Arkiv
– Barnehagenynorsk gjer skulen lettare
Noregs Mållag er på offensiven i barnehage-Noreg, for å få meir opplesing på nynorsk. Leiar Håvard B. Øvregård meiner dette vil løysa mykje av problemet bokmålselevar har med å læra sidemålet sitt på skulen.
Les meir hjå NRK Møre og Romsdal.
Tilrådd norm i det blå
I dag skulle Språkrådet etter sin eigen plan vedteke ei «tilrådd norm» for nynorsk. Kulturdepartementet set mellombels ein stoppar for det, ved å venta med å avklåra kor vidt Språkrådet får lov.
Les meir hjå Nationen.
– NTNU er nynorskversting
– Språkrådet mener NTNU er en nynorskversting. De senere årene har andelen sidemål (sic!) ligget rundt tre prosent, står det å lesa i Uniforum.
Les meir hjå Uniforum.
– Sidemål øydelegg for dyslektiktarar
– Det å kjempe mot tvungen skriftlig sidemålsopplæring [er] en kamp for de svake i samfunnet, skriv Helene Fæste, som meiner opplæring i sidemål går utover «elever som har dysleksi eller lærevansker». (desse elevane har fritak frå sidemål, red. mrk.)
Les meir hjå Dagsavisen.
Nynorsken vann i Bykle
Kommunestyret i Bykle har med overveldande fleirtal vedteke å framleis vera nynorskkommune. Enkelte representantar har den siste tida ivra for å gjera kommunen språknøytral, men altså utan å vinna fram.
Les meir hjå Fædrelandsvennen.
Fekk ikkje godt svar
– Eg stilte spørsmål om kvifor dei ikkje brukar meir nynorsk i Valdres, men fekk ikkje noko godt svar, skriv Hanne Maren Blåfjelldal (FrP) i ei innsideskildring frå fylkestinget i Oppland.
Les meir hjå TV2 Politisk.
Risnes Elektro får målpris
– Risnes Elektro er veldig flinke til å bruka nynorsk både i butikken og elektrofirma, seier Geir Olav Repål i Radøy mållag, som har gjeve årets målrose til Risnes Elektro.
Les meir hjå Nordhordland.
Språkrådet inviterer til seminar
Språkrådet inviterer til seminaret Kom i målform!, der statstilsette kan få både fagleg påfyll og ny kveik til nynorskarbeidet på arbeidsplassen.
Les meir hjå Språkrådet.
Teknologien kan redda språk
Mange utryddingstruga språkgrupper finn stor nytte i å bruka digitale verkty til å kveikja meir liv i språket. YouTube, Facebook og nettbaserte ordbøker er mellom dei viktigaste verktya.
Les meir hjå Aftenposten.
Bærum Mållag i hundre
Onsdag 7. mars feirar Bærum Mållag 100 år. Jubileet skal mellom anna feirast med ei tilskiping på Stabekk kulturhus, sjølvaste Arne Hjeltnes kjem for å underhalda.
Les meir hjå Noregs Mållag.
Pitesamisk er utryddingstruga
Det minste og mest utryddingstruga språket i Noreg er pitesamisk. Til saman er det ikkje meir enn 20 personar snakkar pitesamisk lenger, skal me tru Unesco sitt språkatlas.
Les meir hjå Framtida.no.
Framleis Hårek i Hallingdølen
– Ei nynorskavis ikkje kan kaste ut den einaste teikneseriestripa på nynorsk, og samtidig argumentere mot andre som prøver å svekke nynorsk som offisielt språk. Denne argumentasjonen kunne eg ikkje stå imot. Det var berre å legge seg flat, seier Hallingdølen-redaktør Bjarne Tormodsgard
Les meir hjå Framtida.no.
– Ikkje kødd med nynorsken
– Nynorsken si stilling må betrast, det gjer ein ikkje med å sløyfa skriftleg undervisning og prøving i sidemålet. Med utspel som dette stiller Halvorsen i klasse med Høgre sitt populist-utspel, skriv Hordaland Senterparti i ei årsmøtefråsegn.
Les meir hjå Senterpartiet.
– Medvit gjev betre språkøyre
– Elevar som brukar dialekt og skriv nynorsk, opparbeider seg eit medvite forhold til språk. Dermed utviklar dei også eit betre språkøyre og lærer seg lettare andre språk, heiter det i ein anonym kronikk.
Les meir hjå Sunnmørsposten.
Ikkje fleirtal for fritak
Oslo bystyre røysta nyleg ned eit framlegg om å søkja om eit nytt «forsøk» med valfritt sidemål i Oslo-skulen. Høgre-byråd Torger Ødegaard har dimed fått same svaret som sist gong saka var oppe i 2008.
Les meir hjå Noregs Mållag.
Målpris til Hareid Hotell
Målprisen i Hareid 2012 er tildelt Hareid Hotell, som brukar nynorsk som marknadsføringsspråk. Prisen vart overrekt av Marit Kvammen, leiar i Hareid mållag.
Les meir hjå Vikebladet.
– Bokmål er ei bjørneteneste
– Å velje nynorsk ved skulestart hjelper elevane til å bli betre i språk, seier Margit Ims i Bø mållag. Ho oppmodar foreldre i Bø til å velja nynorsk som hovudmål for fyrsteklassingar sine.
Les meir hjå None.
– Framtida er opp til oss
– Me er mange som føretrekkjer å forma framtida med friskt mot, framfor å grava oss ned i korleis me fryktar ho kunne ha vorte, skriv Vebjørn Sture, nestleiar i Norsk Målungdom, i eit svar til Kjell Arild Pollestad.
Les meir hjå Stavanger Aftenblad.
– Språket er vårt ansvar
– Det er vårt ansvar at nynorsk blir eit levande språk for heile landet. Den beste måten å gjere det på er å sørgje for ei god nynorskopplæring i skule og barnehage, skriv FrP-politikar Hanne Maren Blåfjelldal.
Les meir hjå TV2 Politisk.
– Viktigare enn nokon gong
– Å ta vare på, kjempa for – og ikkje minst nytta nynorsk er kan hende viktigare no enn nokosinne når skriftspråket vårt er pressa frå mange kantar, meiner avisa Sunnhordland på leiarplass.
Les meir hjå Sunnhordland.


