nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Vil ha Wordfeud på nynorsk

Landsmøtet i Norsk Målungdom sist helg gav klart uttrykk for at det er på tide å la nynorskbrukarane få spele Wordfeud på sitt eige språk, skriv Firda.

– Ei nynorskutgåve av Wordfeud vil gje store pedagogiske gevinstar, seier påtroppande NMU-leiar Vebjørn Sture til Framtida.

«Vil ha Wordfeud på nynorsk», er overskrifta i Utdanning.

«Håkon Bertheussen fra Tromsø har blitt oppfordret av nynorskmiljøet til å lage en sidemålsutgave av Wordfeud», skriv P4.

– Wordfeud på nynorsk vil være en enkel og morsom måte å lære seg nynorsk på, seier Sture til Nordlys.

«Den nyvalde NMU-leiaren trur også ei nynorskutgåve av Wordfeud vil vere lønsamt for spelskaparen», står det å lesa i Vikebladet.

Les meir hjå Firda, Utdanning, Vikebladet, Framtida.no, Nordlys og P4.

Vil halda på dialekten

– Ja, vi er opptatt av dialektene våre, for vi har ikke lyst til å snakke Bodø-dialekt, seier fem fyrsteklassejenter frå ulike delar av Nordland, som alle går på Bodø videregåande skole.

Les meir hjå Avisa Nordland.

Gode sjåartal for Vaffelhjarte

Barne-TV-serien som er bygt på Maria Parrs suksessbok Vaffelhjarte gjer det godt også på skjermen. Nesten 2 av 3 sjåarar mellom 2 og 11 år såg premieren på fjernsyn.

Les meir hjå Framtida.no.

Saltenmålet i fare

Dialekttrekk frå Bodø tek meir og meir over for det tradisjonelle Saltenmålet. No inviterer Nordlandsmuseet og Avisa Nordland til dialektjakt.

Les meir hjå Avisa Nordland.

Samlaget droppar skulebøkene

Det Norske Samlaget ynskjer å kvessa satsinga si på litteratur, og sel difor Samlaget Utdanning til Fagbokforlaget. Båe forlaga har tradisjon for å gje ut alle skulebøker på både bokmål og nynorsk.

Les meir hjå Framtida.no.

Norsklektor vil ikkje nynorsk

– Nynorsk er ekstremt lite nyttig!, hevdar norsklektor Preben Kjelsrud. Han meiner nynorsken går ein naturleg død i møte, og at skuleverket ikkje bør gjera noko for å hindra dette.

Les meir hjå Drammens Tidende.

– Blir ikkje flinkare av å kutte vekk

– Kvifor skal vi vere dei som vert tvinga til å skrive bokmål fordi dei andre ikkje skjønar nynorsk, spør ungdomsspaltist Vilde B. Larsen.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Vil ha Aasen på flyhalene

– Han er jo ein av dei som verkeleg har gjort storverk her i landet, seier Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag, om kampanjen for å få biletet av Ivar Aasen på flyhalene til Norwegian.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

– Må starta tidlegare med sidemål

– Vi ønsker ikke at man skal sitte å pugge og slite, derfor må man starte tidligere og ha det med i flere fag. Da blir det lettere senere, seier Alexander Solbakken i Unge Venstre.

Les meir hjå Drammens Tidende.

FrP-ar står på nynorskkrava

Stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen meiner det må leggjast meir til rette for at folk skal kunna og vilja bruka nynorsk.

Les meir hjå LNK.

Vil ha valfritt kommunemål

Ordførar Harald Stakkestad i Tysvær ynskjer å la dei kommunetilsette velja sjølv kva skriftspråk dei skal bruka. Stakkestad hevdar manglande nynorskkunnskap mellom dei tilsette gjer nynorskkravet ineffektiviserande.

Les meir hjå Radio Haugaland.

Fjellanger ny pressekontorleiar

Kristian Fjellanger er ny styreleiar for stiftinga Nynorsk Pressekontor. Fjellanger har bakgrunn som forfattar, SV-politikar og leiar for Noregs Ungdomslag.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Saker om landsmøtet i NMU

Landsmøtet i Norsk Målungdom er over. Her er ei samling nettsaker frå landsmøtet:

Ny leiar i Norsk Målungdom (Stavanger Aftenblad)

Sidemålet kjem inn for seint (Framtida)

Målungdommen satsar på lærarutdanninga (Utdanning)

Sture ny leder i Norsk Målungdom (VG Nett)

Sture valgt til ny leder i Norsk Målungdom (Kommunal rapport)

Sture ny leiar for Norsk Målungdom (Nationen)

Målungdomen vil styrkje og fonye sidemålsopplæringa (Nationen)

Vil røske opp i sidemålet (Framtida)

Målungdomen til landsmøte på Voss (Hordaland)

Les meir hjå Nationen, Avisa Hordaland, Utdanning, Framtida.no, Stavanger Aftenblad, Kommunal Rapport og Verdens Gang.

Meir nynorsk vaksenopplæring

Tidlegare har det skorta mykje på nynorsk opplæringsmateriell for vaksne innvandrarar. Framleis er utvalet på bokmål betre, men det går stadig framover med nynorskmateriellet.

Les meir hjå LNK.

Krev fleire læreplanar på nynorsk

– Vi meiner at me nå må nytta høvet til å styrkja nynorskdelen i LK06. Språket i læreplanen for dette nye faget, valfag, bør derfor vera nynorsk, skriv Suldal Utdanningsforbund.

Les meir hjå Utdanning.

Målpris til jusprofessor

Professor Jørn Øyrehagen Sunde er tildelt Juristmållaget sin målpris for 2012. Sunde vert dimed den sjuande vinnaren av prisen, som vart oppretta i 2006.

Les meir hjå Universitetet i Bergen.

Nynorsk.no i landsmøtemodus

Gode lesar! Denne helga skipar Norsk Målungdom til landsmøte på Voss, med førebuande landsstyremøte på torsdagen. Måndag og tysdag har alt gått med til dei siste førebuingane, og i morgon skal «landsmøtelasset» fraktast over fjellet. Me har difor ikkje kapasitet til å halda nynorsk.no oppdatert denne veka.

Me vonar du har forståing for dette, og at du kjem tilbake neste veke, når me vonleg er i normalt gjenge igjen. I mellomtida kan du fylgja NMU-landsmøtet på Twitter: #nmulm

– Problemet er betegnelsen sidemål

– I dag er begrepet sidemål en diskriminerende betegnelse. Nynorsk og bokmål er likestilte, de kan begge leses og høres overalt i det norske samfunnet, skriv lektor Leif Rune Hausvik.

Les meir hjå Utdanning.

Nynorsk motemagasin vann pris

Lustringane Anja Helen Kandal, Emilie Risnes Øyre, Monica Flatland og Gudrun Ness vann prisen for årets ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane. Prisen vann dei for å ha laga det nynorske motemagasinet Puella.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

– Naturleg at nynorskelevar skårar betre

– Grunnskulerådet som me hadde for nokre år sidan, sende kvart år skriv til kommunane om at det var naturleg at nynorskelevane ved grunnskuleeksamen låg ein del over bokmålselevane i faget norsk, skriv Halvdan Furholt.

Les meir hjå Utdanning.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.