nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Navarsete talar om mållova

Under landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) skal Liv Signe Navarsete halda føredrag om mållova og korleis departementa fylgjer lova opp.

Les meir hjå Fjell kommune.

Akershus søkjer om sidemålsfritak

Fylkestinget i Akershus har vedteke å søkja om å få lov til å fjerna standpunktkarakterane i sidemål for dei vidaregåande elevane i fylket.

Les meir hjå Hegnar Online.

Kvensk pengedryss

Regjeringa løyver ein halv million kroner til ulike kvenske språk- og kulturtiltak. Mellom anna får Kvensk institutt 100 000 kroner til å samla ein kvensk grammatikk.

Les meir hjå NRK Sápmi.

- Moldemålet er utvatna

Fjernsynskjendis Gaute Grøtta Grav trur ikkje det er moldemålet som har gjort at P3-lyttarane har røysta fram romsdalsk som Noregs mest sexy dialekt.

Les meir hjå Romsdals Budstikke.

Inviterer til jubileum

Norsk Målungdom fyller 50 år i år, og til helga skipar organisasjonen til jubileumslandsmøte i Oslo. Leiar Janne Nygård vil bruka jubileumet både til fest og til å setja målpolitikk på dagsorden.

Les meir hjå Norsk Målungdom.

Vil «velge bort nynorsk»

Amara Butt i Akershus Unge Høgre vil gje Akershus-elevar moglegheit til å «velge bort nynorsk». Butt har tidlegare utmerkt seg med å hevda at nynorsken «høyrer heime i fjøsen».

Les meir hjå Østlandets Blad.

- Kyrkja er viktig for samisk språk

Tore Johnsen i Samisk kirkeråd er glad for at regjeringa har teke med eit eige avsnitt om kyrkjelege tenester på samisk i handlingsplanen for samiske språk.

Les meir hjå Kyrkja.no.

Mest sexy i Romsdal

Radioprogrammet Hallo P3 har invitert lyttarane til å røysta over kva dialekt som er mest sexy, og vinnaren vart romsdalsdialekten.

Les meir hjå Romsdals Budstikke.

Nynorskmyntar forsvinn

Femkroningen er snart den einaste nynorske mynten igjen. 50-øringen er nemleg på veg ut, og har snart berre eitt år igjen som tvunge betalingsmiddel.

Les meir hjå Framtida.no.

Krev nynorsk for innvandrarar

– Opplæringslova bør krevja at læremiddel for vaksne innvandrarar skal koma på både nynorsk og bokmål, skriv Sogn og Fjordane SV i eit fråsegnsframlegg til SV-landsmøtet i helga.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Ny, samisk lærarutdanningsregion

Fem lærarutdanningsinstitusjonar i Nord-Trøndelag og Nord-Noreg har oppretta eit samarbeid for å styrkja tilbodet innanfor samisk språk og samiske fag.

Les meir hjå Sámi allaskuvla.

Øvregård tek attval

Håvard B. Øvregård har stiller til attval for eit nytt år som leiar for Noregs Mållag. Øvregård har snart fullført to periodar som mållagsleiar.

Les meir hjå LNK.

- Samisk vert eit barnehagespråk

Kristine Tjåland Braut har studert språkbruken i ein lulesamisk barnehage, og funne ut at ungane opplever samisk som eit «barnehagespråk».

Les meir hjå NRK Sápmi.

Sundli til festspela

Tidlegare Gåte-vokalist Gunnhild Sundli vert eit av trekkplastera på Dei nynorske festspela til sumaren. Sundli stiller med eigen musikk til klassiske nynorsktekstar.

Les meir hjå Vikebladet.

Ynskjer valfritt sidemål

FpU-aktivist Thea Røstbakken meiner valfridom, både når det gjeld sidemål og andre skulefag, er rett medisin mot det store fråfallet av elevar i den norske skulen.

Les meir hjå Glåmdalen.

Frustrerte bokmålsforeldre

Bokmålsforeldre på Bryne har fått nok av det dei meiner er kommunal trenering av forsøket på å oppretta eigne bokmålsklassar ved to barneskular i kommunen.

Les meir hjå Jærbladet.

Departementa bryt mållova

Knapt halvparten av departementa oppfylte kravet om minst 25 % nynorsk i 2010. Likevel var den samla tekstmengda akkurat over kravet om me reknar alle departementa under eitt.

Les meir hjå MyNewsDesk.

Etterlyser språkrøkt

Trond Vernegg, formann for Riksmålsforbundet, inviterer Mållaget, Språkrådet og den nye språkrådsdirektøren til å vera med på å setja språkrøkt på dagsorden.

Les meir hjå Aftenposten.

Frå engelsk til norsk

Musikkartisten Susanna Wallumrød frå Kongsberg har droppa engelsken og spelt inn den nyaste CD-plata si på norsk.

Les meir hjå Laagendalsposten.

«Midtstua» er rett

NRK-programleiar Ingerid Stenvold har tidlegare fått kritikk frå Katrine Kleivi for å seia «Midtstua» i staden for «Midtstuen». No får ho støtte frå Einar Kleiven.

Les meir hjå Aftenposten.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.