Arkiv
Juleverkstad i Aasentunet
Det vart nynorsk julestemning med song, høgtlesing og julekort då over hundre og femti små og store tok turen til juleverkstad hjå Nynorsk kultursentrum i Ivar Aasen-tunet.
Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.
Hauge-senteret kostar 21 millionar
Olav H. Hauge-senteret i Ulvik treng 21 millionar kroner frå offentlege og private kjelder for å koma i full drift.
Les meir hjå Avisa Hordaland.
L-eville reaksjonar mot NRK-tilsett
Nyhendeopplesar Kari Bækken Larsen har fått mange – og til dels ganske sterke – reaksjonar på språkføringa. Larsen bruker mellom anna a-endingar og tjukk l.
Les meir hjå NRK P2.
Vil ha nynorsk i trusopplæringa
– Mykje av det materiellet som vert brukt i trusopplæringa ikkje tilgjengeleg på nynorsk i dag, seier Wenche Haugen Havrevoll, som har vore med og starta aksjonsgruppa «Språkleg rettferd i kyrkja».
Les meir hjå Suldalsposten.
Målungdomen vinn heltekåring
Raud Ungdom har kåra Norsk Målungdom til «Ukas helt» for å ha laga nynorske utgåver av Dagbladet.no og VG Nett. «Norsk Målungdom har satt fokus på denne saken på en ypperlig måte», heiter det i grunngjevinga.
Les meir hjå Raud Ungdom.
Tospråkleg skilting i Tromsø
Tromsø kommune vert etter alt å dømma innlemma i det samiske forvaltingsområdet neste år, og då skal byen verta skilta på både samisk og norsk.
Les meir hjå iTromsø.
Instituttet forsvinn, studiumet får leva
Mastergradsstudiumet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda ser ut til å få leva vidare, men vil i så fall gjera det under ei anna avdeling, sidan Ivar Aasen-instituttet truleg vert nedlagt.
Les meir hjå Møre.
Nynorsk nedgang i Gudbrandsdalen
Familien Skundberg flyttar frå Dovre for at ungane skal få bokmål som hovudmål, medan det vert færre nynorskelevar i Sel. Lokalavisa rettar skytset mot kommunane:
– Om den finnes, hvor gjemmer språkpolitikken seg i kommunene våre?, spør Vigga på leiarplass.
Les meir hjå Vigga.
Nynorsk adventskalender
Ivar Aasen-tunet har lansert ein adventskalender med tunkatten Lurivar. Kalenderen finst både på nett og papir.
Les meir hjå Vikebladet.
Sidemålsparadoks på UiT
Lærarstudentar ved Universitet i Tromsø lærer mykje om mappeevaluering og IKT, men får sekstimarseksamen på papir når dei skal opp i sidemål.
– Er det på denne måten universitetet vil inspirere oss til å bruke IKT og underveisvurdering i eigen praksis, spør student Kjersti Braathen.
Les meir hjå Utdanning.


