nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Nynorsk vin(n) fram på polet

Vinmonopolet skal endeleg skiltast og profilerast på nynorsk i nynorskområda. Kulturdepartementet har slege fast at målvedtaket i kvar einskild kommune skal avgjera målet på lokale polutsal.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Nynorsk streikejubileum

I dag er det 40 år sidan 30 000 elevar streika for å få innførd retten til lærebøker på nynorsk. Tre år seinare vart retten lovfest. Nynorsk.no gratulerer alle med dagen!

Les meir hjå Noregs Mållag.

Nynorsk redaktørpRiise

Bente Riise, redaktør for det nynorske tidsskriftet Syn og segn, er tildelt Nynorsk redaktørpris for 2011.

Les meir hjå Journalisten.

Vil starta mållag på Hamar

– Språk er viktig uansett, og det er mulig å engasjere seg i et mållag ut ifra sitt eget ståsted, om en er nynorskbruker, bokmålbruker eller begge deler, skriv initiativtakar Jens Haugan.

Les meir hjå Hamar Arbeiderblad.

Simonsen ut mot sidemål - igjen

Åtte månader etter at han sist meinte Stavanger kommune burde fjerna sidemålet i skulen – og tapte i bystyret – repeterer Atle Simonsen (FrP) standpunktet sitt.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Skal nynorskifisere internett

Studentmållaget i Bergen er med på kampanjen der Norsk Målungdom skal spreie nynorsk på internett. Viseformann i Riksmålsforbundet, Sverre Martin Gunnerud, er usikker på kva konsekvensar kampanjen vil få.

Les meir hjå Studvest.

Hjartesmil flyttar

Mariell Øyre tar med seg bloggen til nyoppstarta grayzine.no. Bloggen kjem framleis til å vere på nynorsk. – Nynorsken er svært viktig for identiteten min som bloggar, eg trur ikkje hjartesmil kunne funnest på noko anna språk, seier ho.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorsk barnehagebesøk

Leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård har vore på barnehagebesøk på Toten. Målet er at borna skal tenkje over språket og at dei tilsette skal bli meir medvitne til nynorsk.

Les meir hjå NRK Hedmark og Oppland.

Lærebøker i finsk og kvensk

Lærebøkene i finsk og kvensk er finansierte av Fylkesmannen i Troms og Fylkesmannen i Finnmark, og håpet er at dei skal løfte statusen til faga.

Les meir hjå NRK Troms og Finnmark.

Vil ha samiske fosterheimar

Det er mangel på samiske fosterheimar. Samiske born har rett på å kome i ein familie med samisk språk og kulturkjennskap. Norske Samers Riksforbund etterlyser ein kampanje.

Les meir hjå Norske samars riksforbund.

Sterkt billettsal for Nynorske litteraturdagar

Med kjende namn og eit sterkt program har Nynorske litteraturdagar fått auka billettsalet sitt. Festivalen er 28.-30. oktober i Flåm.

Les meir hjå Framtida.no.

Bente Riise får nynorsk redaktørpris

Riise er redaktør for tidsskriftet Syn og Segn, og har i si redaktørtid modernisert og popularisert bladet.

Les meir hjå Syn og Segn.

Digitaldugnad i vinden

Framtida: «Lanserer digital nynorskdugnad»

Nationen: «Oppmodar til dugnadsomsetjing av nynorsk»

Hallingdølen: «Vil omsetje nettsider på dugnad»

NRK Sogn og Fjordane: «Samlar troppane for nynorsken»

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane, Nationen, Hallingdølen og Framtida.no.

Nye biblar lansert i dag

Etter 11 års arbeid som har involvert meir enn 50 personar, er dei nye bibelomsetjingane for nynorsk og bokmål klare. Prosjektleiar Dag Smemo lovar «friskt og godt språk» i dei nye utgåvene.

Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Ny frist for nynorskkommunar

Fristen for å søkja om Kommunal- og regionaldepartementet sin pris for årets nynorskkommune, vert utsett med ei veke. Den nye fristen er 24. oktober.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Språkskiftet vert oversett

– Me ser at den språkpolitiske vekta i opplæringsfeltet har vore på sidemål. Skriftspråkskiftet frå nynorsk til bokmål har nok ikkje vorte sett på som så politisk viktig, seier doktorgradsstipendiat Eli Bjørhusdal.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorsk bibelfest på Sunnmøre

Ivar Aasen-tunet i Ørsta inviterer til fest onsdag 26. oktober, for å markera utgjevinga av den nye bibelomsetjinga. Tilskiparane lokkar med festdag i tunet, og festkveld i Volda kyrkje.

Les meir hjå Nærnett.

– Godt å høyra nynorsk litteratur

Nynorskforfattarane Lars Ove Seljestad, Edmund Austigard og Helge Torvund var mellom innslaga under Ord i vinden på Time bibliotek, til stor glede for tilskodarane.

Les meir hjå Jærbladet.

Målungdomen lanserer digitaldugnad

Norsk Målungdom lanserer i dag Nynorsk digitaldugnad. Dei unge nynorskforkjemparane ynskjer å leggja til rette for at kven som helst skal kunna bidra i arbeidet med å nynorskifisera den digitale verda.

Les meir hjå Norsk Målungdom.

– Sidemål er «avlegs»

– Sidemålsstilen er avlegs mens litteraturen er viktig og vel verdt å satse på, skriv Truls Kjellesvig, som har arbeidd som norsklærar i ein mannsalder.

Les meir hjå Utdanning.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.