nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Arkiv

Opnar nynorsk jussutstilling

Juridisk bibliotek ved UiB har opna ei utstilling om nynorsk som aktivt rettsmål frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.

Les meir hjå På Høyden.

– «Fordubbar» ungane

– Meir kontakt med grannespråk gir meir positive haldningar til dei noko som i neste omgang aukar forståinga, skriv språkforskar Øystein Vangsnes, som meiner svenske og danske barne-TV-seriar ikkje bør dubbast.

Les meir hjå forskning.no.

Målmann får Kleivaprisen

Mållagsaktivist, forfattar, diktar og spaltist Sverre Hatle er tildelt Kleivaprisen 2012. Hatle har mellom anna gjeve ut bøker om lokale dialektord og -uttrykk.

Les meir hjå Driva.

Slår tilbake mot Harneshaug

– At me vil halda fast på status quo er ein rein faktafeil. Det er brei semje mellom «nynorskpatriotar» om at sidemålsordninga er for dårleg, skriv Vebjørn Sture, påtroppande leiar i Målungdomen, i eit svar til Kjell Arne Harneshaug.

Les meir hjå Morgenbladet.

Stor glede over lulesamisk bachelor

– Lulesamisk er i likhet med sørsamisk et truet språk, og trenger i så måte all den blest som er mulig å oppdrive, skriv Ságat i ein oppglødd leiarteig om det nye bachelorprogrammet i lulesamisk på Universitetet i Nordland.

Les meir hjå Ságat.

Vil ha meir pengar til bokmålsordbok

Kunnskapsforlaget og Det Norske Akademi vil ha meir pengar til å fullføra oppdateringa av Norsk Riksmålsordbok. Dei rekk ikkje å ferdigstilla ordboka til grunnlovsjubileet med dagens løyvingar.

Les meir hjå Morgenbladet.

Dialektprosjekt til Nysgjerrigper-finale

Barneskuleelevane Simen Iverstuen Blekastad og Christian Lo Virik frå Skåbu har forska på den lokale dialektbruken. No er dei komne til finalen i Årets Nysgjerrigper.

Les meir hjå NRK Hedmark og Oppland.

Dubbar danske program

Språkvitar Helene Uri er uroa for den nordiske språkfellesskapen, fordi både NRK Super og Disney Channel dubbar svenske og danske barneprogram til norsk.

Les meir hjå NRK Kultur og underhaldning.

Vann nynorsk eksamenspris

Maria Folkedal, Berit Einemo Frøysland og Bjarne Bjørnevik er årets vinnarar av Fridtjov Oos' legat, som kvart år går til dei som har skrive dei beste nynorske eksamenssvara.

Les meir hjå Framtida.no.

Bokmålet sigra i Valdres

Drygt 500 av til saman 5000 røysteføre tok turen for å røysta i skulemålsvalet i Nord-Aurdal i Valdres. Resultatet vart klårt fleirtal for bokmål.

Les meir hjå Valdres.no.

Folkerøysting i Valdres

Folkerøystinga om skulemålet ved den nye skulen i Nord-Aurdal er i gang. Til no har over fem tusen røysteføre vore innom vallokala.

Les meir hjå NRK Hedmark og Oppland.

Vil ha eit eige nynorskforum

Hovudutvalet for kultur i Sogn og Fjordane vil oppretta eit nynorskforum, der målrørsla, næringslivet og andre samfunnsaktørar kan samarbeida om å styrkja nynorsken.

Les meir hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nynorsk fotballsatsing på trappene

Fotballklubbar i Sogn og Fjordane har lenge etterspurd brosjyrar og materiell på nynorsk – og no vert dei høyrde. Både fair play-reglemant, foreldrevettreglar og meir til skal omsetjast til nynorsk i tida som kjem.

Les meir hjå NRK Sogn og fjordane.

Prisdryss til Odda-russ

Odda-elevane Alexander B. Opedal, Martin Finne og Mildrid Kråkevik har fått kvar sine prisar for god nynorsk stilskriving.

Les meir hjå Hardanger Folkeblad.

Syng Holiday på nynorsk

Vokalisten Annjo K. Greenall platedebuterer med nynorske gjendiktingar av den vidgjetne Billie Holiday sine tekstar.

Les meir hjå Side2.

Lagar bokmålsfestival av nynorskpengar

Berre 2,7 % av Norsk litteraturfestivals barne- og ungdomsprogram Pegasus er basert på nynorsk litteratur. Dette trass i at festivalen har fått ein halv million kroner i statleg nynorskstøtte.

Les meir hjå Gudbrandsdølen Dagningen.

– Kognitive fordelar med nynorsk?

– Kanskje blir svaret at det ikkje kan påvisast nokon korrelasjonar mellom nynorsk oppvekst og kognitiv utvikling. Men [det er] ein del haldepunkt for å tru at det KAN vera det. Og dersom det viser seg å faktisk vera det, er det naturleg nok av interesse langt ut over vår heimlege språksituasjon og sidemålsdebatt, skriv språkforskar Øystein Vangsnes.

Les meir hjå forskning.no.

– Gje norskfaget ein ny vår

– Det er her og no me har høve til å koma med ideane som kan gje norskfaget og sidemålsopplæringa ein ny vår. La oss gripa den sjansen, skriv Vebjørn Sture, påtroppande leiar i Norsk Målungdom.

Les meir hjå Stavanger Aftenblad.

Vil ha ekstra nynorskpoeng

– Riksmålsforbundet og andre som seier dei vil ha like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar bør difor støtte Kunnskapsministeren sitt framlegg om ekstrapoeng for nynorsk hovudmål, skriv Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Les meir hjå Tidens Krav.

Vil styrkja sidemålet

Fylkesårsmøtet i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane har vedteke ei fråsegn der dei mellom anna går inn for å styrkja sidemålsopplæringa.

Les meir hjå Utdanning.

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.