nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Rasar mot valfritt sidemål

– Framlegget om valgfritt sidemål i Stavanger er like falskt og uærlig som argumentasjonen bak, seier Vebjørn Sture til forslaget frå Framstegspartiet i Stavanger.

Les meir hjå Rogalands avis.

Muruvik Vonen ny språkdirektør

Tidlegare direktør for Språkrådet, Sylfest Lomheim, har endeleg fått ein etterfylgjar. Den nye direktøren er pedagogikkprofessor Arnfinn Muruvik Vonen, som visstnok også er ein språkmektig mann.

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

Full nynorskstrid på Bøler

Reaksjonane har ikkje late venta på seg etter at Bøler kirke vraka utsmykningskunsten til Paal-Helge Haugen fordi det var på nynorsk. Mållagsleiar Håvard B. Øvregård trur ikkje sine eigne øyre, og Riksmålsforbundsleiar Trond Vernegg er «bestyrtet».

Les meir hjå og Vårt Land.

- Eitt folk, eitt språk

– Vi har en nasjon som heter Norge og vi har ett folk og vi har primært et hovedspråk, seier Terje Hansen i Sør-Varanger Frp. Han meiner det er tull å blanda samisk inn i skiltdebatten.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Opnar for fleirspråkleg skilting

Knut Hågensen i Statens vegvesen opplyser om at kven som helst kan søkja om stadnamnskilt på samisk eller kvensk. Kriteriumet er at stadnamnet finst i Kartverket sitt register.

Les meir hjå iTromsø.

- Kutt obligatorisk sidemål

– Større fokus på hovedmålet vil minske andelen av elever som går ut av skolen uten å kunne lese og skrive ordentlig, meiner Kristine Moen Solli i Nittedal FpU.

Les meir hjå Varingen.

Målpris til fotballskribent

Einar Orten Trovåg er tildelt Hareid Mållag sin målpris for 2011. Trovåg er redaktør og skribent for Hareid Idrettslag si fotball-nettavis.

Les meir hjå Vikebladet.

Målpris til Ulstein Group

Ulstein Group er tildelt Ulstein Mållag sin målpris for 2011. Mållaget er særs nøgd med nynorskbruken til Ulstein Group, som er mellom tungvektarane i det lokale næringslivet.

Les meir hjå Vikebladet.

Krev kvensk handlingsplan

Norske Kveners Forbund meiner at kvensk språk burde fått ein eigen handlingsplan etter same mal som den nye handlingsplanen for samiske språk.

Les meir hjå Ságat.

Hotel Union får målpris

Sunnmøre Mållag, som deler ut målprisen sin annakvart år, har i år vedteke å gje prisen til Hotel Union Geiranger. Hotellet har tidlegare fått reiselivsprisen for Møre og Romsdal.

Les meir hjå Sunnmøringen.

Nynorsk-kunst avvist i Oslo-kyrkje

Då Paal-Helge Haugen leverte fyrsteutkastet til kyrkjeutsmykking for Bøler menighet, fekk han klår melding om at inskripsjonar på nynorsk ville «virke fremmed og unaturlig».

Les meir hjå Vårt Land.

Vil fjerna sidemålet i Stavanger-skulen

På måndag vil Atle Simonsen (FrP) prøva å få med seg Stavanger bystyre på å senda ein søknad om eit forsøk med valfritt sidemål i ungdomsskulane i kommunen.

Les meir hjå Rogalands avis.

Horvei fekk målpris

– Reidun Horvei er ein svært nøyen språkbrukar, og brukar alltid nynorsk, sa Turid Nesheim, leiar i Ullensvang Mållag, då folkemusikaren Horvei vart tildelt Målprisen for 2011.

Les meir hjå Hardanger Folkeblad.

Dag og Tid oppsummerer normeringsmøtet

– Det er ein nynorsk som ikkje er sjåvinistisk, bygdeorientert, provinsiell, tilbakeskodande, men som satsar på å gje eit samla inntrykk av det som er norsk språk i dag, sa Edvard Hoem om si eiga språkføring under normeringsmøtet sist måndag.

Les meir hjå Dag og Tid.

- Ungar lærer språk best

– Vaksne som trur at dei minste berre kan læra eitt språk om gongen, tek feil. Det kunne leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, fortelja då han var på barnehagevitjing i Suldal.

Les meir hjå Suldalsposten.

Vonar ungane snakkar som andre ungar

Stipendiat Edit Bugge har sett på språkleg sosialisering i familiar, og funne ut at foreldre flest er meir opptekne av at ungane snakkar som andre ungar enn at dei snakkar den lokale dialekten.

Les meir hjå forskning.no.

Føreslår reorganisering av norskfaget

– Ett av problemene med norskfaget i den videregående skolen er at det ikke er ett fag, men en samling av mange emner under det vage skiltet "Skrive og snakke", skriv lektorane Asbjørn Holm og Helene Fæste.

Les meir hjå Utdanning.

Vil fjerna nynorsken i NRK

– Nå som dette konstruerte språket er i ferd med å dø en naturlig død, intensiverer NRK sin innsats for å holde liv i nynorsken, kan me lesa i det som tilsynelatande er eit usignert lesarinnlegg på Kommentar2.

Les meir hjå Kommentar2.no.

Målprisar på Sunnmøre

I morgon skal både Hareid mållag og Ulstein mållag ha årsmøte, og båe laga skal då dela ut sine respektive målprisar. I tillegg kjem Grete Riise på vitjing til Hareid, medan Guri Aasen gjestar Ulstein mållag.

Les meir hjå Vikebladet.

Nygård til UNESCO

Dei norske ungdomsrepresentantane til årets samlingar i Dei sameinte nasjonane (SN) er klare. Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, er valt som utsending til UNESCO.

Les meir hjå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.