nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

– Elskar nynorsk

– Eg er ei 19 år gamal jente i frå tjukkaste bokmålsverda, men eg elskar nynorsk og eg kunne ønskje at alle gjorde det, skriv «Oslojente» til Aftenpostenspalta Si;D.

Les meir hjå Nyhetene24.

Namnebråk i Trondheim

– Stadnamnlova var tenkt som eit vern om den immaterielle kulturaven vår i skrift. I dag kan det synast som det i offentlege samanhengar òg trengst vern av namna i munnleg form, skriv språkforskar Ola Stemshaug.

Les meir hjå Adresseavisen.

Manglar lulesamisk fagpersonell

– At en lulesamisk kjernekommune ikke makter å rekruttere en samisktalende fagperson til alders- og sykehjemmet, forteller hvor vanskelig det er, skriv leiaren i Ságat om stoda i Tysfjord kommune.

Les meir hjå Ságat.

Utviklar omsetjingsprogram for teiknspråk

Ei gruppe britiske forskarar er i ferd med å utvikla ein applikasjon som kan tolka teiknspråk i sanntid. Når teknologien er ferdig, vil han enkelt kunna tilpassast også norsk teiknspråk.

Les meir hjå Computerworld.

Knut Michelsen rir igjen

– Jeg har visst ikke engang valgt min egen målform, ja kanskje ikke engang mitt eget talemål? Dette sitter altså Helleve og hans åndsfrender og kokker i hop på mållagsmøtene sine, skriv Knut Michelsen.

Les meir hjå Utdanning.

Vil ha høgnorsk i ordlistene

– Det burde vera i ålmenn interessa millom alle konservative og moderate nynorskbrukarar, at høgnorskformene fekk sleppa til att i ordlistone, skriv Olav Torheim.

Les meir hjå Studvest.

NTNU ignorerer språklege rettar

– Jeg følte meg ofte til bry når jeg for eksempel ba om eksamen på nynorsk, seier tidlegare NTNU-student Katrine Nybø, som mellom anna har opplevd å få fjorårets eksamensoppgåver på nynorsk fordi årets oppgåver berre fanst på bokmål.

Les meir hjå Under Dusken.

94 % brydde seg ikkje

I Otta kommune møtte berre 6 % av dei røysteføre opp til folkerøysting om opplæringsmålet på Otta skule. Dimed er det heilt ope kva politikarane vil vedta i saka.

Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

Står på bokmåls-Oslo

Skulebyråd Torger Ødegaard, best kjent frå fleire forsøk på å fjerna obligatorisk sidemålsopplæring i Oslo, er negativ til å gjera Oslo til ein språknøytral kommune.

Les meir hjå Framtida.no.

Forsvarer sidemål

– Norsk ungdom må lære begge skriftspråka for at dei skal vere likestilte, skriv Sogn og Fjordane Arbeidarparti sitt årsmøte i ei fråsegn om norskfaget.

Les meir hjå Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Barne-TV-hjerne fekk nynorskpris

NRK-journalist Eva Westvik har fått Målprisen for Sogn og Fjordane for 2012. Westvik er kvinna bak dei nynorske barne-TV-suksessane «Her er eg» og «Klart eg kan».

Les meir hjå Fjordenes Tidende.

Kunnskapsministeren fekk nynorsk-skjorte

– Kristin Halvorsen fekk «I love nynorsk»-t-skjorte for å hugse den aller viktigaste jobben som kunnskapsminister, seier Hege Lothe, leiar i Sogn og Fjordane SV.

Les meir hjå Framtida.no.

Sunnmøre Mållag i skotet

Mållagsveksten sentralt gjer seg også gjeldande lokalt, til dømes på Sunnmøre. Der kan mange av lokallaga skilta med god medlemsvekst dei siste par månadene.

Les meir hjå Vikebladet.

Sidemålsmotstand også i Rissa

Rissa Unge Høgre ynskjer at Rissa kommune skal søkja om å verta forsøkskommune for valfritt sidemål både i grunnskulen og vidaregåande skule.

Les meir hjå Fosna-Folket.

Nok eit sidemålsåtak

Erik Tørrissen i Ålesund FrP har fremja eit framlegg til bystyret om å søkja fritak frå sidemål for elevane i kommunen.

Les meir hjå Sunnmørsposten.

Lærarros til den nye nynorsknorma

– Dei nye reglane er klare, og dermed blir folk mindre usikre på kva som er lov å skriva, seier lærar Jostein Løvtangen om den nye rettskrivinga for nynorsk.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Er «blodfan» av nynorsk

– Jeg kan lære folk nynorsk på en halvtime, seier komikar Sigrid Bonde Tusvik, som i samband med «Nynorsk song»-videoen på Torsdag kveld fra Nydalen uttaler at ho er «blodfan» av nynorsk.

Les meir hjå TV2.

Vonen krev meir og betre sidemålsopplæring

– Å velge bort den ene målformen er å krympe språket. Bare spør Wordfeud-spilleren som sitter med bokstavene M-E-I-S-T-R-E uten å få legge ordet, skriv språkrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

Les meir hjå Aftenposten.

Vart ugjenkjenneleg på bokmål

Forfattar Finn Tokvam har gjort eit forsøk med å omsetja ein kronikk han sjølv hadde skrive frå nynorsk til bokmål. Ingen av venene hans kjende igjen forfattaren bak bokmålsutgåva.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

– Elevane har rett til å bruka dialekt

– Personlig finner jeg det beklagelig at Utdanning velger å publisere et innlegg som så klart oppfordrer til å bryte norsk lov når det gjelder norske elevers lovfesta rett til å bruke sitt naturlige talemål, skriv Arne Torp.

Les meir hjå Utdanning.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.