidat med så brei støtte at statsråden vil følgje rådet frå oss, seier den nye leiaren Ottar Grepstad til NRK.
– Det kan virke som jeg går inn i et vepsebol, men jeg tror det blir spennende også, seier nyutpeikt styremedlem Sigrun Høgetveit Berg til Nordlys.
Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning, Regjeringa.no og Nordlys.
UiO slurvar med eksamensoppgåvene
Dei nynorske eksamensoppgåvene på Universitet i Oslo er fulle av feil og manglar. Studentmållagsleiar Jens Kihl fann sjølv 22 feil i éin oppgåvetekst.
Les meir hjå Universitas.
Kristne krev meir kyrkjenynorsk
– Eg trur ikkje alle klubbar og barnekora i Groruddalen hadde synst det var så greit å berre ha nynorsk materiell, seier prest Ingvald Frøyen, som etterlyser meir nynorsk i trusopplæringa.
Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.
- Respektlaust og provoserande
– Dei ansvarlege for dette må ha eit likegyldig og overflatisk tilhøve til norsk språk, seier Oddbjørg Hellebø Klævold etter at vegvesenet skilta den nye gang- og sykkelvegen på Kyrkjebø med bokmålsskilt.
Les meir hjå Høyangerportalen.
Nytt liv i Flora Mållag
Medan nynorsken har styrkt seg i Flora kommune dei siste åra, har det lokale mållaget hatt laber aktivitet. No skal aktiviteten i gang igjen med eit ope møte, der mellom andre Helga Hjetland frå mållagsstyret kjem.
Les meir hjå Firdaposten.
Nynorsk teiknefilm i kveld
I kveld (måndag) viser NRK Super den nynorske teiknefilmen Jakob og Neikob. Filmen er teikna og produsert i Volda.
Les meir hjå Sunnmørsposten.
Sidemålskrøll i Finnmark
Ei lovendring frå 2009 har førd til at elevar som hadde samisk som sidemål i grunnskulen får nynorsk som sidemål på vidaregåande. Finnmark fylkeskommune har fyrst no funne ut at det fylgde ei overgangsordning med lovendringa.
Les meir hjå NRK Sámi Radio.
Målrosprisen til Hallstein Dvergsdal
Jølster Mållag har delt ut Målrosprisen for 2010, og vinnaren i år er skribenten, forfattaren og nettsamfunnsredaktøren Hallstein Dvergsdal.
Les meir hjå Firda Tidend.
Mållagsblad fyller 75
Det nynorske julebladet Jul i Trøndelag, som vert gjeve ut av Trønderlaget, har vore ein tradisjon sidan 1935. No er årets utgåve klar, med både nye og kjende skribentar.
Les meir hjå NaboNytt.
Blix-prisen til Kjersti Kollbotn
Debutanten Kjersti Kollbotn fekk i helga Blix-prisen 2010 for boka Eg er mamma, eg skal vere god. Prisen vart delt ut under Nordnorsk bokdag i Harstad.
Les meir hjå NRK Troms og Finnmark.
Nynorsksuksess på Nordmøre
I tre år har Nordmøre Mållag drive eit prosjekt å fremja nynorsk i barnehage, skule, kommunar og aviser. No er prosjektrapporten klar, og resultata er opplyftande.
Les meir hjå Aura Avis.
Driva-redaktør fekk målpris
– Det er viktig at lokalavisa balanserer og respekterer lesarane gjennom skriftspråket, sa Driva-redaktør Ole Petter Pedersen etter å ha fått Nordmøre Mållag sin målpris.
Les meir hjå Driva.


