nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Siste om sidemålssaka, måndag 31. januar

– Eigentleg burde Harald Stanghelle, Knut Olav Åmås og alle me som har forlate nynorsken protestera og levera fleire tekstar på nynorsk. Me må vera vaksne og insistera litt meir, seier debattredaktør i VG, Elisabeth Skarsbø Moen til Bergens Tidende.

– Samfunnet er fleirspråkleg, og vi må utdane folk som kan møte den fleirspråklege kvardagen. Spørsmålet er på kva måte vi skal gjere det på, skriv Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, i Dag og Tid.

– Meir tankevekkande på eit grunnleggande nivå er direktoratet si forståing av danning. Det vert kopla mot elevane sin resepsjon av kulturen (lesing), ikkje mot elevane sin eigen produksjon (skriving), skriv Pål Hamre i Dagsavisen.

– Verken lærarar eller elevar prioriterer det som ikkje får karakter. Det skjønar alle, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, til Morgenbladet.

– Når det gjelder kravet om skriftlig sidemålskunnskap innen visse offentlige tjenester og yrker, så må arbeidslivet og høyere utdanningsinstitusjoner uten problemer kunne ta over dette opplæringsansvaret, skriv lokallagsleiar i Høgre, Henning Wold, i Tønsbergs Blad.

– Eg har sjølv opplevd å verta lei meg når folk gjer narr av språket mitt. For det er faktisk det det er. Mitt språk. Mitt morsmål. Og eg skal forsvara det til eg døyr, skriv Marion Fløysvik i Jærbladet.

– Når det kjem til debatt om nynorsk, kan 15-åringar frå Oslo vest vera med og definere kva debatten skal innehalda. Då er liksom argumenta deira gyldige. Om dei synest det er greitt å kutta brøk frå matteundervisninga for å få ein betre karakter, vil dei ikkje få gehør for det. Men når det gjelder nynorsk, får dei eit enormt gehør, seier Odd Nordstoga til Bergens Tidende.

– Kunnskapsdepartementet har et stort ansvar for at omleggingen av norskfaget ikke indirekte blir en aktiv dødshjelp. Vi har stor glede av nynorsken. Ikke minst fordi mye av den beste norske litteraturen skrives i den målformen, skriv Folkebladet på leiarplass.

– Det er nå umåtelig viktig at debatten om framtidas norskfag ikke koker ned til et spørsmål om for eller mot nynorsk, skriv Nye Troms på leiarplass.

– Går den rødgrønne regjeringen til valg neste år med løfte om å avskaffe nynorskkarakteren, har den en vinnersak – ikke minst fordi saken vil splitte opposisjonen, skriv Dagens Næringsliv på leiarplass.

– I Sogn og Fjordane har 97 % av elevane nynorsk som hovudmål. Der viser statistikken for eksamen i norsk for grunnskulen i 2011, at elevane i dette fylket går heilt til topps i sidemål med eit snitt på 3,7 der det nasjonale snittet er 3,2. For hovudmålet er tala 3,6 for fylket og 3,5 for heile landet. Desse elevane viser det er råd å tileigne seg høg kompetanse i begge målformer, skriv Anne Steinsvik Norddal i Dagsavisen.

– Eit framlegg om å nedvurdere sidemålet vil særleg råke nynorskens kår, og dei er vanskelege nok frå før, skriv Firda Tidend på leiarplass.

– Nynorsk – en landeplage?, er spørsmålet Romerikes Blad stiller til elevar ved Lillestrøm vgs.

– Direktorata hev nu omsida fårstått det alle andre har forstått lenga, nemleg at nynorska er daudande og at det ikkja er noka grunn til at elevana skal vertast tvinga til å læra noka inga forstår at dei har bruka for, skriv Are Kalvø hjå Framtida, i syrleg ironisering over sidemålsdebatten.

– Når Kristin Halvorsen snakkar om nynorsken og ungdomsskuleelevane, tek eg det personleg. Når Kristin Clemet – ein meiningsytrar eg har stor respekt for – skriv at no må vi ta inn over oss at vi er blitt eit multikulturelt samfunn, at folk er negative til nynorsk og at fagtrengselen i skulen gjer det naudsynt å prioritere, tek eg det personleg. Når ein tvitrar skriv forakteleg og kunnskapslaust om den kvite privilegerte etnisiteten(!) nynorskingen, tek eg det personleg, skriv Hilde Sandvik i Bergens Tidende.

