nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Mållaget rosar læremiddelkrav

– Eit særs viktig vedtak, seier mållagsleiar Håvard B. Øvregård om at SV har vedteke krav om nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar.

Les meir hjå Framtida.no.

Lærer nynorsk med Facebook

Buskerud-lektor Liv Marie Schou har vore på NRK-programmet Førkveld for å fortelja om korleis ho bruker Facebook som eit verkty når ho skal læra elevane nynorsk som sidemål.

Les meir hjå Buskerud fylkeskommune.

Samlaget gjev ikkje ut Leirfall-biografi

Stjørdal mållag meiner Det Norske Samlaget tek for lett på det moralske ansvaret som dei, ifølgje Stjørdal mållag, har for å gje ut biografien om Jon Leirfall.

Les meir hjå Stjørdalsnytt .

Språkkløyvt roman fekk debutpris

Helga Flatland frå Telemark er tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må, som er skriven dels på nynorsk og dels på bokmål.

Les meir hjå LNK.

Torsheim er tilbake

Kultfiguren Oddvar Torsheim planlegg nyutgjeving av albumet Nynorskens skog frå 1992, som inneheld Torsheims eigne, nynorske versjonar av kjende Beatles-låtar.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Mållaget gratulerer

– Noregs Mållag ynskjer Janne Nygård og Norsk Målungdom til lukke og vonar de får eit flott jubileumsår, skriv Noregs Mållag i ei jubileumshelsing til Norsk Målungdom.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Linda Sæbø er årets nynorskbrukar

Interiørbloggaren Linda Sæbø er kåra til årets nynorskbrukar 2011. Prisvinnaren sjølv seier seg umåteleg lukkeleg over å ha fått utmerkinga.

Les meir hjå Framtida.no og Interiørbloggen Den gode feen.

Svak språkleg sjølvkjensle sør for Skagerrak

Danskane slit med sjølvtilliten på vegner av språket sitt. Språkkoordinator Bodil Aurstad trur det kjem av at dei veit at Danmark har historisk bakgrunn som språkundertrykkjarar.

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

- Ja til forsøk, nei til fritak

Landsmøtet i Norsk Målungdom krev ei massiv satsing på positive sidemålsforsøk, for å finna ut korleis sidemålsopplæringa kan verta betre og meir velfungerande.

Les meir hjå Framtida.no.

Harsvik ny rådsordførar

Wegard Harsvik er vald til ny rådsordførar i Nynorsk kultursentrum. Harswik har tidlegare vore både statssekretær og målungdomsaktivist.

Les meir hjå Nynorsk kultursentrum.

Krev parallellutgåver

Landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti vedtok i helga at nynorske parallellutgåver av læremiddel for vaksne innvandrarar bør lovfestast.

Les meir hjå Bok & samfunn.

Mållagsvitjing på Bokn

Bokn barnehage har fått vitjing frå Noregs Mållag og leiar Håvard B. Øvregård. Vitjinga var eit ledd barnehagesatsinga «Gjennom ord blir verda stor».

Les meir hjå Bokn Bygdablad.

Ny leiing i Målungdomen

Janne Nygård er attvalt som leiar for Norsk Målungdom under organisasjonen sitt jubileumslandsmøte i helga. Sjå også oversynet over det nye sentralstyret og det nye landsstyret.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane, Norsk Målungdom og Nationen.

Rogalandsdominans i NMU

Både dagleg leiar Johanne Torvund, nestleiar Vebjørn Sture og økonomiansvarleg Eva Enoksen i det nyvalde sentralstyret til Norsk Målungdom er frå Rogaland.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Nynorsk digitaldugnad

I det nye arbeidsprogrammet sitt har Norsk Målungdom vedteke å engasjera «tenestetilbydarar, aktivistar og nynorskbrukarar i ein felles innsats for nynorsk vekst i den digitale verda».

Les meir hjå Digi.no.

Vil styrkja lærarutdanninga

– Lærarutdanninga også må ta høgd for at lærarstudentane skal kunne arbeide på skular der elevane har nynorsk som hovudmål, meiner målungdomsleiar Janne Nygård.

Les meir hjå Utdanning.

Rammsund takkar av på laurdag

Hyllingsbandet Rammsund, som i sju år har spelt Rammstein-låter på nynorsk, takkar for seg med avskilskonsert i Oslo fyrstkomande laurdag.

Les meir hjå Natt&Dag.

Hellbillies får mållagsros

Mållagsleiar Håvard B. Øvregård meiner få andre band har gjort så mykje for dialektbruken som det 20-årsjubilantane i hallingbandet Hellbillies har.

Les meir hjå NRK Østafjells.

Ynskjer meir nynorsk i Valdres-media

Valdres har mykje å vere stolt av, og media våre har eit særleg ansvar for å formidle dette på det språket som ligg oss nærmast, meiner årsmøtet i Valdres Mållag.

Les meir hjå Oppland Arbeiderblad.

Flest røystingar om språk

Det vart gjennomført seksten lokale folkerøystingar i fjor. Ni av desse var om språkval, og i fire av desse gjekk nynorsken sigrande ut.

Les meir hjå Kommunal Rapport.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.