nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Tankane går til offera

Fredag vart Noreg råka av eit bombeåtak i Oslo sentrum og ein massakre på AUF sin sumarleir på Utøya. Me deler sorga og sender alle våre tankar til offera og deira pårørande.

Samanliknar samiskfordommar med jødehat

Nyleg har nokon teipa over den samiske delen av kommuneskiltet til Kåfjord kommune. Ordføraren synest det er leit at folk ikkje kan akseptere at kommunen synleggjer minoritetsspråket.

Les meir hjå Nordlys.

Mållovsbrot hjå politiet

På politi.no er det berre 11,5 % nynorsk, medan det ifølgje lova skulle vore 25 %. Språkrådet krev planar for nynorskbruk. - Det er eit dårleg signal at politiet som skal passa på at andre følgjer lovar og reglar, ikkje følgjer mållova, seier leiar av Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen.

Les meir hjå Verdens Gang.

Fylkesmann braut mållova

I tre annonsar skreiv Fylkesmannen i Aust-Agder på bokmål, når det skulle vore nynorsk. No får dei refs frå Språkrådet.

Les meir hjå NRK Sørlandet.

Nynorsk nettdugnad

Den nynorske nettdugnaden er god, seier Bjarte Sørensen, som er grunnleggjaren av nynorsk Wikipedia. Prosentvis har nynorsk Wikipedia auka meir enn både bokmåls- og engelskutgåva.

Les meir hjå LNK.

Valde bokmål

Den private skulen Torvikbukt skule i Gjemnes har valt å byte språk frå nynorsk til bokmål.

Les meir hjå rbnett.

Dagleg leiar på Ivar Aasen-tunet

Gaute Øvereng er tilsett som dagleg leiar på Ivar Aasen-tunet.

Les meir hjå Nationen.

God sumar!

Grunna fellesferie kjem nynorsk.no berre til å verta sporadisk oppdatert i juli. Me ynskjer alle lesarar god sumar, og hjarteleg velkomne tilbake til daglege oppdateringar i august!

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.