nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Folkestad vil ha boklov

– Et system med fastpris på faglitteratur vil bedre sikre en bred produksjon av fagbøker på bokmål og nynorsk enn et friprissystem, seier Unio-leiar Anders Folkestad.

Les meir hjå Unio.

Vil gje ut nynorskmagasin

Medie-elev Johanne Nyborg (18) vil gje ut eit nynorsk magasin for ungdom mellom 15 og 25 år. Nyborg meiner nynorsken vert lettare å lika når han vert presentert på mindre formelle måtar enn på skulen.

Les meir hjå Framtida.no.

Sola trugar nynorsken med sparekniv

– Det kommer fra kommunen og virker som det er basert på et ønske om å spare penger, seier mållagsleiar Håvard B. Øvregård om at Sola kommune vil ha folkerøysting om opplæringsmålet på Sola skole.

Les meir hjå NRK Rogaland.

Langar ut mot 1888

– Det er ikkje berre eit lyskespark mot ei bygd som slit med nedbemanning, men dei bruker jamvel deira eigen dialekt til å utføra sparket, skriv påtroppande NMU-leiar Vebjørn Sture om 1888-reklamane som gjer narr av dei 1881-tilsette kvinnene i Lærdal.

Les meir hjå Framtida.no.

Etterlyser fagleg belegg

– Jeg har også gjennom et år etterlyst faglig belegg for den tvungne og skriftlige dobbeltopplæringa m/eksamen i skolen, men det er skrint eller ingenting det som dukker opp, skriv Knut Michelsen.

Les meir hjå Utdanning.

Ny bok med ukjende Hauge-tekstar

Til no ukjende tekstar frå Olav H. Hauge sine kladdebøker, vert no publiserte i ei ny bok. Kladdebøkene vart i si tid donerte til lokalarkivet i Ulvik i Bodil Cappelen, kona til Hauge.

Les meir hjå Framtida.no.

Vil gjera Fredrikstad-folk stolte av dialekten

Petter Schjerven, kjend frå TV-programmet Typisk Norsk, har vore med på å laga to filmsnuttar som oppmodar folk til å bruka ord som «hællæ» og «prekæs».

Les meir hjå Fredriksstad Blad.

Venstre vil ha meir og tidlegare sidemål

Venstre hadde landsmøte i helga, og vedtok mellom anna ei fråsegn om å satsa på meir språk i skulen. Partiet vil mellom anna ha meir bruk av sidemål i andre fag enn norsk, og vurdera å innføra sidemål frå barneskulen av.

Les meir hjå Framtida.no.

Kjenner seg mobba av 1888

Opplysningstenesta 1888 vert skulda for å mobba dei tilsette ved konkurrenten 1881 si snart nedlagde avdeling i Lærdal. 1888 har laga reklamefilm der dei mellom anna bruker dialekten til å gjera narr av dei tilsette ved 1881.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Nynorskros til NRK Super

– For dei delane av NRK som framleis seier at det ikkje nyttar å auka nynorskdelen meir seier me: Sjå på NRK Super, uttaler Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen.

Les meir hjå Framtida.no.

Vil samla norskstilar

Norsk Målungdom ynskjer å samla alle avgangsprøvane i norsk eit elektronisk korpus. Påtroppande leiar Vebjørn Sture meiner dette kan gje mykje verdifull kunnskap om norske elevar sin skriftmålskompetanse.

Les meir hjå Framtida.no.

Vil skilja språk- og skulepolitikk

– Skal skolen brukes til å styre språkbruken i landet og forhindre en naturlig utvikling, spør Helene Fæste.

Les meir hjå Dagsavisen.

Sæterbakk leier Språkåret 2013

Inger Johanne Sæterbakk frå Orkanger er tilsett som ny prosjektleiar for Språkåret 2013. Nynorsk kultursentrum varslar også at ho får med seg ein prosjektsekretær på laget, ei stilling som skal lysast ut med det fyrste.

Les meir hjå Framtida.no.

Nynorskskjerpings på gang i NRK

NRKs årsrapport for 2011 syner klår framgang i nynorskbruken i mange av kanalane. Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen, meiner det er særleg gledeleg at NRK Super har dobla nynorskmengda si sidan 2010.

Les meir hjå Utdanning.

Vil ha norsk elevkorpus

– Årets avgangsprøvar i norsk – både hovud- og sidemål – bør samlast elektronisk. Slik kan me få ei presis måling av den reelle skriftmålskompetansen til norske elevar, seier påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture.

Les meir hjå Norsk Målungdom.

– Ikkje råd til samisk

Sametinget i Finland får kritikk for å ha for mykje av sakspapira på finsk. Den finske sametingspresidenten Klemetti Näkkäläjärvi skuldar på trong økonomi.

Les meir hjå NRK Sápmi.

– Bør droppa «finnbiff»

– I påskeferien tok professor Ole Henrik Magga til orde for å bruka ordet reinskav som namn på det me før har kjent som finnbiff. Det er på tide, skriv Vebjørn Sture, påtroppande leiar i Norsk Målungdom

Les meir hjå Dagsavisen.

Samlags-tilsette nøgde med prosessen

Dei tilsette i Samlaget har lite å utsetja på prosessen med å selja Samlaget Utdanning til Fagbokforlaget. Klubbleiaren meiner prosessen har vore open og ryddig.

Les meir hjå Framtida.no.

Etterlyser dokumentasjon – refererer til Oslo-rapport

Norsklektor Knut Michelsen etterlyser konkret forsking og dokumentasjon på at sidemålsopplæring er bra for språksansen. Sjølv hevdar han det motsette, ved å referera til rapporten frå fritakseksperimentet i Oslo – som vart unisont slakta av forskarstanden.

Les meir hjå Utdanning.

Buskerud bed om «sidemålsforsøk»

Buskerud fylkeskommune har søkt Utdanningsdirektoratet om å få setja i gang forsøk med fritak frå sidemålsopplæring i vidaregåande skule. Direktoratet har fleire gonger presisert at slike søknader vert avslegne.

Les meir hjå Noregs Mållag.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.