nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Målmann fekk fylkeskulturpris

Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal er tildelt Nils Tore Leivdal frå Batnfjordsøyra. Leivdal får prisen for mangeårig arbeid med folkemusikk, lokalhistorie og målsak.

Les meir hjå Romsdals Budstikke.

– Innvandrarar bør læra lokalt mål

– Dialekt er nemleg sterkare enn hudfarge som assosiasjonsmakar. Nett difor burde vi gjere det lettare for innvandrarar å lære den lokale dialekten. Nett difor burde innvandrarar lære nynorsk, skriv mållagsleiar Håvard B. Øvregård.

Les meir hjå Oppland Arbeiderblad.

Etterlyser nynorske lågkarbobøker

– Hadde det vore lågkarbobøker på nynorsk er eg sikker på at dei hadde blitt stilt ut, seier forlagssjef Torkjell Djupedal, som meiner nynorsk er ein fordel i bokbransjen.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorsk fotballkalender i Ørsta

Fotballgruppa i Ørsta IL har gått saman med Ørsta Mållag om å laga ein nynorsk fotballkalender. Kalenderen inneheld både bilete og gode historier.

Les meir hjå Mørenytt.

Lulesamisk satsing på UiN

Universitetet i Nordland satsar friskt på lulesamisk. Frå neste haust opprettar dei eit bachelorprogram i lulesamisk, der halvparten av undervisninga skal skje på nettopp det språket.

Les meir hjå Universitetet i Nordland.

Parr passerer Vestly

I haust har Maria Parr vore i vinden, med filmatiseringa av debutboka Vaffelhjarte gåande på barne-TV. No er den same boka selt for utgjeving på engelsk – og Parr vert dimed gjeven ut i fleire land enn Anne-Cath. Vestly!

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

Kan ikkje samisk

Willy Ørnebakk (Ap), som ligg an til å ta over vervet som sametingspresident etter Egil Olli, kan ikkje samisk, noko som igjen fører til splitta reaksjonar i ulike samiske miljø.

Les meir hjå NRK Troms og Finnmark.

Språkrådet tilbyr svadahjelp

I samband med klarspråkprosjektet i statleg forvaltning, har Språkrådet laga ein svadagenerator, der du kan få fram lattervekkjande døme på dårleg språk – til skrekk og åtvaring.

Les meir hjå Språkrådet.

Nynorsksong i Vaksdal

Kordial, Kilden og Bergen Turnforenings orkester trollbatt publikum med engelsk julemusikk framført på nynorsk under adventskonserten i Vaksdal kyrkje i helga.

Les meir hjå Vaksdalposten.

Espedal avslår Riksmålsprisen

– Hele den samtidslitteraturen jeg liker, forsvinner ut om man skal følge Riksmålsforbundets norm, seier Tomas Espedal, som difor nektar å ta i mot Riksmålsforbundet sin årlege språkpris.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Ignorerer nynorskbøkene

I svarteper-spelet om kven som har skulda for at nynorskbøker vert usynleggjorde i bokhandlar og marknadsføring, peiker forlaga på kjedane, og kjedane på bokhandlane.

Les meir hjå Framtida.no.

– Svekkjer ikkje samisk

Ordføraren i Tysfjord kommune, Tor Asgeir Johansen, meiner ikkje at formannskapet svekkjer dei samiske språktilboda i kommunen. Johansen viser til at Sametinget har godkjent omfordelinga av tospråksmidlar.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Rappar får nordisk språkpris

Den svenske rapparen Timbuktu er tildelt Nordens språkpris av Foreningen Norden. Juryen grunngjev tildelinga med at prisvinnaren styrkjer den nordiske språkfellesskapen.

Les meir hjå Framtida.no.

Reduserer språktilboda

Dersom formannskapet i Tysfjord får det som dei vil, kjem fleire samiske språktilbod retta mot born og pensjonistar til å verta avvikla. Kommunen vil heller bruka pengane på administrasjon.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Språpolitisk utakt i Tromsø

– Framleis er det mange som ønskjetenkjer seg Tromsø og Nord-Noreg som norsk, i notid og fortid, skriv Åse Mette Johansen i samband med at Tromsø likevel ikkje ville la seg innlemma i det samiske språkforvaltingsområdet.

Les meir hjå forskning.no.

Vil gjera Bergen nynorsk

– Hvorfor ikke ta den vestlandske kulturen og den fremste vestlandske identitetsmarkøren på alvor og si at Bergen like godt skal være nynorskens hovedstad, spør politisk redaktør Sjur Holsen.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Gøymer bort nynorskbøkene

Sjølv i nynorske kjerneområde er det vanskeleg å finna nynorske bøker hjå bokhandlarane. Bokmålsbøker om lågkarbodiett får høgare prioritet når utstillingsbøkene vert valde ut.

Les meir hjå Framtida.no.

Samehets i Sverige òg

Biletet av tverrspråkleg harmoni i dei samiske delane av Sverige slår sprekkar. Samiske skilt vert saboterte, gammer vert sette fyr på, og rasismen florerer på nettet, skriv språkforskar Øystein Vangsnes

Les meir hjå forskning.no.

Språkbad til sjøs

Lulesamar frå Noreg og Sverige møtest til språkbad for å verta trygge nok på sitt eige språk til å kunna bruka det i kvardagen. Mellom anna reiser dei ut på fiske, for å læra seg lulesamiske ord og uttrykk knytt til den bransjen.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Nynorsk bygdeprofessor

– Eg tok eit val då eg vart nynorskbrukar i 1959. Då var eg 16 og byrja å abonnere på Syn og Segn, seier Reidar Almås, som er nominert i Nationen si kåring av årets bygdeprofil.

Les meir hjå Nationen.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.