nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Fjellstø prisvinnar

Kommunal- og regionaldepartementet sin årlege pris til årets nynorskkommune, gjekk i år til Fjell kommune i Hordaland. Prisen var på 100 000 kroner og eit kunstverk.

Les meir hjå Regjeringa.no.

Ravatn fekk språkpris

– Eg skriv og dei slåst, sa Agnes Ravatn om arbeidsfordelinga mellom henne og målrørsla, i takketalen etter at ho hadde fått tildelt Språkrådet sin språkpris for 2011.

Les meir hjå Framtida.no.

Etterlyser bokmålspengar

Styra i Den norske forfatterforening og Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening krev statlege midlar til å fullføra Det Norske Akademis store ordbok innan 2014.

Les meir hjå Dagbladet.

Ingvild Holvik får Blixprisen

«Holvik framstår som ein heilstøypt forfattar allereie i debuten», skriv juryen i grunngjevinga for kvifor dei har valt å gje Ingvild Holvik årets Blixpris.

Les meir hjå Bok & samfunn.

Michelsen ut mot sidemål – igjen

– Gode argumenter er ikke lett å oppdrive sånn uten videre, for dagens sidemålsordning i skolen er ikke først og fremst faglig forankret, skriv Knut Michelsen i eit debattinnlegg.

Les meir hjå Utdanning.

Åtte nynorskpriskandidatar

Aurland, Bremanger, Vågå, Fjell, Norddal, Vinje, Lindås og Masfjorden kjempar om å verta årets nynorskkommune 2011. Det er Kommunaldepartementet som deler ut prisen.

Les meir hjå Kommunal Rapport.

Lærarar ignorerer samisk

I Kåfjord kommune melder 8 av 20 grunnskulelærarar at dei ikkje synleggjer det samiske på skulen. Rektor Odd Harald Fagerli etterlyser samisk språkstimulering i barnehagen.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Målpris til Dale Oen

Symjaren Alexander Dale Oen har fått Øygarden Mållag sin målpris.

Les meir hjå P5.

Litteraturtalkshow på Stord

Brit Bildøen, Kristine Tofte, Ingelin Røssland og Marit Eikemo var trekkplastera då barnebokfestivalen Falturiltu vart avslutta med litterært talkshow på Arena på Stord.

Les meir hjå Sunnhordland.

Årbok i sal

Nordmøre Mållag har gjeve ut ei ny årbok. 2011-årboka har fått namnet «Du mitt Nordmøre 2011», og inneheld tekstar frå ikkje mindre enn 30 forfattarar.

Les meir hjå Tidens Krav.

NMU-leir på Røros

27.-29. januar 2012 samlar målungdommar landet over seg til vinterleir. Denne gongen er leiren lag til Røros i Sør-Trøndelag, som nyleg vart kåra til verdas beste reisemål.

Les meir hjå Norsk Målungdom.

Tilrår Apertium

– Jeg kan lese nynorsk, men kan ikke skrive det. Derfor har jeg funnet en webside som oversetter bokmål til nynorsk, skriv professor Allan Krill om omsetjingstenesta Apertium.

Les meir hjå Universitas.

Ny lansering frå Nynorsksenteret

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, populært kalla Nynorsksenteret, har lansert nettstaden Berte og Iver, som er eit tilbod på nynorsk til barnehageborn.

Les meir hjå Mørenytt.

Kvinnherad kursar dei tilsette

Kvinnherad kommune har kursa dei tilsette i administrasjonen i nynorsk, slik at språket deira skal verta så godt at sakene dei sender til politisk handsaming ikkje kan tolkast ulikt.

Les meir hjå Kvinnherad kommune.

Målpris til Lindborg-brørne

Brørne Andreas og William Lindborg har fått Os Mållag sin målpris. Dei får prisen for konsekvent og god nynorskbruk i marknadsføringa for Rock'n'LOL-festivalen på Søfteland.

Les meir hjå Midtsiden.

Falturiltu får ros

– Litteraturfestivalen har nok bidrege til at fleire born og unge har fått større interesse for nynorsk litteratur, heiter det på leiarplass om barnebokfestivalen Falturiltu.

Les meir hjå Sunnhordland.

Høyringsrunde i Mållaget

Lokallekken i Noregs Mållag skal no koma med synspunkta sine på spørsmålet om kor ofte organisasjonen skal skipa til landsmøte. Høyringsfristen er 25. november.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Tromsø trekkjer samisk-søknaden

Språkforskar Øystein Vangsnes meiner Tromsø kasta bort ein viktig sjanse til å vitalisera samisk språk, når kommunestyret i går vedtok å trekkja søknaden om innlemming i det samiske forvaltningsområdet.

Les meir hjå NRK Troms og Finnmark.

Deltek i Grand Prix med nynorsklåt

Kim André Rysstad skal delta i neste års Melodi Grand Prix med ei låt på nynorsk. Programleiar Per Sundnes meiner Rysstad dimed gjer tevlinga breiare og meir representativ for heile landet.

Les meir hjå NRK .

HiNT(ar) frampå med joik

Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) er den fyrste høgare utdanningsinstitusjonen i Noreg som tilbyr studium i joik. Målet er at joik etter kvart skal kunna verta eit skulefag.

Les meir hjå Ságat.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.