nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Allkunne trekkjer søksmålet

Allkunne trekkjer søksmålet mot Wikipedia. Det kunne Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, kunngjera under Wikipedia si 10-årsfeiring på Litteraturhuset i helga.

Les meir hjå VG-bloggen Digital.

Vil ha sidemålsbetring

– Både bokmål og nynorsk vør i større grad integreres i andre skolefag enn norsk, slik at elevene blir eksponert for begge målformer gjennom hele skolegangen, meiner sentralstyret i Unge Venstre.

Les meir hjå Unge Venstre.

Ynskjer eit norskfag for framtida

Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, meiner norskfaget treng ei kvessing av innhaldet, med meir fokus på lesing, skriving og språk, og mindre på emne som filmadaptasjon og journalistikk.

Les meir hjå Framtida.no.

Heskestad utnemnd til riddar

Kongen har utnemnd Audun Heskestad til riddar av St. Olavs orden. Heskestad får utmerkinga for sin lange innsats for nynorsk skriftkultur.

Les meir hjå Kongehuset.

Nynorskdag i Oslo

Høgskulen i Volda, Norsk Ordbok 2014 og Universitet i Oslo inviterer til Nynorsk fagdag i Oslo 18. februar. Der skal mellom anna den nye boka til Oddmund L. Hoel lanserast.

Les meir hjå Høgskulen i Volda.

Dialektkveld på Rennebu

Rennebu Historielag, Rennebu Mållag og Rennebu kommune inviterer til dialektkveld i kommunestyresalen 28. januar. Trøndermålsekspert Stian Hårstad held innleiing.

Les meir hjå Rennebu kommune.

Nynorsk i VG

Papirutgåva av VG trykte i dag ein artikkel om sidemål og norskfaget på nynorsk. Men det vert ingen vane, skal me tru redaktør Bernt Olufsen.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

Vil ha sidemålseksamen i 2. klasse

Forum for norskfaget vil slå saman dei tre karakterane i norsk, og med det same flytta sidemålseksamen frå 3. til 2. trinn på vidaregåande. Kunnskapsminister Halvorsen er usikker, medan NMU-leiar Janne Nygård fryktar nedprioritering av sidemålet.

Les meir hjå Framtida.no.

Departementet tek sjølvkritikk

Departementa bryt mållova støtt og stadig når dei sender skriv til nynorskkommunar. No innrømmer Kulturdepartementet at dei har ein jobb å gjera.

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

Premiere i Hauge-senteret

Det vert premiere i Olav H. Hauge-senteret i Ulvik torsdag 13. januar, då Nynorsk kultursentrum inviterer til gratisarrangement.

Les meir hjå Haugesenteret.

Strid om tospråkspengar

Tysfjord kommune er ikkje nøgde med Sametingsrådet sitt framlegg til nye fordelingsreglar for tospråkstilskot. Tysfjord er den einaste lulesamiske kommunen i det samiske forvaltingsområdet.

Les meir hjå NRK Sámi Radio.

Fekk dialekt til jul

Svein Børtveit frå Leiknes har samla 97 sider med dialektord. Ordsamlinga har han gjeve til ungane sine i julegåve.

Les meir hjå Strilen.

Får ikkje bruka eksamenssvar

Språkrådet får ikkje lov å bruka eksamenssvar frå vidaregåande skule til å kartleggja nynorskbruken mellom unge. Utdanningsdirektoratet meiner det vil vera i strid med åndsverklova og personvernet.

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

Nynorsklaget ut mot Kongsbakken

Kongsbakken vgs får knallhardkritikk frå Nynorsklaget for å ha sett i gang eit prøveprosjekt med samlekarakter i norskfaget.

Les meir hjå iTromsø.

Lyser ut nynorskstipend

Noregs Mållag lyser ut to stipend på 50 000 kroner, som skal gå til å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Er stolte av dialekten

Kjendisar frå Drammensområdet slår tilbake mot dialekthetsinga som mellom andre NRK-journalist Kari Bækken Larsen har vorte utsett for.

Les meir hjå Drammens Tidende.

Årets nynorskbok-kåringa er i gang

Dag og Tid inviterer lesarane til å vera med og røysta fram den beste nynorskboka i 2010 mellom ti utvalde kandidatar.

Les meir hjå Dag og Tid.

Austlandsdialekt provoserer

Folk frå Eiker som bruker dialekten sin risikerer mykje negative tilbakemeldingar. Radiojournalist Kari Bækken Larsen har fått høyra at ho snakkar «AKP-m-l-språk», «stygt» og «feil».

Les meir hjå Drammens Tidende.

Samnorskpris til Syvertsen

Forfattaren Håvard Syvertsen er tildelt Språklig samlings litteraturpris. Prisen er på 25 000 kroner, og har vorte delt ut 39 gonger tidlegare.

Les meir hjå Bok & samfunn.

Stor interesse for språkkurs

STUP og NTB skipar til språkkurs for journalistar og redaksjonsmedarbeidarar over heile landet, og til no er ikkje mindre enn 120 påmelde.

Les meir hjå NTB Info.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.