nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

God jul!

Nynorsk.no-redaksjonen tek ferie fram til utpå nyåret, så eventuelle oppdateringar i jula kjem til å vera sporadiske. I mellomtida ynskjer me alle god jul og eit retteleg godt nyttår – og så sest me igjen med daglege nyhende frå nynorskverda i 2011!

Johaug får Dialektprisen 2011

Therese Johaug har vorte kåra til vinnar av Dialektprisen 2011. Prisen, som Norsk Målungdom har delt ut sidan 2001, er mellom dei mest prestisjetunge språkprisane i Noreg. Les meir i pressemeldinga frå Norsk Målungdom.

Saka er også omtalt i m.a. Arbeidets Rett, Nordhordland, Verdens Gang, Rogalands Avis, NRK, Utdanning, P4, Hamar Arbeiderblad, Folkebladet, Møre, Hordaland og Framtida.

Les meir hjå Norsk Målungdom, Avisa Hordaland, Utdanning, Rogalands avis, Møre, Hamar Arbeiderblad, Framtida.no, Nordhordland, NRK Hedmark og Oppland, Verdens Gang, Folkebladet, Arbeidets Rett og P4.

Vil skriva «vei»

Alf Steinar Grønvold frå Rælingen er mektig lei av at gatenamnet han bur i endar på «veg». Grønvold meiner «veg» med g er nazirettskriving (!), og vil difor skriva «vei» i staden.

Les meir hjå Romerikes Blad.

Vil læra innvandrarar nynorsk og dialekt

– Dialektkunnskap og nynorsk må vera ein del av opplæringa hos alle med utanlandsk bakgrunn som bur i Noreg, seier doktorgradsstipendiat Elena Tkachenko frå Russland.

Les meir hjå Uniforum.

Skurkane snakkar nynorsk

– Dei dumme og litt einfaldige snakka slik som eg gjer, medan dei kule og kloke, helten og heltinna, snakka bokmål, seier Anne-Mette Hjelle om familiefilmen «Dragetreneren».

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Krev sidemål på barnesteget

– Opplæringslova bør endrast slik at den skriftlege opplæringa i sidemål tek til alt på barnesteget, seinast i 5. klasse, skriv Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Målungdomar kan betala med SMS

Norsk Målungdom har skaffa seg system for medlemspengeinnbetaling via SMS. Dersom du ikkje har betalt medlemspengane dine, kan du ordna det ved å senda kodeord MEDLEMSPENGAR til 2090. Les meir hjå Norsk Målungdom.

Nynorskens problem: Sentralisering

Sentralisering og flyttestraumar er hovudårsaka til at den slake nedgangen i talet på nynorskelevar held fram. Sogn og Fjordane er det einaste fylket der talet på nynorskelevar aukar.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorsk og dialekt er i skotet

I musikkbransjen er nynorsk- og dialektbruk på frammarsj. BokkeReidars Blues Band vi Volda er eitt av fleire døme på artistar som har bytt bort engelsken til fordel for heimleg mål.

Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Tennø tilsett i Mållaget

Marit Aakre Tennø er tilsett som ny norskfagskonsulent i Noregs Mållag. Stillinga er eit prosjekt som skal gå fram til stortingsvalet i 2013.

Les meir hjå Sogn Avis.

Nynorskens Hus i Bergen

– Nynorsken har, om bergensarar likar det eller ikkje, ein viktig funksjon. Bergen burde vere landets viktigaste nynorskby, skriv Hilde Sandvik, som tek til orde for eit Nynorskens Hus i Bergen.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Fekk ikkje kommunestyretolk

Ordførar Kurt Roger Hansen i Porsanger vil ikkje bruka pengar på tolk til kommunestyremøta. Kommunestyrerepresentant Kåre Olli vart dimed ikkje tolka til norsk då han tala på samisk på førre kommunestyremøte.

Les meir hjå NRK Troms og Finnmark.

Kvensk skule vert nedlagt

Porsanger kommune har med 10 mot 9 røyster vedteke å leggja ned den kvenske skulen i Børselv. Den sjøsamiske skulen i Billefjord får halda fram med 1.-4. klasse.

Les meir hjå Radio Nordkapp.

Målungdomsjubel for nynorsk mobilbank

Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, jublar over at SpareBank 1 har lansert mobilbanken sin i nynorsk utgåve. Nygård meiner SpareBank 1 har skaffa seg eit språkleg konkurransefortrinn.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorskjubileum i Lærdal

I år er det 100 år sidan nynorsk vart innførd som skulemål i dei fleste skulekrinsane i Lærdal i Sogn. Striden var hard, og gav mange småpussige utslag i bygdekvardagen.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

– Veljarane må avgjera språkspørsmål

– Det er etter vårt syn verken mulig eller ønskelig å ha formelle regler som krever at [sametings]presidenten må kunne samisk, heiter det på leiarplass i Ságat, som vil la veljarane avgjera.

Les meir hjå Ságat.

Ny og betre Radøy-kalender

Radøy Mållag held tradisjonen med å gje ut Radøy-kalenderen i hevd, og 2012-utgåva har fått endå nokre forbetringar. Nytt og meir praktisk design skal gjera kalenderen endå meir ettertrakta.

Les meir hjå Nordhordland.

Oppmodar til nynorsk reklameklikk

Framtida.no ynskjer seg større reklameinntekter, og oppmodar alle som vil ha meir nynorsk på nettet til å hjelpa til med å få opp klikktala.

Les meir hjå Framtida.no.

Vangsgutar i ny innpakning

30 år etter det førre juleheftet om Vangsgutane, har forfattar Sverre Årnes og teiknar Ivan Andreassen levert ny førjulsunderhaldning med brørne Steinar og Kåre, og naboguten Larris.

Les meir hjå Øyene.

Ægir får næringslivspris

Noregs Mållag har delt ut Nynorsk næringslivspris for 2011, og vinnaren er det vesle sognebryggeriet Ægir. Prisen vart delt ut på Håndverkeren i Oslo sist sundag.

Les meir hjå Framtida.no.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.