nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

– Det motsette av sivil ulydnad

– Om Heitun skriver et vedtak på vegne av Helsedirektoratet, er det også på vegne av direktoratet han bryter loven, skriv språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen i eit svarinnlegg til Odd Gunnar Heitun, som nyleg koketterte med å ha utøvd «sivil ulydighet» mot mållova.

Les meir hjå Oppland Arbeiderblad.

Samisk korrektur til UiT

Dei samiske korrekturverktya Divvun vert overførde frå Samtinget til Universitetet i Tromsø, som får eit overordna ansvar for utvikling av samiske språkverkty.

Les meir hjå Universitetet i Tromsø.

Melsomprisen til Lars Amund Vaage

Romanforfattar Lars Amund Vaage er tildelt Melsomprisen for 2011 for boka Skuggen og dronninga. Prisen vart delt ut under Dei nynorske festspela sist sundag.

Les meir hjå Østlands-Posten.

Sterkt resultat for Festspela

Dei nynorske festspela 2011 er ferdig gjennomført, og samla 14 % fleire gjestar enn budsjettert – og 23 % høgare billettinntekter. Totalt samla Festspela 6400 gjestar.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

Mistenkjelege tal under sidemålseksamen

Dei norske Wikipedia-artiklane om Halldis Moren Vesaas hadde mistenkjeleg høge vitjartal 1. juni, dagen for sidemålseksamen. Ei av oppgåvene på eksamen handla om eit Vesaas-dikt.

Les meir hjå Nettavisen.

Vil ikkje ha samla norskkarakter

Siri Holm Lønseth frå Trondheim Unge Høgre trur ikkje ein felles skriftleg norskkarakter vil vera bra for elevane. Lønseth meiner at sidemålet heller bør gjerast valfritt.

Les meir hjå Adresseavisen.

Kyrkjemålsbok får heider

– Per Halse briljerer med detaljkunnskap og ordrikdom, skriv bokmeldar Espen Tørset om Halse si nye bok Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål.

Les meir hjå NaboNytt.

Vonen vil betra lærarutdanninga

Språkrådet har avdekt mangel på nynorskkunnskapar i lærarstanden. Direktør Arnfinn Muruvik Vonen meiner noko må gjerast med lærarutdanninga.

Les meir hjå LNK.

Ringerikselevar dårlegare i hovudmål

Ringerike vgs, som er arnestaden for det såkalla læraroppropet mot sidemål, opplever ironisk nok at fleire elevar stryk i hovudmål enn i sidemål.

Les meir hjå Ringerikes Blad.

Buskerudsfront mot sidemål

AUF-politikar Niclas Tokerud og Unge Høgres Daniel Torkildsen har fått med seg fylkestinget i Buskerud på å senda søknad om valfri sidemålsundervisning i fylket.

Les meir hjå TV2 Politisk.

Festspela veks

Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda har til vanleg samla rundt 6000 deltakarar. I år ligg det an til å verta ein bra auke i vitjartalet, meldar programansvarleg Åshild Widerøe.

Les meir hjå Møre.

Nynorsksatsing på Åssiden

Åssiden vgs i Buskerud har fått tildelt ekstra midlar til satsing på lesing av nynorsk litteratur for påbyggingselevane. Elevane får «nynorsk intravenøst», meiner lærar Karianne Falck-Ytter.

Les meir hjå Buskerud fylkeskommune.

Brukar interiørblogg i nynorskopplæringa

– Eg har fått vita at lærarar brukar bloggen min i undervisninga, og at mødrer tvingar ungane sine til å lesa bloggen min for å læra nynorsk, seier nynorskbloggar Linda Sæbø.

Les meir hjå Nationen.

Ber folk snakka bokmål

Dauveopererte Ann Christin Cappelen slit med å forstå dialektar, og får støtte frå dialektforskar Agnete Fosse, som ber folk leggja om til bokmål når dei skal snakka med innvandrarar og dauvhøyrde.

Les meir hjå ABC Nyheter.

Sør-Trøndelag Ap kopierer Oslo Høgre

Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) står i brodden for ein søknad frå Sør-Trøndelag fylkeskommune om å setja i gang eit «forsøk» med å droppa prøving og evaluering i sidemål.

Les meir hjå Framtida.no.

Stolte ungdomar

– Alle i Hovdebygda er stolte av Ivar Aasen, seier 16-åringane Sivert Aarflot Eikrem og Marthe Storborg Sæbønes, som skal leia opninga av Dei nynorske festspela i dag.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

– Sidemålsfritak bra for nynorskelevar

– Også for nynorskbrukere vil et fritak for skriftlig sidemålsopplæring innebære konsentrasjon om hovedmålet, står det å lesa i eit førebels usignert kommentarinnlegg.

Les meir hjå Rogalands avis.

Ikkje berre nynorsk datafusk

Det er ikkje berre omsetjingsprogrammet Nyno, som omset frå bokmål til nynorsk, som vert bruka til å juksa under eksamen. Elevar lurer skular og eksamensvaktar i alle fag der dei kan bruka data på eksamen.

Les meir hjå Aftenposten.

Viser fram sørsamisk

Britt Sparrock har bruka årets utgåve av marknadsdagane i Snåsa – Snåsadagan &ndadsh; til å profilera sørsamisk språk og kultur.

Les meir hjå Ságat.

Aukra inn i LNK

Kommunstyret i Aukra i Møre og Romsdal har gått inn for å verta medlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). LNK har til saman rundt 120 medlemskommunar.

Les meir hjå LNK.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.