nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Fleire Målrock-namn er klare

Henning Kvitnes, Jonas Fjeld, Hilde Heltberg og Kvarts er mellom namna til årets Målrock-festival - og dei skal spela ein ganske så eksklusiv konsert saman.

Les meir hjå Firda.

Vil ha lulesamisk ungdoms-TV

Salten sameforening meiner det no nedlagde Nouraj TV var eit godt medietilbod på lulesamisk til born og unge. Difor bed dei styresmaktene om å sikra nye tilskot.

Les meir hjå Norske samars riksforbund.

- Kva skal vi med NRK?

Kringkastingsringen inviterer til debattmøte om NRK og rolla som allmennkringkastar. Møtet er ope for alle, og skal vera torsdag 5. mai klokka 19.00 på Litteraturhuset i Oslo.

Les meir hjå Kringkastingsringen.

Akershus søkjer om sidemålsfritak

– Jeg synes det er litt unødvendig å ha nynorsk, siden det bare er et skriftspråk, og vi ikke bruker det noe ellers, seier ein Skedsmo-elev i samband med at Akershus fylke søkjer om valfritt sidemål.

Les meir hjå Romerikes Blad.

Prisvinnarar på dialektbylgje

Skarockgruppa Hopalong Knut, som vart tildelt Dialektprisen av Norsk Målungdom i 2006, meiner det har vorte meir akseptert å syngja på eigen dialekt.

Les meir hjå Namdalsavisa.

Lyser ut klarspråksmidlar

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har sett 10. mai som søknadsfrist for midlar som skal gå til klårare språk i statsforvaltinga.

Les meir hjå Direktoratet for forvaltning og IKT.

Språk truga av uvenskap

Det mexicanske språka ayapaneco er i ferd med å verta utrydda. No har dei to siste brukarane av språket vorte uvener, og nektar å snakka med kvarandre.

Les meir hjå Verdens Gang.

Vervekampanje i Målungdomen

Norsk Målungdom har sparka i gang vervekampanjen sin, og kan mellom anna lokka med interrailbillett, Kindle og oppblåsbare baderakettar på vervepremielista.

Les meir hjå Norsk Målungdom.

- Kan med fordel bli blidare

– Kommuniserer det glede når leiaren i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, kallar foreldre nynorskfiendar, spør Suldalsposten i ein leiarteig.

Les meir hjå Suldalsposten.

SMS-former inntek ordbøkene

Forkortinga LOL, som står for Laughing Out Loud (uoffisielt omsett til Ler Ofseleg Lydt), har no fått plass i sjølvaste Oxford English Dictionary.

Les meir hjå forskning.no.

- Mange utfordringar

– Det finst utfordringar utanfor rettskrivingsnorma som det bør gjerast noko med før me set i gang arbeidet med ei rettskrivingsnorm, skriv Martin Årseth.

Les meir hjå Studvest.

- Morsmål før norsk

– Morsmålet, det første språket, er nemlig svært viktig, som en slags stemmegaffel eller mal som andre språk settes i forhold til, skriv Kristine Grav Hardeberg.

Les meir hjå Dagbladet.

Vil styrkja nynorsk scenespråk

Hordaland Teater etablerer ei eiga nynorskscene. Mellom samarbeidspartnarar og initativtakarar er Sogn og Fjordane Teater, Det Norske Teatret og Jon Fosse.

Les meir hjå Bergensavisen.

SMS-kveik til truga språk

At folk tek seg større språklege fridommar i tekstmeldingar enn elles, er ikkje eit særnorsk fenomen. I Senegal er afrikanske språk på frammarsj når det gjeld mobil- og nettbruk.

Les meir hjå Universitetet i Oslo.

Ungdomskonsert på kvensk, samisk og finsk

Kulturskular i Nord-Noreg samarbeider med Kvensk institutt om å skipa til minoritetsspråkleg ungdomskonsert i Lakselv fyrste helga i mai.

Les meir hjå Storfjord kommune.

Språkprisnominasjonen i gang

Fram til 20. juni kan du koma med framlegg til kven som skal få Språkrådet sine prisar for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Det skal delast ut ein pris for nynorsk og ein for bokmål.

Les meir hjå Språkrådet.

Kjærleik på festspela

Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda skal i år ha kjærleik som tema. Festspela skal sparkast i gang med ein opningskonsert av Bremnes-syskena.

Les meir hjå Framtida.no.

Målprisen til trenings-Yngvar

Treningskjendis Yngvar Andersen er vinnar av Målprisen for 2011. Prisen vart delt ut under Noregs Mållag sitt landsmøte i Suldal i helga.

Les meir hjå Verdens Gang.

Øvregård attvald

Håvard B. Øvregård er attvald til eit nytt år som leiar for Noregs Mållag. Med seg i styret får han mellom anna Aud Søyland som nestleiar.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Mållaget vil satsa på norskfaget

– Meistring av språket er ein grunnleggjande dugleik som ligg til grunn for læring i alle andre fag, meiner landsmøtet i Noregs Mållag i ei fråsegn.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.