nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Samisk kjendisstøtte

Ei rekkje kjendisar har stilt opp med samiskspråklege plakatar til fotoutstillinga Sátni ord, som har til føremål å gjera samisk språk meir synleg i det offentlege rommet.

Les meir hjå NRK Nordland.

Bynorsk på Lillehammer

Oddmund L. Hoel, Torbjørn Røe Isaksen og Arnfinn Muruvik Vonen er mellom paneldebattantane som diskuterer det nynorske byproblemet under Syn og Segn-debatten på Lillehammer fyrstkomande onsdag.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Kyrkjemål under press

Nynorsk liturgi står i fare for å verta erstatta av bokmål i Bjelland kirke. Bokmål er frå før liturgispråket i Bjelland ved gudstenester som er serleg retta mot born og unge.

Les meir hjå Lindesnes avis.

- Grotten er eit viktig symbol

– Eit hus som Grotten symboliserer at det norske samfunnet meiner det er viktig å halda oppe både den seriøse kunsten, og i og med at eg no skal bu i Grotten, også nynorsken, seier Jon Fosse.

Les meir hjå Morgenbladet.

Krev kvensk kveik

– Det er påkrevet med snarlige tiltak hvis det kvenske språket og kulturuttrykkene skal ha mulighet til å overleve, seier Lisa Vangen ved Halti Kvenkultursenter.

Les meir hjå Norske Kveners Forbund.

God marknad for dialektdubbing

– Vi ønsker en bred representasjon av dialekter i våre sendinger, seier Beathe Daae, prosjektleiar i TV2 Junior.

– NRK Super skal speile norske barns hverdag. Språklig mangfold er et av våre viktigste mål, seier kanalredaktør Nils Stokke.

Les meir hjå Q-barnekultur.

- Dialektdubbing styrkjer språkkjensla

Ungar som møter ulike dialektar – til dømes på film og fjernsyn – øver seg opp til å forstå meir. Det meiner språkforskar Magnhild Selås ved Høgskolen i Bergen.

Les meir hjå Q-barnekultur.

Høgare status for teiknspråk

Statusen for norsk teiknspråk er styrkt, og dette vert mellom anna synleggjort ved at Språkrådet for fyrste gong har tilsett ein eigen teiknspråksrådgjevar.

Les meir hjå Språkrådet.

Nok ein Høgre-mann for sidemål

Åge Ødelien, leiar for Ål Høgre i Hallingdal, er skuffa over partiet sitt landsmøtevedtak om valfritt sidemål, men han meiner også at det å kalla partiet «kulturfiendtleg» er over streken.

Les meir hjå Hallingdølen.

Prisdryss i Odda

Russepresident Tarjei Solberg Kvalvik og Randi Rønhovde Opheim har vorte tildelt høvesvis Opedalsprisen og Odda Mållag sin nynorskpris. Båe to vart dimed 2500 kroner rikare.

Les meir hjå Hardanger Folkeblad.

Slår alarm om samisk fråfall

– En vesentlig utfordring Sametinget må ta tak i er den alarmerende nedgangen i antallet elever som har samisk som andrespråk, skriv Aili Keskitalo i ein kronikk.

Les meir hjå Norske samars riksforbund.

- Merkeleg Høgre-vedtak

– Det er ei merkeleg greie. Høgre, som talar om disiplin og basisferdigheter og kunnskap og læring, vil no ha nynorsken ut av skulen, skriv Oddny Miljeteig (SV).

Les meir hjå Byavisen.

Valle Mållag fekk kulturpris

Under nasjonaldagsfeiringa på Rysstad i Setesdal i går vart Valle Mållag tildelt Valle kommune sin kulturpris. Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund seier mållaget er ein identitetsberar for heile dalen.

Les meir hjå Fædrelandsvennen.

Fosse flytter inn i Grotten

Den mest spelte samtidsdramatikaren i Europa, nynorskforfattaren Jon Fosse, får flytta inn i Grotten – statens æresbustad for kunstnarar. Fosse er omsett til 40 språk, og stykka hans har vorte framførde i over 900 oppsetjingar verda over.

Les meir hjå Framtida.no.

- La oss bli kvitt nynorsken

– Det et bare et spørsmål om tid, så er nynorsken død uansett, hevdar P4-programleiar og hemsedøl Bjørn Faarlund i eit lesarinnleg.

Les meir hjå Hallingdølen.

- Kan ikkje skrive på matte

– Nynorsk er språket eg bruker i skriftleg kommunikasjon, og det hadde vore upraktisk å skrive dette innlegget på engelsk eller matte, skriv Vegard Storsul Opdahl i eit svar til dei som lurer på når ein får bruk for nynorsk.

Les meir hjå Aftenposten.

Meir sidemålsusemje i Høgre

– Eit dårleg og lite gjennomtenkt vedtak. Slik lydde dommen Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen felte til Framtida.no over Høgre sitt sidemålsvedtak då partitopp Torbjørn Røe Isaksen vitja årets nynorskkommune 2010.

I Sogn og Fjordane repeterer fylkeslaget i Høgre at dei vil ha omkamp:

– I neste omgang no skal ein vedta programmet for Høgre for neste stortingsperiode, og då vil me ta saka opp igjen, seier toppkandidat Norval Distad til NRK Sogn og Fjordane.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane og Framtida.no.

Meir sidemåls-pepar til Høgre

– Gjennom ord blir verda stor, seier Noregs Mållag. Høgre gjer verda mindre, og landet delt, skriv mållagsleiar Håvard B. Øvregård i samband med at Høgre vil fjerna obligatorisk sidemål.

Les meir hjå Utdanning.

- Lær dykk samisk!

– En stor andel av samene i Norge snakker ikke samisk, skriv visepresident i Sametinget Laila Susanne Vars, som viser til at sju samiske språksenter samarbeider om å tilby opplæring i samisk for vaksne.

Les meir hjå Utdanning.

Unge journalistar søkjer ungdom

Andrea Øien Sæverud (25) og Marit Lajord (20) er nytilsette reisande journalistar i nettavisa Framtida. Dei vil veldig gjerne ha tips til gode saker frå ungdomar rundt om i landet.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.