nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Språkheider til Sælthun Fjørtoft

Ragnhild Sælthun Fjørtoft, mangeårig kanalvert og nynorskpådrivar i NRK, har fått Kringkastingssjefens språkpris for 2010.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Har forska på pronomen

Øystein A. Vangsnes har forska på pronomen i andre person fleirtal i norske dialektar. Det er mange ulike former, men Ivar Aasen valde objektforma dykk. Det er ein fellesnemnar for alle formene.

Les meir hjå forskning.no.

Trur «isje» kj-lyden forsvinn

Språkprofessor Inge Særheim registrerer at sj-lyden mange stader tek over for kj-lyden, men han trur ikkje at sistnemnde kjem til å forsvinna i skrift.

Les meir hjå NRK Rogaland.

Parr får prestisjepris

Barnebokforfattar og sjølverklært nynorskhooligan Maria Parr er tildelt tyske Die Zeits prestisjetunge LUCHS-pris for boka Tonje Glimmerdal.

Les meir hjå Dagbladet.

Målkipo til Jon Severud

Forfattaren Jon Severud har fått Sotra mållags heidersutmerking Målkipo. Severud har hausta mykje gode kritikkar for boka om gjenreisa i Aasmund O. Vinjes fotspor.

Les meir hjå Vestnytt.

UDI fekk Klarspråkprisen

Utlendingsdirektoratet (UDI) er tildelt Klarspråkprisen for 2010. I grunngjevinga får direktoratet skryt for velskrivne og forståelege tekstar på både bokmål og nynorsk.

Les meir hjå Regjeringa.no.

Ynskjer færre norskkarakterar

Kjersti Solbu, dagleg leiar i Landslaget for norskundervisning, meiner gjeninnføring av obligatorisk sidemålseksamen kan opna for å redusera talet på norskkarakterar. I dag får elevane tre karakterar i norsk.

Les meir hjå Byavisen.

Hovden på haustfest

Asker Mållag og Bærum Mållag skipar til haustfest på Asker museum i kveld, og der kjem Karl Anders Hovden for å halda føredrag om bestefar sin, diktarpresten Anders Hovden.

Les meir hjå Budstikka.

Lovar enklare nynorsk

Grete Riise, leiar for nemnda som utarbeider framlegg til ny rettskriving for nynorsken, varslar innstrammingar i dei valfrie formene.

Les meir hjå Aftenposten.

Språkprotestar i Kina

Tibetanske studentar protesterer mot at Kina forbyr dei å bruka tibetansk på skulen. Organisasjonen Free Tibet hevdar kinesiske styresmakter prøver å utrydda det tibetanske språket.

Les meir hjå Universitas.

Rammsund går mot slutten

Nynorskbandet Rammsund, som i ei årrekkje har spelt Rammstein-låtar på nynorsk, er snart historie. Rammsund speler den siste konserten sin i april neste år.

Les meir hjå Heavymetal.no.

Seljord er årets nynorskkommune

Årets nynorskkommune 2010 er kåra, og vinnaren er Seljord kommune i Telemark, som får prisen mellom anna for godt språkarbeid i barnehagane. Nynorsk.no ynskjer til lukke!

Les meir hjå Nationen.

Har laga bok om klarspråk

Språkrådet har utarbeidd boka Klarspråk i praksis, som er spesielt tilpassa tilsette i offentleg sektor.

Les meir hjå Språkrådet.

Langar ut mot høgskuletoppar

Rektor Jørgen Amdam og dekanus Sverre Liestøl får knallhard kritikk i samband med striden om Ivar Aasen-instituttet.
– Min hypotese er at rektor lyg, og at Liestøl er dum og finn på ting, meiner journalist Jon Hustad.

Les meir hjå Journalisten.

Får pengar til Språkåret 2013

Nynorsk kultursentrum har fått 700 000 statlege kroner til å planleggja Språkåret 2013. Direktør Ottar Grepstad lover at Språkåret 2013 skal verta noko «ingen har sett maken til».

Les meir hjå Utdanning.

Meiner nynorskmiljøet er eit kvefsebol

Høgskulerektor Jørgen Amdam hevdar at nynorskmiljøet i Volda er fullt av lite samarbeidsviljuge hovdingar med sterke meiningar.

Les meir hjå Nærnett.

Fylkesvise skilnader i målbytet

Medan dei fleste elevane ved Firda vgs i Sogn og Fjordane held på nynorsken, er målbytet langt større ved Fagernes vgs i Oppland.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Språkpris til Aasen og Hellesnes

Forskarane Elisabeth Aasen og Jon Hellesnes mottek i dag Språkprisen for 2010. Utdelinga skjer under Språkdagen i Oslo konserthus.

Les meir hjå Språkrådet.

Lagar og syng tekstar på norsk

Bokprogrammet i kveld handlar det om musikk på norsk, og mellom gjestene er Lars Vaular, Odd Nordstoga og Bjørn Eidsvåg, som alle brukar dialekt i songtekstane sine.

Les meir hjå NRK .

Falturiltu-festivalen er i gang

Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu opna i går. På programmet står mellom andre den tungt prislønte barnebokforfattaren Maria Parr.

Les meir hjå LNK.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.