nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Får ikkje lulesamisk undervisning

Mangel på lærarar som kan undervisa på lulesamisk, gjer at lulesamiske elevar ikkje får undervisning i morsmålet sitt.

Les meir hjå Norske samars riksforbund.

Avispryl til Bondestudentar

Bondestudentar ligger ikke bare langt under Garborgs nivå, men også hva man forventer på Det Norske, skriv teatermeldar Therese Bjørneboe.

Les meir hjå Aftenposten.

Skreiv betre på nynorsk

– Eg gjekk over til nynorsk og blei utfordra til å skrive meir munnleg. Det blei meir moderne, og dette har vore bra for skrivinga mi, seier bokdebutant Sunniva Relling Berg.

Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Samisk fråfall var frykta

– Det ble et vanskeligere fag for elevene, seier statssekretær Lisbeth Rugtvedt om elevfråfallet etter at faget «Samisk språk og kultur» vart bytt ut med «Samisk som andrespråk».

Les meir hjå NRK Sápmi.

Trønderpapegøye på rømmen

Ein papegøye som snakkar trønderdialekt er på rømmen i Oslo. Papegøyen rømde frå Bislett for snart to veker sidan.

Les meir hjå P5.

Satsar på lulesamisk

Under fylkesmannen i Nordland sin årlege lulesamiske konferanse, kunne Universitetet i Nordland presentera ei auka satsing på lulesamisk utdanning.

Les meir hjå Universitetet i Nordland.

Samisk språklekkasje

Talet på elevar med nordsamisk som andrespråk har gått ned med 40 % etter at Kunnskapsløftet vart innført i 2006. Professor Jon Todal meiner tala er alvorlege.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Premiereklar nynorsksuksess

Maria Parrs prislønte barnebok Vaffelhjarte er klar for premiere som barne-tv-serie på fredag. Hovudrolleinnehavar Simon Voldsund (10) gler seg til premierefest.

Les meir hjå Herøynytt.

Nynorskskilta er på plass

Tre veker etter at Statens vegvesen lova å ordna opp, har vegskilta i Sunnhordland endeleg kome på nynorsk.

Les meir hjå Sunnhordland.

Får læra nynorsk i Kvinnherad?

Éin månad etter valet, ser den politiske stoda i Kvinnherad endeleg ut til å verta klar. Den nye koalisjonen av Ap, Frp og V tek over makta, og lovar mellom anna norskopplæring på nynorsk for framandspråklege i kommunen.

Les meir hjå Grenda.

Røyrvik får ikkje vera med

I framlegget til statsbudsjett for 2012, er der ikkje sett av midlar til å innlemma Røyrvik kommune i forvaltingsområdet for samisk språk.

Les meir hjå Norske samars riksforbund.

Statsmillionar til samisk språkverkty

I statsbudsjettet har regjeringa sett av 5,25 millionar til Divvun, prosjektet for utvikling av samiske digitale rettskrivingsverkty. Divvun finst for både nord-, sør- og lulesamisk.

Les meir hjå Digi.no.

Startar mållag på Hamar

– Ein skal kunne bruke målforma si når som helst og i alle samanhengar utan heile tida å måtte forsvare seg, seier Jens Haugan, initativtakar til oppattskipinga av Hamar Mållag.

Les meir hjå Østlendingen.

Øvregård vil ha ordbokspengar

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, meiner regjeringa må løyva meir pengar til Norsk Ordbok 2014. Øvregård fryktar prosjektet ikkje skal verta ferdig til grunnlovsjubileet.

Les meir hjå Firda.

Misjonærbarn får blandingsdialektar

– Jeg sier at jeg har misjonærbarndialekt. Det synes jeg er et dekkende begrep, seier Ingrid Karin Swan, som kombinerer rulle-r med sørvestlands tonefall og retroflekse lydar.

Les meir hjå Vårt Land.

Skuldar regjeringa for lovnadsbrot

Geir Wulff i Samisk forlegger- og avisforening meiner regjeringa bryt lovnaden om å indeksregulera støtta til dei samiske avisene, som berre får dekt halve prisveksten i året som kjem.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Nynorskskryt til Straumen skule

– Med god planlegging, litt økonomiske midlar og mykje entusiasme kan ein få til mykje, seier rektor Inger Marie Tørresdal ved Straumen skule i Tysvær.

Les meir hjå Tysvær Bygdeblad.

Haram Mållag er skipa

Det nyaste skotet på mållagsstammen er Haram Mållag, som held til på Haram på Sunnmøre. Kjell Rogne Straume vert den fyrste leiaren i laget.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Finn-Erik Vinje rir igjen

– Finn-Erik Vinje har vært etter meg over lang tid - helt siden jeg begynte å skrive anmeldelser på nynorsk, seier bokmeldar Vidar Kvalshaug, etter knallhard kritikk frå Finn-Erik Vinje.

Les meir hjå Dagbladet.

Norsklærar hardt ut mot Grepstad

– Uansett hvor mye penger norske politikere pumper inn i dette nynorske Mumle-Gåsegg-prosjektet, så vil det ikke vokse, snarere tvert om, skriv norsklærar Knut Michelsen.

Les meir hjå Utdanning.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.