nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Musikklag får målpris

Eikanger Bjørsvik Musikklag har fått målprisen av Alversund Mållag. Musikklaget fekk prisen for konsekvent bruk av nynorsk i marknadsføringa.

Les meir hjå Nordhordland.

Mållaget gratulerer Seljord

Seljord kommune, som vart kåra til Årets nynorskkommune 2010, fekk både heider og bokgåve av Noregs Mållag då nestleiar Jens Kihl kom på vitjing.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Ny kontorpakke på nynorsk

Den nye kontorprogrampakken LibreOffice er lansert, og til liks med konkurrentane OpenOffice og Microsoft Office er nykomaren også tilgjengeleg i nynorsk utgåve.

Les meir hjå Hardware.no.

Unge vil ha reklame på norsk

Motstanden mot engelsk i reklame og marknadsføring hjå unge har nesten dobla seg på berre eitt år. Frå 2009 til 2010 steig motstanden frå 25 til 47 %.

Les meir hjå Kampanje.

Utan direktør i eitt år

Språkrådet har leitt etter nye direktør i over eitt år, men kulturminister Anniken Huitfeldt vil ikkje lova at ein ny direktør snart er på plass.

Les meir hjå Aftenposten.

FpU vil kutta sidemålet

Petter Kvinge Tvedt, sentralstyremedlem i FpU, meiner at sidemålet må gjerast friviljug for å hindra at nynorsken forsvinn.

Les meir hjå Framstegspartiets Ungdom.

Garborgfeiring på Jæren

Medan Stavanger Høgre førebudde presseutspel om å fjerna sidemålet, feira elevane ved Undheim skule - ein halvtime sør for Stavanger - 160-årsdagen til Arne Garborg med fakkeltog, blomar og diktlesing.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Vil fjerna sidemålet

Redaksjonskomiteen i Stavanger Høgre føreslår å gjera sidemålet valfritt i Stavanger. Bystyrerepresentant Odd Jo Forsell meiner sidemålsressursane bør brukast til hovudmål, matte og framandspråk.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Nye forseinkingar for Språkrådet

Kulturdepartementet har framleis store problem med å finna kandidatar til stillinga som direktør for Språkrådet. Dei utvidar derfor søknadsfristen med nesten fire veker.

Les meir hjå Nationen.

Hjetland på Florø-tur

I morgon onsdag vitjar Helga Hjetland, styremedlem i Mållaget, to barnehagar i Florø. Vitjinga er ein del av storsatsinga Gjennom ord blir verda stor.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Mållag lokkar med nynorskpremie

Det kan verta lønsamt med nynorsk og dialekt for dei som deltek i Ungdommens Kulturmønstring på Stranda og i Sykkylven. Sykkylven Mållag lokkar nemleg med pengepremie.

Les meir hjå Sunnmøringen.

Docs.com skjønar berre bokmål

Dokumentdelingstenesta Docs.com, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Microsoft og Facebook, har støtte for 30 språk. Mellom desse finn me bokmål, men ikkje nynorsk.

Les meir hjå Teknofil.

Udir svarer om hovudmålet

På spørsmål frå Riksmålsforbundet svarer Utdanningsdirektoratet at elevar som vert overførd til ein annan grunnskule har rett til å halda på hovudmålet.

Les meir hjå Utdanningsdirektoratet.

Inviterer til skrivetevling

Valdres Mållag inviterer barn og ungdom til å skriva eit lesarinnlegg på dialekt eller nynorsk. Til vinnarane vankar det pengepremiar.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Årets nynorskbok 2010 er kåra

Ungdomsromanen Fengsla av Hilde K. Kvalvaag er kåra til Årets nynorskbok 2010. Kvalvaag stakk av med sigeren i konkurranse med mellom andre Carl Frode Tiller og Ottar Grepstad.

Les meir hjå Samlaget.

Éin nynorsksong i lokal Grand Prix

I kveld går den lokale Melodi Grand Prix-finalen i Florø av stabelen. Då vert 16-åringen Erlend Bolstad frå Hafslo den einaste som syng på heimemålet.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Like namn skapar problem

For like stadnamn og gatenamn skapar problem for politiet når dei skal rykkja ut. I Bergen måtte politiet senda patrulje til både Vågsbotn og Vågsbunnen for å vera på den sikre sida.

Les meir hjå NRK Hordaland.

Mykje dialekt i tekstmeldingar

Unge mellom åtte og fjorten år brukar mykje meir dialekt enn engelsk i tekstmeldingar. Det viser ei ny undersøking frå NTNU i Trondheim.

Les meir hjå Fjuken.

Fryktar vestlandsnynorsk

– Forslaget om å innføre ei normering som tek «særlege omsyn til dei nynorske kjerneområda» vil skape større framandkjensle overfor nynorsk utanfor vestlandsfylka, skriv Vidar Mohn i eit lesarbrev.

Les meir hjå Aftenposten.

Lanserer målreisingsbok

Fyrsteamanuensis og tidlegare mållagsleiar Oddmund L. Hoel, lanserer ei ny bok om norsk målreising. Boka byggjer på Hoels doktoravhandling om same emne.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.