nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Gode tilbakemeldingar på nynorskbruk

Skogstad Sport gjekk over til å bruka nynorsk som marknadsføringsspråk for ei tid sidan. Salssjef Knut Roger Nesdal kan melda om at tilbakemeldingane på det har vore utelukkande positive.

Les meir hjå Sportsbransjen.no.

Storfjord på tre språk

Storfjord kommune freistar å etterleva mottoet «mangfold styrker». No har kommunestyret vedteke både samisk og kvensk namn på kommunen.

Les meir hjå Storfjord kommune.

Vidt vårprogram i Aasens hage

Nynorsk kultursentrum har lansert vårprogrammet for Ivar Aasen-tunet i Ørsta, og dei kan by på mange varierte innslag. Det heile kulminerer med 20-årsjubileumet for Dei nynorske festspela i juni.

Les meir hjå Mørenytt.

Nyfikne elevar førde til ny språkpris

I fjor fann nyfikne sjetteklassingar ved Tokke skule i Telemark så mykje som 73 skrivefeil i norsklæreverket sitt. No lanserer Årets Nysgjerrigper ein eigen språkpris for elevar som granskar liknande språkspørsmål.

Les meir hjå Nysgjerrigper.

Strømholm ber Mållaget ta til vett

Norsklærar Ane-Lin Strømholm meiner «absurd» at norske barneskuleelevar skal læra både bokmål og nynorsk. Strømholm hevdar sidemålsopplæring i grunnskulen vil «forvirre og ødelegge».

Les meir hjå Utdanning.

Kvenske stadnamn på nett

Språkrådet melder om at ein database med kvenske stadnamn og mange norske og samiske parallellnamn, ligg tilgjengeleg på nettet.

Les meir hjå Språkrådet.

Søkjer ny Hauge-sjef

Stillinga som dagleg leiar for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik vert ledig frå 1. april i år. Nynorsk kultursentrum er difor på leit etter nye kandidatar til jobben.

Les meir hjå Nynorsk kultursentrum.

Vil boikotta Lakselv

Sissel Gaup og Ravdna Anti frå Karasjok oppmodar til boikott av næringslivet i Lakselv, som er kommunesenteret i Porsanger. Årsaka er at kommunestyret i Porsanger nyleg vedtok å leggja ned dei sjøsamiske og kvenske skuletilboda i Billefjord og Børselv.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Jubelår i Aasen-tunet

Nynorsk kultursentrum opplevde inntektsauke på 25 % i 2011, og passerte attpåtil 3 millionar vitjande sidan opninga i år 2000.

Les meir hjå Vikebladet.

Klagar inn kvensk-kutt

Terje Aronsen ved Kvensk Institutt har klaga skulenedlegginga i Børselv inn for Europarådet. Den kvenske skulen i Børselv, som no skal leggjast ned, er det einaste kvenske oppvekstsenteret i Noreg.

Les meir hjå Altaposten.

Knut Hauge-kveld i Valdres

Forfattaren Knut Hauge frå Vestre Slidre ville vore 100 år om han framleis levde. Sør-Aurdal Mållag markerer jubileet med Knut Hauge-kveld på folkebiblioteket i Bagn.

Les meir hjå Sør-Aurdal kommune.

Helle adopterer Hetlands språkregime

Lars Helle, ny sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, lovar at han ikkje skal ta med seg nynorskforbodet han praktiserte i Dagbladet. Det kom fram av eit nettmøte med den nye redaktøren.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Ságat-sjef ut mot tolkestrid

Sjefredaktør Geir Wulff i den samiske avisa Ságat går hardt ut i saka om tolking i kommunestyret i Porsanger. Kommunestyremedlem Kåre Olli vert nemleg ikkje tolka når han held innlegg på samisk.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Vil fjerna sidemål i Rakkestad

– En av fem går ut av norsk skole uten å kunne lese og skrive godt norsk. Da mener vi det er effektivt å fjerne obligatorisk sidemål, meiner Klaus Byhrø i Rakkestad Unge Høgre.

Les meir hjå Rakkestad Avis.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.