nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Halvorsen til landsmøtet i Mållaget

Noregs Mållag har landsmøte i Oslo i helga, og dit kjem mellom andre kunnskapsminister Kristin Halvorsen for å innleia om norskfaget.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Vil ha priskandidatar

I november skal Språkrådet dela ut Språkprisen for 2012, men allereie no kan du senda inn nominasjonar. Det skal kårast to vinnarar, ein for nynorsk og ein for bokmål.

Les meir hjå Utdanning.

Norsk Målungdom sparkar i gang vervekampanje

Norsk Målungdom skal veksa til 1000 teljande (betalande, under 26 år) medlemer innan sumaren. Difor sparkar dei no i gang ein storstilt vervekampanje. Vil du vera med på vervinga?

Les meir hjå Norsk Målungdom.

Vil bruka meir nynorsk

Rådmann Svein Skisland i Vennesla kommune oppmodar dei tilsette om å bruka meir nynorsk. Vennesla er ein språknøytral kommune, som til no stort sett berre har brukt bokmål.

Les meir hjå Fædrelandsvennen.

Krev at Halvorsen ryddar opp

– At nynorskelevane blir registrerte med rett målform, er ei grunnleggjande forsikring om at dei blir behandla som nynorskbrukarar i skulen, seier mållagsleiar Håvard B. Øvregård.

Les meir hjå Noregs Mållag.

– Lærarane er nøkkelen

Erfaringane frå sidemålsopplæring i Finland viser at det er lærarane som er nøkkelen til gode haldningar hjå elevane. Det meiner forskaren Hanna Lethi-Eklund.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Låttevekkjande skjemaspråk

Skjemaspråket i den nynorske utgåva av Vegvesenet sin lækjarattest, vekkjer mykje lått mellom lækjarar i Sogn og Fjordane. No vert skjemaet gjennomgått på nytt.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Norskfag i endring

Eli Karin Flagtvedt og Bente Heian frå Utdanningsdirektoratet forklarer kva som skal skje med norskfaget framover.

Les meir hjå Utdanning.

Årets nynorske wikipedianar

Frode H. Korneliussen har starta over 28 000 artiklar på nynorskutgåva av Wikipedia. Han er difor også kåra til årets nynorske wikipedianar.

Les meir hjå Framtida.no.

Lurivar i ny vevbunad

Tunkatten Lurivar – maskot i Ivar Aasen-tunet – har fått nye heimesider, med både ny formgjeving og nytt innhald. Dei nye sidene finn du på Tunkatten.no.

Les meir hjå Vikebladet.

– Nynorsk kan vera årsak til sterke resultat

Elevane i nynorskdominerte Sogn og Fjordane presterer oppsiktsvekkjande godt på skulen. No skal det forskast på om det er nettopp nynorsken som er den utslagsgjevande stimulansen.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Kvinnheringane held på nynorsken

Meir enn sju av ti elevar ved Kvinnherad vidaregåande skule har nynorsk som hovudmål. I førre veke melde Hordaland fylkeskommune om at skulen berre hadde 8 % nynorskelevar.

Les meir hjå Kvinnheringen.

Held stand i Kristiansand

Mållaget i Kristiansand byrjar å få relativt høg gjennomsnittsalder i rekkjene, men held framleis koken i den største bokmålsbyen på Sørlandet.

Les meir hjå Fædrelandsvennen.

Skandaletal i Hordaland

– Skandale, seier høgskulelektor Hege Myklebust om at elevar i Hordaland vert automatisk oppførde som bokmålselevar. Dei oppsiktsvekkjande svake nynorsktala frå Hordaland fylkeskommune i førre veke, viser seg dimed å vera svært overdrivne.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorskoffensiv i Stjørdal

Stjørdal Mållag har fått nytt styre, som har store planar for å engasjera yngre stjørdalingar i målsaka.

Les meir hjå Stjørdalsnytt .

Nordvestlandsdominans i Mållaget

Avtroppande målungdomsleiar Janne Nygård er innstilt som ny nestleiar i Mållaget. Med seg som ny styremedlem får ho truleg Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid. Dimed ligg det an til at fire av sju medlemer i det nye mållagsstyret er frå Sogn og Fjordane.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Vil ha grunnlov på begge måla

– Ein kan ikkje modernisera språket i Grunnlova utan å ta omsyn til at vi har hatt to jamstelte skriftpråk sidan 1885, skriv Eirik Holmøyvik og Jørn Øyrehagen Sunde.

Les meir hjå Dag og Tid.

Oppsiktsvekkjande nynorsktal

Hordaland fylkeskommune har presentert svært oppsiktsvekkjande tal om nedgangen i talet på nynorskelevar i fylket. Ifylgje fylkeskommunen byter to av tre nynorskelevar i Hordaland til bokmål.

Les meir hjå Bergens Tidende.

Søkjer sidemålsfritak utan grunn

– Vi som lokalpolitikarar kjempe for å få det til på lokalt plan, seier Høgre-politikar Christopher Wand, som har søkt om valfritt sidemål i Buskerud – utan grunngjeving.

Les meir hjå Noregs Mållag.

– Meir fred med Fredrikstad-mål

– Hvis alle hadde vært fra Fredrikstad, hadde det ikke vært krig i verden. Hvis alle hadde møtt hverandre med et «hællæ» ville isen blitt brutt og stemningen myknet, meiner Alexander Hermansen.

Les meir hjå Fredriksstad Blad.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.