nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Nynorskjuks kan hindrast enkelt

Eksamensjukset som føregår ved at elevane brukar dataprogrammet Nyno til å omsetja tekst til nynorsk, kan enkelt hindrast med eigne eksamensminnepinnar. Men Utdanningsdirektoratet vil ikkje ta tak i saka.

Les meir hjå Norsk Lektorlag.

Skeptisk til barnehagekampanje

Barnehagesynsar Hanne Kvaløsæter meiner det er feil å bruka tid på nynorsk i område «hvor man hverken snakker eller skriver nynorsk».

Les meir hjå Barnehage.no.

Mykje nynorsk i sumar

Nynorskfestivalane står i kø utover sumaren. Fyrst ut er Dei nynorske festspela i Ørsta, som vert avløyst av Krafsefestivalen på Eidsbugarden, før tradisjonsrike Målrock i Årdal går av stabelen.

Les meir hjå LNK.

Nynorsk i barnehagen

Barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor rullar vidare. No har mållagsleiar Håvard B. Øvregård vore på barnehagevitjing på Oppsal i Oslo, med Aftenposten på slep.

Les meir hjå Aftenposten.

Krev betre sidemålsopplæring

– Når innvandrarungdom på Oslo aust kan fryda seg over nyvunne nynorskkunnskapar, må det vera råd å få nynorsk syntaks til å festa seg også på Oslo vest, meiner Bergens Tidende på leiarplass

Les meir hjå Bergens Tidende.

Uskedøl får mållagspris

Skuleeleven Ingebjørg Haugland har fått pris for god nyorskbruk. Haugland får prisen av Kvinnherad Mållag, som årleg deler ut 500 kroner til to skuleelevar i 10. klasse.

Les meir hjå Uskedalen.

Fylkesmann satsar på språk

– Med kompetansepåfyll og øving blir ein tryggare på språket og kan jamvel komme til å bli glad i nynorsken, seier Kristin Dybdal Holthe hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Les meir hjå Språkrådet.

– Valfritt sidemål kan redda nynorsken

– Å bruke pisken for å lære et skriftspråk å kjenne fører bare til at det går nedover, meiner Mathilde Tybring-Gjedde i Oslo Unge Høgre, som svar til Håvard Vederhus' (AUF) påstand om at valfritt sidemål i Oslo vil utrydda nynorsken.

Les meir hjå dittOslo.

– Samisk er sexy

Å meistra samisk språk styrkjer sjølvkjensla til samisk ungdom, seier språkprofessor Sari Pietikäinen, som meiner samisk språk har vorte sexy.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Kvenskfinsk studiekutt

Styret ved Universitetet i Tromsø har vedteke å kutta studieretningane kvensk og finsk. Dimed forsvinn det einaste studietilbodet i desse språka i Noreg.

Les meir hjå Nordlys.

Nynorsk datajuks til karakteren 5

Dei nynorske eksamenssvara er betre enn dei «burde» vera, og lærarane mistenkjer at elevane juksar ved å bruka omsetjingsprogrammet Nyno. Aftenposten har gjort ei testomsetjing med programmet, og får karakteren 5 av nynorskekspertane.

Les meir hjå og Aftenposten.

Fleire delte meiningar om sidemål

– Høyre vil utrydde nynorsken, tordnar Håvard Vederhus, leiar i Oslo AUF, til dittOslo.no.

– Hosianna - vær velkommen!, jublar Finn-Erik Vinje i Dagbladet.

– Norskfaget er for stort som det er i dag, meiner Ringerikes Blad i ein leiarteig med tittelen «bokmål er nok».

Les meir hjå Dagbladet, dittOslo og Ringerikes Blad.

Mange fordelar med fleirspråk

Språkforskar Pia Lane meiner fleirspråksstoda har gjort Noreg til eit opnare samfunn. Nyare forsking viser også at fleirspråkleg oppvekst hemmar Alzheimersutvikling og gjer borna meir kreative.

Les meir hjå NRK Sápmi.

– Jesus snakka ikkje bokmål

– Det er viktig at ungane som veks opp, ikkje trur at Jesus snakka bokmål, seier Helga Hjetland i aksjonsgruppa Språkleg rettferd i trusopplæringa.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Det vert ikkje nytt «Oslo-forsøk»

– Andre skular har oppnådd gode resultat på å leggja til rette for ekstra tiltak for sidemål, sa Khalid Mahmood (Ap) i sidemålsdebatt på Litteraturhuset på tysdag, der det vart klart at fleirtalet i Oslo bystyre seier nei til fjerning av sidemålet.

Les meir hjå Framtida.no.

Målungdomen inviterer til jubileumsleir

Norsk Målungdom fyller 50 år i år, og samlar seg til jubileumssumarleir på Vinstra 5.-10. juli. På programmet står namn som Arnfinn M. Vonen, Aina Basso, prof. Peter Trudgill, dr. Oddrun Grønvik, ordførar Rune Øygard, med fleire.

Les meir hjå Norsk Målungdom.

– Treng framleis nynorsk

– Å gjøre skriftlig sidemål valgfritt er derfor en bjørnetjeneste overfor elevene. Men hvis de får én karakter for sine skriftlige ferdigheter, kan det skape større entusiasme for et fag der mange norske elever ikke er gode nok, skriv Adresseavisen på leiarplass.

Les meir hjå Adresseavisen.

– For få nynorskjournalistar

NRK-sjef Hans Tore Bjerkaas vil gjerne oppfylla kravet om 25 % nynorsk i statskanalen, men meiner det vert vanskeleg fordi det vert utdanna for få nynorskbrukande journalistar.

Les meir hjå LNK.

Språkleg toleranse i Noreg

Det finst større toleranse for mangfald og variasjon i talemålet her til lands enn i mange andre land, til dømes nabolanda våre. Det meiner språkprofessor Arne Torp.

Les meir hjå Universitetet i Oslo.

Samisk alter i Nidarosdomen?

Snåsa-presten Bierna Bientie ynskjer eit samisk altar inn i Nidarosdomen. Biskop Tor Singsaas vil ikkje lova noko altar, men er open for å ta inn eit samisk «permanent uttrykk av kunstnerisk art».

Les meir hjå NRK Sápmi.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.