nynorsk.no - ein plass mellom bakkar og berg

Siste om sidemålssaka, måndag 31. januar

Publisert Jan. 31, 2012

– Eigentleg burde Harald Stanghelle, Knut Olav Åmås og alle me som har forlate nynorsken protestera og levera fleire tekstar på nynorsk. Me må vera vaksne og insistera litt meir, seier debattredaktør i VG, Elisabeth Skarsbø Moen til Bergens Tidende.

– Samfunnet er fleirspråkleg, og vi må utdane folk som kan møte den fleirspråklege kvardagen. Spørsmålet er på kva måte vi skal gjere det på, skriv Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, i Dag og Tid.

– Meir tankevekkande på eit grunnleggande nivå er direktoratet si forståing av danning. Det vert kopla mot elevane sin resepsjon av kulturen (lesing), ikkje mot elevane sin eigen produksjon (skriving), skriv Pål Hamre i Dagsavisen.

– Verken lærarar eller elevar prioriterer det som ikkje får karakter. Det skjønar alle, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom, til Morgenbladet.

– Når det gjelder kravet om skriftlig sidemålskunnskap innen visse offentlige tjenester og yrker, så må arbeidslivet og høyere utdanningsinstitusjoner uten problemer kunne ta over dette opplæringsansvaret, skriv lokallagsleiar i Høgre, Henning Wold, i Tønsbergs Blad.

– Eg har sjølv opplevd å verta lei meg når folk gjer narr av språket mitt. For det er faktisk det det er. Mitt språk. Mitt morsmål. Og eg skal forsvara det til eg døyr, skriv Marion Fløysvik i Jærbladet.

– Når det kjem til debatt om nynorsk, kan 15-åringar frå Oslo vest vera med og definere kva debatten skal innehalda. Då er liksom argumenta deira gyldige. Om dei synest det er greitt å kutta brøk frå matteundervisninga for å få ein betre karakter, vil dei ikkje få gehør for det. Men når det gjelder nynorsk, får dei eit enormt gehør, seier Odd Nordstoga til Bergens Tidende.

– Kunnskapsdepartementet har et stort ansvar for at omleggingen av norskfaget ikke indirekte blir en aktiv dødshjelp. Vi har stor glede av nynorsken. Ikke minst fordi mye av den beste norske litteraturen skrives i den målformen, skriv Folkebladet på leiarplass.

– Det er nå umåtelig viktig at debatten om framtidas norskfag ikke koker ned til et spørsmål om for eller mot nynorsk, skriv Nye Troms på leiarplass.

– Går den rødgrønne regjeringen til valg neste år med løfte om å avskaffe nynorskkarakteren, har den en vinnersak – ikke minst fordi saken vil splitte opposisjonen, skriv Dagens Næringsliv på leiarplass.

– I Sogn og Fjordane har 97 % av elevane nynorsk som hovudmål. Der viser statistikken for eksamen i norsk for grunnskulen i 2011, at elevane i dette fylket går heilt til topps i sidemål med eit snitt på 3,7 der det nasjonale snittet er 3,2. For hovudmålet er tala 3,6 for fylket og 3,5 for heile landet. Desse elevane viser det er råd å tileigne seg høg kompetanse i begge målformer, skriv Anne Steinsvik Norddal i Dagsavisen.

– Eit framlegg om å nedvurdere sidemålet vil særleg råke nynorskens kår, og dei er vanskelege nok frå før, skriv Firda Tidend på leiarplass.

– Nynorsk – en landeplage?, er spørsmålet Romerikes Blad stiller til elevar ved Lillestrøm vgs.

– Direktorata hev nu omsida fårstått det alle andre har forstått lenga, nemleg at nynorska er daudande og at det ikkja er noka grunn til at elevana skal vertast tvinga til å læra noka inga forstår at dei har bruka for, skriv Are Kalvø hjå Framtida, i syrleg ironisering over sidemålsdebatten.

– Når Kristin Halvorsen snakkar om nynorsken og ungdomsskuleelevane, tek eg det personleg. Når Kristin Clemet – ein meiningsytrar eg har stor respekt for – skriv at no må vi ta inn over oss at vi er blitt eit multikulturelt samfunn, at folk er negative til nynorsk og at fagtrengselen i skulen gjer det naudsynt å prioritere, tek eg det personleg. Når ein tvitrar skriv forakteleg og kunnskapslaust om den kvite privilegerte etnisiteten(!) nynorskingen, tek eg det personleg, skriv Hilde Sandvik i Bergens Tidende.

– Som ein kompensasjon vil kunnskapsministeren gi eit ekstrapoeng til elevar som har nynorsk som hovudmål. Det er ei understreking av at dei to språka ikkje blir sett på som jamstelte, skriv Jærbladet på leiarplass.

– Eg reagerer sterkt på at framlegget kjem no. Konsekvensen er at fokuset på nynorskopplæring blir nedjustert endå meir, seier Trond Martin Sæterhaug i Nord-Trøndelag SV til NRK Sogn og Fjordane. Sæterhaug er ein av mange lokale SV-arar som reagerer sterkt på framlegget om å kutta i sidemålsopplæringa.

Les meir hjå Bergens Tidende

Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Nynodata / Ordrik 2

2000–2010

Enno lengre attende i tid? Gå til gamal.nynorsk.no.