nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Hagtvet hudflettar Høgre

– Knefall for lettvintheten. Det er den knusande karakteristikken UiO-professor Bernt Hagtvet brukar på Høgre sitt vedtak om valfritt sidemål i ungdomsskulen.

Les meir hjå Dagsavisen.

Ny Ordrik-utgåve

Datafirmaet Nynodata har lansert ei ny utgåve av den elektroniske ordboksamlinga Ordrik. Ordrik 2 skiltar med nynorskordliste, bokmål til nynorsk og nynorsk synonymordliste.

Les meir hjå Nynodata.

Paradise-Niklas glad for målungdomsros

– Alle der inne pratar på sin eigen måte, seier Paradise Hotel-deltakar Niklas Vindel, som er glad for språkrosen frå målungdomsleiar Janne Nygård. Vindel er no med i sin andre sesong av programmet.

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

Dialektros til Tippeliga-trenar

Hovudtrenar for FK Haugesund, karmøybuen Jostein Grindhaug, er kåra til Karmøyfiskaren 2011. I grunngjevinga frå juryen får han mykje skryt for tydeleg dialekt og utstrekt bruk av lokale ord og uttrykk.

Les meir hjå Haugesunds Avis.

Sparka fordi ho pratar breitt

Den britiske popstjerna Cheryl Cole har fått sparken som dommar for den amerikanske utgåva av talentprogrammet X Factor. Cole er frå Newcastle i England, og pratar dialekten som kjem derfrå.

Les meir hjå Verdens Gang.

Millionstøtte til sørsamisk film

David Kinsella frå Mosjøen har fått 1 600 000 frå Norsk filminstitutt til å laga det han omtalar som den fyrste heilaftans filmen på sørsamisk. Filmen skal få premiere i 2014.

Les meir hjå Helgeland Arbeiderblad.

Målungdomsjubel for Paradise-språket

Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, rosar både deltakarar og produsentar av Paradise Hotel for det breie dialektmangfaldet og utilslørte ungdomsspråket som programmet formidlar.

Les meir hjå Side2.

UiO bryt mållova - igjen

Universitetet i Oslo skriv under 2 % av dokumenta sine på nynorsk, og ligg dimed dårleg an til å oppnå si eiga målsetjing om minst 10 % innan 2015 – trass i at lovverket krev minst 25 %.

Les meir hjå Framtida.no.

Nedgang i talet på nynorskelevar

Talet på elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen går framleis sakte nedover. Inneverande skuleår hadde 12.96 % av elevane nynorsk som hovudmål, mot 13.18 % i fjor.

Les meir hjå LNK.

Inviterer til sidemålsdebatt

Bokmålsforkjempar Bjørn Kristen Ørbæk bed inn til sidemålsdebatt på Hamar. På gjestelista står mellom andre Finn-Erik Vinje, Riksmålsforbundet, Bokmålsforbundet og «Nynorsk språkråd».

Les meir hjå Østlendingen.

Ørbæk får tyn

– Kor lang tid vil det gå før vi som nynorskbrukarar må gå med ei stjerne eller eit stilisert vaffelhjarte på brystet, skriv Jens Haugan i eit svar til nynorskmotstandaren Bjørn Kristen Ørbæk.

Les meir hjå Hamar Arbeiderblad.

«Arbeidarpariet» er lov lokalt igjen

Sentralstyret i Arbeiderpartiet har snudd, og godtek no at lokal- og fylkeslag brukar namneforma «Arbeidarpartiet». Nasjonalt skal namnet derimot berre vera på bokmål.

Les meir hjå Framtida.no.

Nordmøringane vert «sjuke»

Helse Møre og Romsdal har vedteke nynorsk som offisiell språkform for føretaket, og Kristiansund sykehus ligg dimed an til å skifta namn til Kristiansund sjukehus.

Les meir hjå Tidens Krav.

VGS-elev til mediesenteret

Sondre Evenstad Dalaker frå Kaupanger vert den yngste praktikanten hjå NRK Nynorsk mediesenter nokon gong. Dalaker gjer seg ferdig med medielina på vidaregåande no i sumar.

Les meir hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Unge Høgre svarer Miljeteig

– «For å kunne fordøye kunnskap må man motta den med lyst» , sa den franske forfatteren Anatole France. Vi kunne ikke vært mer enige, skriv Per Christian Frølich i Bergen Unge Høgre.

Les meir hjå Byavisen.

Kvensk Idol på trappene

Kveenidol satsar friskt med både musikalsk og open klasse, og håpar på mange påmelde i 2011-versjonen av talenttevlinga. Kriteriet for bidraga er at dei inneheld element av kvensk kultur.

Les meir hjå Norske Kveners Forbund.

Ørsta + Volda = Aasen?

Kommunane Ørsta og Volda vurderer å slå seg saman, og har difor fått Møreforsking og Telemarksforsking til å greia ut om det. Forskarane tilrår at ein eventuell ny kommune får namn etter Ivar Aasen.

Les meir hjå Nationen.

- Medfører identitetsarbeid

– Det at det ikke finnes én allment anerkjent uttalenorm, og det at vi har to skriftnormer, gir oss en stadig påminnelse om at språkbruk alltid medfører identitetsarbeid, skriv den ferske språkdirektøren Arnfinn Muruvik Vonen.

Les meir hjå Aftenposten.

Nynorskpris til journalistvikar

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er tildelt Njord V. Svendsen, som nyss måtte slutta i Bergens Tidende etter nærare seks år som mellombels tilsett der.

Les meir hjå NRK Nynorsk mediesenter.

Styret støttar den nye norma

Styret i Språkrådet gjev full tilslutning til den nye rettskrivinga for nynorsk som Riise-nemnda har utarbeidd. Språkrådet vil også utarbeida ei «tilrådd norm», utan valfrie former.

Les meir hjå Utdanning.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.