– Som ein kompensasjon vil kunnskapsministeren gi eit ekstrapoeng til elevar som har nynorsk som hovudmål. Det er ei understreking av at dei to språka ikkje blir sett på som jamstelte, skriv Jærbladet på leiarplass.

– Eg reagerer sterkt på at framlegget kjem no. Konsekvensen er at fokuset på nynorskopplæring blir nedjustert endå meir, seier Trond Martin Sæterhaug i Nord-Trøndelag SV til NRK Sogn og Fjordane. Sæterhaug er ein av mange lokale SV-arar som reagerer sterkt på framlegget om å kutta i sidemålsopplæringa.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Siste om sidemål, torsdag 26. januar

– Det er et privilegium for et lite land å ha to sidestilte skriftspråk. Bokmål bærer med seg den sivilisasjon blant andre Danmark brakte oss, nynorsk er langt mer vår egen nasjonaleiendom, skriv VG på leiarplass, i eit forsvar for sidemålsopplæring.

– Meir og betre sidemålsundervisning gjer at elevane lærer meir og får betre haldningar, skriv målungdomsleiar Janne Nygård i Framtida.

– Å fjerna eigen karakter i sidemål, slik Kristin Halvorsen tek til orde for, vil bety ei avgjerande svekking av nynorsken, skriv Bergens Tidende på leiarplass.

– Men vi kan ikke se at argumentet om at det er for vanskelig skal ha legitimitet. Om norskundervisningen kan bli bedre, er en mer fruktbar inngang, skriv Romsdals Budstikke på leiarplass.

– Me vonar at ministeren kjem på betre tankar, kommenterer Sunnhordland på leiarplass.

– Nynorsk må ikke svekkes, skriv Oppland Arbeiderblad på leiarplass.

– Hele poenget med at alle skal ha et grunnlag i begge målformer er jo at alle norske borgere skal kunne bruke hovedmålet sitt. Det hjelper fint lite å være god i nynorsk (eller bokmål), dersom de du skal jobbe med ikke har snøring. Da vil naturlig majoritetsmålformen dominere, og etter hvert ta helt over, skriv Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn hjå TV2.

– Alvorleg åtak på nynorsken, meiner Sogn Avis på leiarplass.

– Kristin Halvorsen (SV) slår lag med «vestkant-Høgre», og går til åtak på nynorsken , skriv Sunnmørsposten på leiarplass.

– Det er viktig at nynorskleiren ikkje blir eit sytekor. I naturen overlever den mest tilpasningsdyktige. Eit språk som blir halde kunstig i live har kanskje ikkje livets rett, skriv Suldalsposten på leiarplass.

– Nynorsk fører til en vurdering som er likestilt med den karakteren som elevene får i for eksempel matematikk, naturfag og norsk hovedmål – det er rett og slett hysterisk!, rasar Karoline Moe Sandø i eit lesarinnlegg i Utdanning.

– Nynorsk er en pest og en plage, hevdar elevar ved Fagerborg vgs i Oslo, til Bergens Tidende.

– Om det er vanskelig fra før, blir det ikke bedre av at læreren er umotivert, seier ein elev på Molde vgs til Romsdals Budstikke.

– Å ta sidemålskarakteren er å undergrave nynorsken som jamstelt mål, og det skal SV kjempe mot, dermed basta, seier SV-politikar Oddny Miljeteig til Nationen.

– Det er urealistisk å forlange at elevene skal være like gode i hovedmål og sidemål, det viktigste er at man behersker hovedmålet godt, seier Høgrepolitkar Lene Westgaard-Halle til Østlands-Posten.

– De som er opptatt av og liker nynorsk vil velge det. Det er en bedre løsning enn å påtvinge nynorsk på elever som ikke ønsker faget, seier Sivert Bjørnstad (Frp) til NRK Trøndelag.

– Ingen som har litt historiefølelse kan la dette skje, seier Anne Austad frå Mållaget i Kristiansand til Sørnett.

– Det kan være vanskelig å motivere elevene til å lære nynorsk. De opplever at formverk og regler tar tid og er lite meningsfylt, seier Anne Lene Hojem (H) til Budstikka.

Sjå også kva Riksmålsforbundet sin nestleiar Sverre Gunnerud og Norsk Målungdom sin nestleiar Vebjørn Sture svara i nettmøte om sidemål hjå Nationen i dag.

Les meir hjå Verdens Gang.

