nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Framtida fyller år

Den nynorske nyhende- og debattavisa for ungdom, Framtida.no, har fylt eitt år. Framtida har vore i kontinuerleg vekst sidan starten, og skiltar no med 10 000 unike brukarar i veka.

Les meir hjå Avisa Hordaland.

Vil vera fyrstevalet

– Samlaget skal vere av ein slik klasse at det blir det naturlege valet for dei som skriv på nynorsk, seier Edmund Austigard, påtroppande direktør i Det Norske Samlaget.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Bokmålet vann i ny skulekrins

I Halsa kommune har det vore røysting om kva den nye skulen, Liabøen, skal ha som opplæringsmål. Bokmålet vann med overveldande fleirtal.

Les meir hjå Halsa kommune.

Ros til nynorsk litteraturfestival

– Ein slik festival gjev eit nytt fokus på nynorsk litteratur og nynorsk språk, skriv Bygdanytt om LeLittFestivalen i Nordhordland.

Les meir hjå Bygdanytt.

Vinje har fått målbruksplan

Nynorskkommunen Vinje i Vest-Telemark har vedteke ein kommunal målbruksplan. Det var Vinje Mållag som fyrst tok initiativ til å utarbeida planen, og ordførar Arne Vinje fylgde raskt opp.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Lomheim slaktar dialektkåring

– I undersøkinga er det heilt uavklart kva sexy er for noko, seier tidlegare språkrådsdirektør Sylfest Lomheim, som er svært kritisk til SIFO-undersøkinga om kva som er Noregs mest sexy dialekt.

Les meir hjå Framtida.no.

Leseglede på Åssiden

– Elever som leste Halldis Moren Vesaas gråt fordi det var så fint. Det skjer ikke når elevene må bøye nynorske verb. Da gråter de av andre grunner, seier norsklærar Karianne Falck-Ytter.

Les meir hjå Drammens Tidende.

– Kvifor lærer me bokmål?

Innvandrarar i Ål i Hallingdal stiller seg undrande til at dei lærer bokmål i staden for nynorsk på norskopplæringa. Det fører mellom anna til at dei slit med å forstå hallingdialekten.

Les meir hjå Hallingdølen.

Nynorskdiskusjon på Romerike

Romerikes Blad har invitert åtte ungdommar frå Skedsmo videregående skole til å diskutera nynorsk.

Les meir hjå Romerikes Blad.

14 ekstra nynorskmillionar

Regjeringa løyver nesten 14 millionar ekstra til nynorsktiltak i statsbudsjettet. Pengane går i hovudsak til nynorske teater og forfattarsenter.

Les meir hjå Kommunal Rapport.

– Halvorsen er ein skulediktator

Cristoffer Wand i Buskerud Unge Høgre er skuffa over at Utdanningsdirektoratet har avslege søknaden om valfritt sidemål, og tek i bruk brutale metaforar for å visa misnøye.

Les meir hjå Ringerikes Blad.

Syng Hellbillies på jærsk

Hilde Selvikvåg frå Lye på Jæren har hausta mykje ros etter at ho framførde Hellbillies-klassikaren Den finaste eg veit på ekte jærmål i songtalenttevlinga Idol.

Les meir hjå Jærbladet.

Språkår under planlegging

– Det som slår meg er kor mange andre som allereie har byrja å arbeide fram mot 2013. Det er ikkje slik at me må dytta folk i gang, seier Jens Kihl, prosjektleiar for Språkåret 2013.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Nynorsk barnekultursenter i kjømda

Ein lekkasje frå statsbudsjettet lover godt for det planlagde senteret for nynorsk barnelitteratur i Ryfylke. Berre formalitetar skal gjenstå før senteret kan realiserast.

Les meir hjå Suldalsposten.

Austigard med oppfylgjar

Edmund Austigard, som ved årsskiftet trer til som forlagsdirektør for Samlaget, er ute med boka Solskinsbussen. Boka er ein frittståande oppfylgjar til suksessdebuten Krinsereglane frå 2005.

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

Du kan nominera klarspråkkandidatar

Språkrådet skal dela ut Klarspråkprisen 2011 til eit statsorgan som brukar «et klart, forståelig og brukervennlig språk», og søkjer nominasjonar. Du kan nominera fram til fristen 1. november.

Les meir hjå Språkrådet.

– Snakk så eg forstår

Skuleaksjonen Hei Verden, som har hausta mykje mållagsros for å bruka nynorsk i elevmateriellet, rettar søkjeljoset mot quechua-born i Peru som ikkje får undervisning på eige språk.

Les meir hjå Framtida.no.

– La nynorsken vera inspirerande

– La nynorsken vera eit inspirerande og allsidig språk, ikkje eit språk som sit bittert, litterært og nedstøva bakarst i bokhylla, skriv Anita Svendheim.

Les meir hjå Framtida.no.

Kulturpris til Torvund

Diktaren Helge Torvund, populært kalla Twitterpoeten, har vunne Stavanger Aftenblad sin kulturpris for 2011. Torvund får prisen etter å ha fått flest røyster av Aftenbladet sine lesarar.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Krev teksting på begge måla

– Når Kulturdepartementet legg opp til å krevje norsk teksting av filmar som får statsstøtte, er det openbart at kravet må omfatte teksting på både nynorsk og bokmål, seier NMU-leiar Janne Nygård.

Les meir hjå Framtida.no.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.