nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Bodø feirar Blix

I morgon 24. februar er det 175 år sidan Elias Blix vart fødd. Bodø kommune vil feira salmediktaren i heile 2011, og planlegg å etablera eit Elias Blix-senter i kommunen.

Les meir hjå Utdanning.

Høgskole får nynorsknamn

Norges Handelshøgskole har teke i bruk Noregs Handelshøgskule som offisielt namn på nynorsk. Den nye namnevarianten kjem etter påtrykk frå Språkrådet.

Les meir hjå Paraplyen.

Kveldsseminar om målbyte

I kveld inviterer Universitetet i Tromsø til seminar om kvifor og korleis skulestyret i Bjarkøy valde bort nynorsk som opplæringsmål for elevane i 1955.

Les meir hjå Universitetet i Tromsø.

Buskerudelevar vil fjerna sidemålet

Elevorganisasjonen i Buskerud vil setja i gang ein underskriftskampanje for å få i gang forsøk med valfritt sidemål på vidaregåande skular i Buskerud.

Les meir hjå Buskerud fylkeskommune.

Skippar vil verta språkdirektør

Fiskeskipparen Kim Bjarne Rosenkrone er ein av dei nye søkjarane til stillinga som direktør for Språkrådet. Rosenkrone har reist mykje og meiner han er godt kjend med norske dialektar.

Les meir hjå Firda.

Dag og Tid vart opplagsvinnar

Den nynorske vekeavisa Dag og Tid er mellom opplagsvinnarane for 2010. Avisa hadde ein opplagsauke på over 10 % i året som gjekk, og marknadssjef Ola Relling trur på framleis vekst i 2011.

Les meir hjå Dag og Tid.

Det skal framleis heita Noreg

Stortingsrepresentant Gunn Karin Gjul (Ap) er ikkje imponert av Riksmålsforbundet si innblanding i debatten om nynorskrettskrivinga. Gjul meiner «Noreg»-namnet er eit viktig symbol.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

4 av 5 Bø-born skriv bokmål

– Selv barn som snakker dialekt, velger bokmål. Kanskje er det miljø. Kanskje er det foreldre som ikke motiverer nok, resonnerer kulturredaktør Anne Spånem.

Les meir hjå Varden.

Meir skryt til Norsk Ordbok

Band 9 av Norsk Ordbok vart lansert på Det Norske Teatret i går, og bandet får hemningslaus skryt av språkspaltisten Kristin Fridtun. No står berre tre band igjen før prosjektet er ferdig.

Les meir hjå Dag og Tid.

Nynorsken på veg inn i Trondheim

Foreldre på Byåsen i Trondheim ynskjer nynorsk som opplæringsmål for ungane sine, og har starta arbeidet med å få oppretta ein eigen nynorskklasse til hausten.

Les meir hjå Adresseavisen.

Riksmålsforbundet vil skriva «Norge»

Riksmålsforbundet har, kanskje noko overraskande, kasta seg inn i diskusjonen om den nye nynorskrettskrivinga. Dei meiner det no bør verta lov å skriva «Norge» på nynorsk.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Fram og tilbake for Østfoldmålet

Østfolddialekten tapar terreng i munnleg bruk mellom ungdomar, men er samstundes på frammarsj i den same målgruppa når det gjeld kommunikasjon over Internett.

Les meir hjå Fredriksstad Blad.

Nye søkjarar til Språkrådet

Etter nok ei forlenging av søknadsfristen, er endeleg den nye søkjarlista til stillinga som språkrådsdirektør klar, nesten eit halvt år etter at Sylfest Lomheim gjekk av som direktør.

Les meir hjå Firda.

Politimeisteren vil ikkje ha samisk

Om Tromsø vert innlemma i det samiske forvaltingsområdet, vil politiet nekta å bruka midlane sine på å oppfylla dei lovpålagde språklege rettane som fylgjer med. Det erklærer politimeister Truls Fyhn.

Les meir hjå iTromsø.

Lærer språk på Facebook

– Jeg har også skiftet på å ha Facebook på spansk og nynorsk, og dette har gjort meg mer vant til de to språkene, og også gjort at jeg har lært nye ord, skriv Frøya Finne Ljønes i eit avisinnlegg.

Les meir hjå Aftenposten.

- SmiO er for alle

– I SmiO har me plass til alle, skriv Tina Fauskanger, nyvald leiar i Studentmållaget i Oslo. Ho meiner kritikken frå Kristian Lødemel viser eit litt for snevert bilete av SmiO.

Les meir hjå Universitas.

Skiltflause i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland må byta ut informasjonsskilta ved Herdla naturreservat. Fylkesmannen har nynorsk som administrasjonsspråk, og skal dermed bruka nynorsk utetter.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Normeringsmøte på nett-tv

Det opne høyringsmøtet om nynorskrettskrivinga vert sendt direkte på nett-tv neste måndag. Sendinga byrjar klokka 10, og overfører fire heile timar med normeringsdiskusjon utover dagen.

Les meir hjå Språkrådet.

«Omvendt» skulemålsstrid i Os

I Os kommune i Hordaland kjenner bokmålsforeldre seg forsmådde over måten skulane prøver å unngå å oppretta bokmålsklassar på. Ordførar Terje Søviknes seier seg lei for det som har skjedd.

Les meir hjå NRK Hordaland.

Unge medforfattarar i Seljord

Niandeklassingane ved Seljord ungdomsskule samarbeider med ein hemmeleg forfattar om ei ny ungdomsbok på nynorsk. Ikkje eingong elevane får vita kven forfattaren er.

Les meir hjå Vest-Telemark blad.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.