Siste om sidemål

Sidemålsordskiftet rullar vidare. Her er eit utval:

– Like seriøst som å foreslå at færre timer i kjemi skal gi bedre karakterer i fysikk, skriv Rogalands Avis på leiarplass.

– Et brubart [sic] kompromiss, hevdar Avisa Nordland.

– Hvis dette er en langsiktig, forkledd og utspekulert måte å systematisk skulle bygge ned nynorsk som skriftspråk, er det ufint, seier forlagsdirektør Edmund Austigard til Nyhetene24.

– Vi er kritiske til framlegget som inneber svakare kompetanse i nynorsk, opplyser Olav Magnus Linge, leiar i Sosialistisk Ungdom, til Sunnmørsposten.

– Resultatet bør kunne bli en styrking av begge målformene, meiner Oppland Arbeiderblad.

– Det er lagt opp så døvt. Først og fremst fordi det stort sett berre blir undervist i grammatikk. Ein blir ikkje motivert når læraren kjem inn i klasserommet med ordboka under armen og ein veit at dei neste timen berre består av bøying av verb og pugging av ord, seier elev Jørgen Skontorp til Fredriksstad Blad.

– Nynorsk er eit døyande språk og det må vi hjelpe til å drepe, seier Fagerborg-elev Frende Mathisen til NRK Sogn og Fjordane.

– Skal nynorsken ha den nødvendige sosiale status så må nynorsk også oppfattast som eit viktig språk for dei som bruker bokmål, seier Aasentunet-direktør Ottar Grepstad til NRK Møre og Romsdal.

– Elevene blir ikke bedre i norsk av å svekke nynorsken, poengterer Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete til Nettavisen.

– Sidemål kan vera meir til pine enn til nytte, seier lærarstudent Camilla Kristiansen til NRK Østfold.

– Halvorsen gløymer nynorskelevane, kommenterer Terje Kjøde, leiar i Ørsta Mållag og Sunnmøre Mållag, i Møre-Nytt.

– I bunn og grunn er det nynorsken dette handler om. Det er nynorsken som står for hugg, seier norsklærar Kirsten Øvregaard til NRK Rogaland.

– Det er åpenbart at sidemålet i dag ikke fungerer etter hensikten, tvert imot gjør det nynorsk en bjørnetjeneste ved å fremkalle mye aggresjon. Prinsipielt er det riktig å ha sidemål, men den svekkingen man frykter er der allerede, seier nordiskstipendiat Klaus Johan Myrvoll til NRK.

– Det verste med forslaga som Halvorsen vil ha gjennom, er signalet som kunnskapsministeren sender ut om at eitt av språka våre er viktigare enn det andre, seier rettskrivingsnemndsleiar Grete Riise til NRK.

– Det er eit påfallande samanfall mellom lite levekårsproblem og nynorsk, og motsett mellom mange levekårsproblem og bokmål, skriv språkforskar Øystein Vangsnes på Forskning.no.

– Språket blir som ein dårleg frosenpizza, åtvarar nynorskkjendis og Høgremann Arne Hjeltnes til NRK.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane, NRK , NRK Møre og Romsdal, NRK Østfold, Sunnmørsposten, Rogalands avis, forskning.no, NRK Rogaland, Avisa Nordland, Fredriksstad Blad, Oppland Arbeiderblad, Møre-Nytt og Nyhetene24.

Sidemålsrabalderet er i gang igjen

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen meiner norskfaget er for omfattande, og vil «tona ned» sidemålsopplæringa i skulen, til kvasse reaksjonar. Les meir i t.d. ABC Nyheter, Sogn Avis, Romerikes Blad, Vårt Land, Framtida, Dagsavisen, Varden, Utdanning, Nordlys, Enebakk Avis, Hordaland og VG.

Les meir hjå Verdens Gang.

– 2012-nynorsken vert vanskelegare

– Me ynskjer dykk velkomne. Me ønskjer dykk velkomne. Vi ynskjer dykk velkomne. Vi ønskjer dykk velkomne. Me ynskjer dokker velkomne. Me ynsker dykk velkomne. Me ynsker dokker velkomne. Me ønskjer dokker velkomne. Me ønsker dykk velkomne. Me ønsker dokker velkomne. Vi ynskjer dokker velkomne. Vi ynsker dykk velkomne. Vi ynsker dokker velkomne. Vi ønskjer dokker velkomne. Vi ønsker dykk velkomne. Vi ønsker dokker velkomne, skriv Klaus Johan Myrvoll, for å illustrera kor rotete den nye nynorskrettskrivinga er.

