nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

God jul!

Nynorsk.no-redaksjonen tek ferie fram til utpå nyåret, så eventuelle oppdateringar i jula kjem til å vera sporadiske. I mellomtida vil me ynskja alle god jul og eit retteleg godt nyttår – og så sest me igjen med daglege nyhende frå nynorskverda i 2011!

Ynskjer moms på bokmålsfundamentalisme

– Aviser som nektar bruk av begge målformer burde mista pressestøtta, både når det gjeld direkte pressestøtte eller momsfritaket, skriv Framtida-redaktør Svein Olav B. Langåker.

Les meir hjå LNK.

Nynorskkurs i Granvin

Granvin herad i Hardanger inviterer til nynorskkurs for tilflyttande framandspråklege.

Les meir hjå Granvin herad.

Kjøpesenter får målpris

Alversund Mållag har delt ut den fjerde målrosa i rekka, og denne gongen gjekk prisen til Knarvik senter for god bruk av nynorsk i marknadsføringa.

Les meir hjå Strilen.

Held godt på strilamålet

– Kallar nokon oss bønder på grunn av dialekten, seier me tusen takk, seier dei unge strilane Jasmin Muratovic, Henrik W. Berg og Joar Erstad Bø.

Les meir hjå Strilen.

Saknar oppfylgjing av språkmeldinga

Mållagsleiar Håvard B. Øvregård meiner stortingsmeldinga Mål og meining har fått for lite å seia for den delen av politikken som ikkje er i hovudsak språkpolitisk.

Les meir hjå LNK.

Lars Vaular får Dialektprisen

Bergensrapparen Lars Vaular er tildelt Dialektprisen for 2010. Prisen vert delt ut kvart år av Norsk Målungdom, og Vaular er no i selskap med mellom andre Eli Kari Gjengedal og P3-duoen Are og Odin.

Les meir hjå NRK Hordaland.

Nynorsk-rap på Oslo-skule

Elevar ved medielina på Elvebakken videregående skole i Oslo har boltra seg med nynorsken, og det har mellom anna resultert i ein nynorsk-rap med tilhøyrande musikkvideo.

Les meir hjå Framtida.no.

Kallar bokmålet «wannabe norsk»

– At målforma mi blir kalla «nynorsk», har alltid irritert meg, skriv Hardanger-aktivist Synnøve Kvamme, som meiner namnet får nynorsken til å sjå ut som noko nytt og framandt.

Les meir hjå Framtida.no.

Hareide har trua på nynorsken

– Eg trur nynorsken vil stå seg godt i åra framover. Det å lære seg begge språka gjer ein tryggare og betre innan begge målformene, seier Knut Arild Hareide, som truleg vert ny leiar i KrF.

Les meir hjå LNK.

Strid om skulenamn på Agder

Fleire politikarar i Aust-Agder ynskte å kalla opp den samanslegne skulen i Åmli og Tvedestrand etter Knud Knudsen, men framlegget fall, då fleirtalet meinte det ville vera ein provokasjon mot nynorskfolk i Åmli.

Les meir hjå NRK Sørlandet.

Språklæring med svanemerke

Det fyrste svanemerkte, norskproduserte leiketøyet – «Troll i ord» – er på veg ut på marknaden. Leiketøyet skal mellom anna styrkja språklæringa for born.

Les meir hjå Stiftelsen Miljømerking.

Gåvmild biblioteksjef

Biblioteksjefen i Masfjorden har gjeve ei nynorsk barnebok i gåve til alle nyfødde i kommunen. Han håpar borna snart kjem tilbake som lånarar.

Les meir hjå Masfjorden kommune.

Bokdryss i Sykkylven

Barnehagane i Sykkylven kommune får i dag utdelt ei førjulsgåve frå Mållaget i form av nynorske barnebøker.

Les meir hjå Sykkylven kommune.

- Nynorsk er ubrukeleg

I eit lesarbrev skriv Thale Julsrud og Fredrik Bakke at nynorsk er ubrukeleg for dei som har andre ambisjonar enn å verta journalist i lokalavisa Hallingdølen.

Les meir hjå Aftenposten.

Herøy-borna fekk nynorskbøker

Med Sparebanken Møre og Blåmann barnebokklubb på laget har Herøy Mållag delt ut 130 nynorske barnebøker til barnehagane i kommunen.

Les meir hjå Herøy kommune.

Kartlegg nynorskkommunar

Nynorsk kultursentrum, Språkrådet og Landssamanslutninga av nynorskkommunar har byrja kartleggja nynorskkommunane. Dette gjer dei for å finna ut kva språklege behov desse kommunane har.

Les meir hjå LNK.

Ny norsk bibelomsetjing

Den 8. desember vart den nye norske bibelomsetjinga godkjend av Bibelselskapet. Den kjem på nynorsk og bokmål i oktober neste år. Mellom andre Jon Fosse og Karl Ove Knausgård har hjelpt til.

Les meir hjå rbnett.

Radøymålet held stand

Radøy-ungdomen er flinkast i Nordhordland til å halda på dialekten. Språkprofessor Johan Myking trur det har med lokal kultur og avstanden til byen å gjera.

Les meir hjå Strilen.

Skavlan får nordisk språkpris

Programleiar Fredrik Skavlan er tildelt Foreningen Nordens språkpris. Skavlan får prisen for å ha skapt medvit om den skandinaviske språkfellesskapen.

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.