nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Språkrådet til Hallingdal

Språkrådet kjem til Hallingdal denne veka. Direktør Arnfinn Muruvik Vonen og medarbeidarane hans skal mellom anna sjå på kvifor mange unge hallingdølar byter til bokmål.

Les meir hjå Hallingdølen.

Nynorskteater på turne

Medan Få meg på, for faen rullar over kinolerreta, skal teaterstykket med same namn på vestlandsturne. Mange av førestillingane går for skuleelevar som del av den kulturelle skulesekken.

Les meir hjå Framtida.no.

Debuterer med diktsamling

Kristina Leganger Iversen (22) frå Åsane, som bytte til nynorsk i andre klasse på vidaregåande, debuterer i haust med diktsamlinga Hjartemekanikk på Det Norske Samlaget.

Les meir hjå Framtida.no.

Øvregård på «Speakers Corner»

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, er hovudtalar på «Speakers Corner» på Hamar i kveld. Emnet for diskusjonen er «Fleirspråk eller einfald? Vert språk verdsett i Noreg?».

Les meir hjå Hamar Arbeiderblad.

Sjarmoffensiv frå SV-Solhjell

Bård Vegar Solhjell (SV) meiner antisidemålsargumentasjonen til Høgre er pinleg og svak. Han varslar også at SV skal setja ned eit eige utval som skal sjå på vilkåra for nynorsken.

Les meir hjå Hallingdølen.

Klår nynorsksiger i Skåbu

Skulemålsrøystinga i Skåbu i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen, gav klårt fleirtal for nynorsk. Av 245 røyster totalt måtte bokmålet nøya seg med 95 røyster.

Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Felles norsk Wikipedia-portal

Wikipedia på bokmål, nynorsk og samisk vert samla på éin felles Wikipedia-portal. Wikimedia Noreg vonar dette vil gjera fleire brukarar merksame på den nynorske og den samiske utgåva.

Les meir hjå Framtida.no.

Byter til nynorsk

– Vi er stolte av alt vi gjer. Røtene våre og historia vår er viktig, seier Knut Roger Nesdal hjå klesprodusenten Skogstad Sport, i samband med at Skogstad byter til nynorsk som marknadsføringsspråk.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

Jubileum i Jølster

I Jølster – heimkommunen til målungdomsleiar Janne Nygård – er det 100 år sidan nynorsken vart innførd som skulemål. Jølster kommune og Jølster Mållag feirar med ei målveke.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Meir nynorsk på Haukeland

Helse Bergen har fått pålegg frå Språkrådet om å halda seg til hovudformene i nynorsken. Helseføretaket har til no brukt mykje bokmålsnære sideformer, mellom anna fordi dei har fått mykje kjeft frå pasientar for at dei bruker nynorsk.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Hellbillies-poet vert festspeldiktar

Neste års festspeldiktar for Dei nynorske festspela vert Arne Moslåtten frå Ål i Hallingdal. Moslåtten er musikklærar, men mest kjend frå Hallingdals-gruppa Hellbillies.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

Milliondrift på Haugesenteret

Nynorsk kultursentrum legg opp til 5,7 millionar kroner i driftsinntekter for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik neste år. Kultursentrumet håpar Ulvik kommune skal dekkja 600 000 av dette.

Les meir hjå Avisa Hordaland.

Meir turbulens i Samlaget

– Jeg synes det er leit at det fortsatt ser ut som om det er turbulens i Samlaget, seier Bok og Samfunn-redaktør Dag Nestegard i samband med at endå ein Samlags-sjef trekkjer seg.

Les meir hjå Klassekampen.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.