nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

– Norsklærarar vert syndebukkar

– Det kan synest som mange deler ei slags Rousseau-aktig tru på at born og unge lever i ein nynorskelskande naturtilstand før dei vonde norsklærarane vender dei til å hate målet, skriv norsklærar Bjørnar Ødegårdstuen.

Les meir hjå Morgenbladet.

Vil styrkje kvænsk språk

Årsmøtet i Troms Arbeidarparti ynskjer at regjeringa skal ta større ansvar for kvænsk språk, og at at kvænsk skal oppgraderast frå nivå 2 til nivå 3 på det europeiske språkcharteret.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Google gløymer nynorskhotella

Mange nynorske hotell og overnattingsverksemder kjenner seg tvungne til å bruka bokmål på heile eller delar av vevsidene sine, fordi dei ikkje får monaleg med treff i Google om dei berre brukar nynorsk.

Les meir hjå NRK Østafjells.

– Ungane likar nynorsk

– Borna synest òg det er kjekt, og alle er kjempeflinke, seier norsklærar Anita Lillebø, som er kontaktlærar for nynorskklassen ved Våland skole i Stavanger.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Otta-folket skit i språkrøystinga

Om ein snau månad vert det røysting om skulemålet i Otta, men det spørst kor mange som dukkar opp for å røysta. Berre åtte personar gadd å ta turen på folkemøtet om saka i går.

Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Populær nynorsklue

Tysk-ostringen Yves Guhl har fått mange førespurnader etter nynorsklua som skodespelar Steven van Zandt har gjort populær gjennom fjernsynsserier «Lilyhammer».

Les meir hjå Bergens Tidende.

Trespråkleg skilting i Alta

Stadnamna i Alta kommune skal skiltast på både norsk, samisk og kvensk framover. Det kunne Statens vegvesen annonsera på sjølve samefolkets dag i førre veke.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Skrint med nynorskklassar i Stavanger

Om lag éin promille av elevane i grunnskulen i Stavanger går i nynorskklasse. Skulesjef Eli Gundersen seier at kommunen er svært positive til nynorske parallellklassar.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Ságat og Keskitalo usamde om språkressursar

Avisa Ságat vonar statsråd Helga Pedersen får gjennomslag for å la elevar ikkje-samiske elevar velja samisk som sidemål i staden for nynorsk/bokmål. Ságat deler dimed ikkje sametingsrepresentant Aili Keskitalo sin skepsis til å smøra allereie små samiskressursar utover langt fleire elevar.

Les meir hjå Ságat.

Kjempar for sameskule i Indre-Billefjord

Statssekretær Gro Dahle har vitja den samiske skulen i Indre-Billefjord i Porsanger, og vonar kommunen som skuleeigar vil ta ansvar for å gje elevane den opplæringa dei no ser ut til å mista.

Les meir hjå NRK Sápmi.

Dommedagsprofeti frå nynorskprest

– Det synest som om nynorsken ikkje har noka framtid, skriv pater Kjell Arild Pollestad i eit smått pessimistisk lesarinnlegg.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Mållaget veks vidare

Dei siste to vekene har Noregs Mållag passert 1200 nyinnmeldingar. Det er ein auke på over 10 %, som leiar Håvard B. Øvregård karakteriserer som ei målpolitisk bølgje.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Sette pris på Driva

Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag har premiert nynorskbruken i nordmørsavisa Driva. Avisa fekk også eit eksemplar av boka NPK-språket, til vidare inspirasjon.

Les meir hjå Driva.

Fylkeslag i SV med nynorskgaranti

Hege Lothe, som nyleg vart attvald som leiar av Sogn og Fjordane SV, lovar at SV vil vera ein garantist for betre nynorskopplæring – både som hovudmål og sidemål

Les meir hjå Sogn Avis.

– Språkleik er bra

Professor Gunnstein Akselberg ved Universitetet i Bergen meiner Wordfeud og mobilspråk er døme på stimulerande språkleik, som i lengda er til gode for språket.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Mållag på Hamar i kjømda

I morgon tysdag vert Hamar dialekt- og mållag skipa opp att. Skipingsmøtet vert vitja av Aud Søyland frå Noregs Mållag sentralt og Jorunn Aarsby frå nabomållaget på Toten.

Les meir hjå Østlendingen.

– Eitt nynorsktak i Bergen

Hordaland teater planlegg flytting frå Stend til Bergen sentrum, og tek seg mål av å verta eit nynorsk kultursenter i same slengen. Teatersjef Trond Birkedal vil samla fleire nynorskinstitusjonar under same taket.

Les meir hjå Fanaposten.

Har verva 333 til Mållaget

Oddny Miljeteig frå Bergen har no passert 333 vervingar til Noregs Mållag dei siste vekene. Miljeteig, som sjølv er SV-politikar, tok til med vervinga etter at SV-statsråd Kristin Halvorsen byrja så tvil om kor vidt sidemål framleis skal vera obligatorisk.

Les meir hjå Bergensavisen.

Rekordvekst i Mållaget

Noregs Mållag har fått over 1150 nye medlemer etter at sidemålsbråket braka laus for drygt to veker sidan. Truleg har der aldri vore så stor medlemsvekst på så kort tid i Mållaget.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Keskitalo skeptisk til AP-Helgas nynorskutspel

Helga Pedersen har føreslege at alle elevar i samiske område skal få velja samisk som sidemål i staden for nynorsk. Sametingspolitikar Aili Keskitalo (NSR) er skeptisk, og meiner det vil vera feil ressursbruk å bruka dei få samiske lærarkreftene på elevar som berre vil unngå nynorsk.

Les meir hjå Ságat.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.