nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Målpris til Sogndal Fotball

Sogndal Fotball er tildelt Landssamanslutninga av nynorskkommunar sin pris for offentleg målbruk. Prisen vart overrekt av statsråd og målkvinne Magnhild Meltveit Kleppa.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Gjæv manuspris til «Få meg på, for faen»

Filmatiseringa av Olaug Nilssens suksessroman Få meg på, for faen har vunne prisen for beste manus under den prestisjefylde filmfestivalen Tribeca i New York.

Les meir hjå Hegnar Online.

Skal styrkja samisk språk

Nærare 2,5 millionar kroner skal brukast til å styrkja samisk språk, kultur og næring i Nordland fylke dei neste to åra, og Bodø vert trekt fram som føregangskommune.

Les meir hjå Avisa Nordland.

Vil ha meir nynorskkommers

– Vi treng den breie litteraturen. Enkle bøker på nynorsk, ikkje bare «feinschmeckere», seier nynorskforfattar Ingelin Røssland.

Les meir hjå Framtida.no.

Ny leiar i LNK

Landssamanslutninga av nynorskkommunar er samla til landsting i Suldal i Ryfylke, og der har dei valt Astrid Myran Aarvik frå Vinje i Telemark til nye styreleiar.

Les meir hjå LNK.

- Ikkje overlat alt til staten

– Kommunane må bruke den makta dei faktisk har i offentleg språkpolitkikk. God offentleg språkpolitikk fordrar kommunar som bryr seg, seier kultursentrumsdirektør Ottar Grepstad.

Les meir hjå LNK.

Thingnes får Hellevik-pris

Alf Helleviks Mediemålpris er tildelt Harald Thingnes frå Naustdal i Sunnfjord. Thingnes jobbar som sportsjournalist i NRK, og får prisen for sin «konsekvente og ledige» nynorskbruk.

Les meir hjå Firda.

Samespråkkonferanseprogrammet er klart

Sametinget skipar til språkkonferanse på Tromsø Scandic hotell 11.-12. mai. Konferansen skal ta føre seg bruk og synleggjering av samisk språk.

Les meir hjå Sametinget.no.

- Ikkje berekraftig

– Skuletala tilseier at utviklinga for samisk språk ikkje er berekraftig i hovudstaden, skriv språkforskar Øystein Vangsnes i eit svar til Oslo-byråd Kristin Vinje (H).

Les meir hjå Aftenposten.

Kringkastingsprisen til John Skien

NRK-nestor John Skien, kjend mellom anna frå Norge Rundt, mottek i dag Kringkastingsprisen for 2010. Utdelinga skjer på Det Norske Teatret klokka 11.

Les meir hjå NRK Rogaland.

Bildøen får Samlagsprisen

Forfattar Brit Bildøen frå Aukra i Møre og Romsdal vert torsdag tildelt Samlagsprisen. Bildøen har vore forfattar i tjue år, og har gjeve ut alle bøkene sine på Samlaget.

Les meir hjå Den norske Forfatterforening.

Inviterer til nynorskkurs

Katta Målungdom og Målungdomen i Oslo inviterer til nynorskkurs for elevar i den vidaregåande skulen på torsdag. Kurshaldar er tidlegare Katta-elev Vegard Storsul Opdahl.

Les meir hjå Facebook.

Fleirtal mot samisk i Tromsø

I ei fersk meiningsmåling mellom tromsøværingar svarar over helvta at dei er i mot at Tromsø skal leggjast inn i forvaltingsområdet for samisk språk.

Les meir hjå iTromsø.

Stal samisk skilt

Det samiske vegskiltet i Bodø har vorte stole i løpet av natta. Vegvesenet har alt vore på pletten med eit nytt skilt, som dei vil prøva å festa betre.

Les meir hjå NRK Nordland.

God påske!

Nynorsk.no-redaksjonen tek fri resten av påsken, og kjem difor ikkje til å leggja ut nyhendeoppdateringar før til neste veke. Me ynskjer alle trufaste lesarar god påske!

Nynorskfilm til Cannes

Den nynorske kortfilmen Kjøttsår, som er regissert av Lisa Marie Gamlem, er plukka ut til å delta i kortfilmkonkurransen under filmfestivalen i Cannes.

Les meir hjå Aftenposten.

Meiner Oslo legg godt nok til rette

Oslo-byråd Kristian Vinje (H) meiner Oslo kommune kan leggja til rette for samisk språk og kultur utan å verta innlemma i forvaltingsområdet for samisk språk.

Les meir hjå Aftenposten.

Nynorsk barnehagesamarbeid

Norsk Bibliotekforening, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsksenteret og Pirion skal presentera eit samarbeidsprosjekt om nynorske barnebøker i barnehagane i slutten av månaden.

Les meir hjå LNK.

Mållaget krev ekstrautgreiing

– Det trengs difor ei tilleggsutgreiing for å få fram moglege språkpolitiske verknader av dei framlegga utvalet har lagt fram, skriv Noregs Mållag i ei høyringsfråsegn til Mediestøtteutvalet.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Får dialektsjokk etter bokmålsopplæring

Det er ikkje berre-berre å vera polsk bussjåfør i Noreg. Mange har fått bokmålsopplæring i Polen, og skjønar dimed svært lite av den norske dialektfloraen.

Les meir hjå TV2 Nyhetene.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.