Les meir hjå Aftenposten.

Finske samar flytter frå språket

I Finland vert dei samiske språka truga av at samane flytter sørover. Over helvta av dei samiske borna i landet bur no i område der dei ikkje får samiskopplæring.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Målpris til sogebladet

Årsskriftet Ljøren, som Gloppen Sogelag gjev ut, har fått årets målpris av Gloppen Mållag. Prisen vart delt ut under festmiddagen på Gloppen litteraturfest sist fredag.

Les meir hjå Firda Tidend.

– Ein stor reklametabbe

Tine har byrja levera lokal mjølk i mjølkekartongar som profilerer dei lokale gardane i ulike landsdelar. Likevel er så godt som alle kartongane på bokmål, noko mållagsleiar Håvard B. Øvregård ikkje lèt seg imponera av.

Les meir hjå Framtida.no.

Søkjer ny Hauge-sjef

Nynorsk kultursentrum søkjer etter ny dagleg leiar til Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Stillinga vert ledig i vår etter at Mari Olafson Lundemo har sagt opp.

Les meir hjå Hardanger Folkeblad.

Torkildsen kan vinne ny UPris

Nynorskforfattaren Terje Torkildsen er nok ein gong nominert til UPrisen. UPrisen er den einaste litteraturprisen som vert delt ut av ungdom, og Torkildsen har vunne prisen éin gong tidlegare.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorskkonsert i Aasentunet

Sunnmørsgruppa SANS og samling opnar konsertåret 2012 med nynorske songtekstar frå fjernt og nært i Aasentunet fyrstkomande onsdag.

Les meir hjå Vikebladet.

Mållaget gratulerer Storfjord

Noregs Mållag har sendt gratulasjonar til Storfjord kommune, etter at sistnemnde nyleg gjekk over til å vera trespråkleg. No har kommunen namn på både norsk, kvensk og samisk.

Les meir hjå Storfjord kommune.

Samnorskpris til Rishøi

Landslaget for språklig samling sin litteraturpris for 2011, er tildelt forfattar Ingvild Rishøi frå Oslo. Premien er på 25 000 kroner.

Les meir hjå Utdanning.

170 000 las Framtida i fjor

Den nynorske nettavisa for ungdom, Framtida, hadde 170 000 unike brukarar i 2011. Frå januar til desember auka talet på unike brukarar per veke med 20 %.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorsk barnehagekurs i Radøy

Radøy kommune i Hordaland har sendt dei barnehagetilsette på kurs i nynorsk. Kurset vart skipa til av Radøy Mållag, og mellom føredragshaldarane var Ingar Arnøy frå Noregs Mållag og Ingeborg Mjør frå Høgskulen i Bergen.

Les meir hjå Radøy kommune.

Dialekttrøbbel på Toten

Då forfattar Sigbjørn Mostue var på skuleturné i Oppland, vart han overraska over kor «utvatna» ungdomane på Toten snakka. Mostue trur elevane skjemmest for å snakka brei totning.

Les meir hjå Oppland Arbeiderblad.

Høgskolen i Harstad bryt mållova

Språkrådet opplever så mykje motvilje frå Høgskolen i Harstad, at dei har kontakta Kunnskapsdepartementet for å få Høgskolen til å retta seg etter mållova. Direktør Karl Erik Arnesen innrømmer at han ikkje likar kravet om minst 25 % nynorsk.

Les meir hjå NRK Troms og Finnmark.

– Dropp nynorsk i skolen

– Ethvert rasjonelt menneske vet at nynorsk til daglig er fullstendig ubrukelig, skriv Jonathan S. Bierach i eit lesarinnlegg, der han føreslår å fjerna nynorsk frå skulen.

Les meir hjå Adresseavisen.

Ynskjer meir kommunenynorsk

Sentrale styresmakter sender ofte informasjon og materiell på bokmål til nynorskkommunane. Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, meiner det undergrev nynorsken, og vil ha nynorskkommunane med på å halda staten i øyra.

Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.

Krev språknøytralt Oslo

Reza Rezaae og Morten Elster i Raudt Oslo har levert eit framlegg til kommunestyret om å gjera Oslo til ein språknøytral kommune. Oslo har i dag bokmål som administrasjonsspråk.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.