nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Nynorsk på frammarsj i salmeboka

I den komande utgåva av Norsk Salmebok kjem nærare 39 prosent av salmane til å vera på nynorsk. Det er tydeleg framgang frå den førre salmeboka frå 1984.

Les meir hjå Framtida.no.

– Kva nå, målfolk?

– Finst det kampvilje nok til å halde på tradisjonane og språket i Tysvær, eller skal ein berre sitte å sjå at bokmål tar over, spør Tysvær Bygdeblad på leiarplass.

Les meir hjå Tysvær Bygdeblad.

Meir bokmål i Tysvær

Det vert stadig fleire bokmålselevar på nynorskskulane i Tysvær. Dei siste sju åra har det gått frå full nynorskdominans til nærare halvt om halvt med nynorsk- og bokmålselevar.

Les meir hjå Tysvær Bygdeblad.

Tåkepratar bort 300 millionar

Fornyingsdepartementet har rekna ut at uklårt og uforståeleg språk frå styresmaktene fører til ekstraarbeid for 300 millionar i året. Minister Rigmor Aasrud forlangar meir klarspråk.

Les meir hjå Verdens Gang.

Vil gje språkpris til born

Språkrådet og Forskingsrådet lanserer dette skuleåret ein eigen språkpris for born. Prisen skal delast ut i samband med Nysgjerrigper-prisane, for å stimulera til språkleg utforsking hjå born og unge.

Les meir hjå Hallingdølen.

«Tilrådd norm» på vent

– Vi har fått godkjent rettskrivingsnormalen, mens vi framleis ventar på avklaring om tilrådd norm, opplyser språkrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

Les meir hjå Nationen.

Stort steg for sørsamisk

– Det er en historisk dag for sørsamisk kultur, seier studieleiar Grethe E. Friedrich ved Høgskolen i Nord-Trøndelag etter at studiet i sørsamisk er på plass.

Les meir hjå Trønder-Avisa.

Like aktiv som før

Helga Hjetland har vorte pensjonist, men har framleis mange jarn i elden. Mellom anna er ho styremedlem i Noregs Mållag, og svært oppteken av å spreia nynorske barnebøker.

Les meir hjå Vi over 60.

Stedje fekk heiderpris

Under NRK Sogn og Fjordane sin hyllestkonsert til Olav Stedje, fekk den folkekjære artisten også tildelt ein heiderspris. Prisen vart delt ut av sjølvaste fylkesordførar Nils Sandal.

Les meir hjå Firda.

Grepstad vil rydda i norskfaget

– Me må rydde i norskfaget, auke timetalet og gjere norskfaget til eit norskfag att, sa kultursentrumsdirektør Ottar Grepstad under årstalen for nynorsk skriftkultur i går.

Les meir hjå Framtida.no.

Stedjekveld på nett-tv

– Ein banebrytar for å bruke nynorsk og dialekt i norsk musikk. I tillegg er han rett og slett ein heidersmann, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle, som står bak heiderskonserten til ære for Olav Stedje i morgon laurdag.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Avviser sabotasjeskuldingar

Øyvind Haaland i Statens vegvesen region vest avviser at feil bokmålsskilting i nynorskområde kjem av vrangvilje frå deira side.

Les meir hjå ABC Nyheter.

Lovar meir nynorsk

Kontoret for valdsoffererstatning i Haugesund legg seg flate etter at Språkrådet har påpeikt at kontoret skal bruka nynorsk som tenestemål.

Les meir hjå Radio Haugaland.

Ny rettskriving i boks

Kulturdepartementet har godkjent Språkrådet sitt framlegg til ny rettskriving for nynorsk. Den nye rettskrivinga skal gjelda frå og med 1. august 2012.

Les meir hjå Språkrådet.

Meir nynorsk i salmeboka

39 % av dei norskspråklege salmane i den nye salmeboka, kjem til å vera på nynorsk. Samisk og kvensk får også plass i den nye salmeboka, som etter planen skal koma i 2013.

Les meir hjå Vårt Land.

Skiltstrid også i vest

– Dersom det hadde vorte sett opp ei rekkje nynorskskilt på Austlandet, så ville dei raskt blitt bytta ut. Då bør det same skje i våre kommunar, som alle er nynorskkommunar, skriv Sunnhordland på leiarplass.

Les meir hjå Sunnhordland.

Fjernar nynorskskilt i Sigdal

Då Vegvesenet kom i skade for å skru opp eit vegskilt med påskrifta «skule» i bokmålskommunen Sigdal, såg Venstre-politikar Rune Nikolaisen raudt. No har Vegvesenet lova å byta ut skiltet med eit bokmålsskilt.

Les meir hjå Bygdeposten.

– Ein vanskeleg tale å lage

På torsdag held kultursentrumsdirektør Ottar Grepstad sin årlege tale om tilstanden for nynorsk skriftkultur. I år tek han føre seg opplæringspolitikk, som han meiner er ekstra vanskeleg å lage tale om.

Les meir hjå Møre-Nytt.

Lagar mat på nynorsk

– For meg er mat på nynorsk. Det er ikkje noko spørsmål det, seier kokebokforfattar Gunda Djupvik. Ho er aktuell med kokeboka Smalhans, som kjem ut på Det Norske Samlaget.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

Gratis nynorskhjelp i Valdres

Valdres Mållag tilbyr gratis språkhjelp til alle interesserte som ynskjer å bruka god nynorsk. Tilbodet er ope for både privatpersonar, organisasjonar og næringslivet.

Les meir hjå Valdres.no.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.