nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Amerikanske julesongar på nynorsk

Kjell Inge Torgersen er aktuell med plata Julelegender, som inneheld ei rekkje amerikanske julesongar som Torgersen har omsett til nynorsk.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Nytt Språknytt

Språkrådet har gjeve ut årets siste nummer av *Språknytt, og lokkar mellom anna med saker om vanskelege NAV-skjema, den nye teiknspråksrådgjevaren og vinnarane av Språkprisen.

Les meir hjå Språkrådet.

Sjøsamisk og kvensk skule nedleggingstruga

Dei sjøsamiske og kvenske oppvekstsentra i Indre-Billefjord og Børselv er truga av nedlegging. Formannskapet i Porsanger vil flytta dei Lakselv for å spara pengar.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Nynorskjul i Vestfold

Bakkenteigen mållag inviterer til «Jul på nynorsk» i biblioteket på Høgskolen i Vestfold fyrstkomande måndag. Tema for kvelden vert bibelomsetjing, julesongar og humor - på nynorsk.

Les meir hjå Høgskolen i Vestfold.

Vil ha nynorsk for innvandrarar

– Ein innvandrar som lærer nynorsk i staden for bokmål, vil i storparten av vårt langstrekte land òg forstå den lokale dialekten betre, skriv mållagsleiar Håvard B. Øvregård.

Les meir hjå Utdanning.

Starta nynorskskipnad på Blindern

– Me har sett oss leie på professorar som hånar nynorsken, seier UiO-student Marte Bergo Hildal, som nyleg starta opp Blindern Nynorske Skipnad i lag med to studieveninner.

Les meir hjå Framtida.no.

Etterlyser prispengar

Stord vart årets nynorskkommune i 2009, men i dag er det ingen i kommunen som kan gjera greie for den delen av prispengane som ikkje vart fordelt umiddelbart. Avisa Sunnhordland etterlysar midlane på leiarplass.

Les meir hjå Sunnhordland.

– Vi må prate positivt

– Inntil vidare skal alle elevane i Noreg lære både nynorsk og bokmål. Då må vi som vaksenpersonar prate positivt om nynorsk og formidle ei haldning om at dette er ei flott målform som ikkje treng å vere så vanskeleg. Nynorsk blir i alle fall ikkje lettare av å kalle det spynorsk eller fjøsmål, skriv FrP-politikar Hanne Blåfjelldal.

Les meir hjå Dagsavisen.

Skei Hotel får Målrosprisen

Skei Hotel er tildelt Målrosprisen av Jølster Mållag. Prisen vart delt ut på Eikaasgalleriet i Jølster sist sundag.

Les meir hjå Firda Tidend.

Kringkastingsprisen til Morten Sandøy

TV2-anker Morten Sandøy er tildelt den prestisjetunge Kringkastingsprisen for 2011. Saka er omtalt i mellom anna NA24, Halden Arbeiderblad, Journalisten, Firda, Siste.no, NRK Sogn og fjordane, Framtida, Nationen, E24, Stavanger Aftenblad og TV2.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane, Nationen, Firda, Framtida.no, Journalisten, Stavanger Aftenblad, Siste.no, NA24, Halden Arbeiderblad, E24 og TV2.

– Fekk ikkje taket på det

– Eg trudde du måtte vere supermenneske for å skrive nynorsk. Eg følte i alle fall eg ikkje fekk taket på det, skriv FrP-politikaren Hanne Blåfjelldal – som har bytt tilbake til nynorsk i vaksen alder.

Les meir hjå TV2 Politisk.

Målmann fekk fylkeskulturpris

Målmannen Nils-Tore Leivdal har fått Møre og Romsdal sin fylkeskulturpris for sitt omfattande kulturarbeid. Leivdal har også vore aktiv målmann gjennom store delar av livet.

Les meir hjå Aura Avis.

Huitfeldt nøgd med bokmål

Kulturdepartementet har vedteke obligatorisk teksting for statsstøtta kinofilmar, men overser kravet frå Målungdommen om at tekstekravet må omfatta både bokmål og nynorsk.

Les meir hjå Framtida.no.

Vil ha språksatsing i nord

– For meg som er ein høgt utdanna innvandrar til Nord-Noreg, er denne djupe motstanden mot det samiske absurd, skriv språkforskar Øystein Vangsnes.

Les meir hjå forskning.no.

– Språk viktig for integrering

– Det er mye som er viktig for god integrering, men nøkkelen er språket, seier Yasmeen Biabani, som sjølv held trufast på nynorsken.

Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Samar vert sjikanerte

I kjølvatnet av striden rundt Tromsø kommune si vingling i saka om innlemming i det samiske språkforvaltingsområdet, opplever fleire samar i Tromsø å verta grovt sjikanerte på gata og over telefon.

Les meir hjå NRK Troms og Finnmark.

Årets nynorskkommune er lekk

Fjell kommune i Hordaland vart nyleg kåra til årets nynorskkommune, men talet på nynorskelevar i kommunen går nedover jamført med bokmålselevane.

Les meir hjå Bergens Tidende.

– Alle kan velje

– Ingen skriv berre rett. Men alle kan velje rett språk. Det barn kan, bør byråkratar og hamburgarkjeder òg klare, skriv språkrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen i ein kronikk.

Les meir hjå Språkrådet.

Mållagsleiaren vil snu trenden

– For at en skal lære nynorsk godt så må en møte mer nynorsk rundt seg enn en gjør i dag. Det er mulig og det jobber vi for, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Les meir hjå NRK Hedmark og Oppland.

Skipar kvensk ungdomsorganisasjon

Laurdag 10. desember vert Kveeninuoret – Kvensk Ungdomsnettverk – skipa for å revitalisera kvensk kultur og styrkja kvensk språk.

Les meir hjå Norske Kveners Forbund.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.