Arrangement Aasentunet

Oversikt over arrangement i regi av Aasentunet, inkludert arrangement i samband med Festspela. Sjå Opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.

26. april
kl. 09.45
AASENTUNET

Fredag 26. april er det gratis seminar i Aasentunet. Seminaret er meint som fagleg påfyll for tilsette i barnehagar og  studentar. Programmet byr på ei god blanding forsking, nyttig metodikk og konkrete tips som kan nyttast i eige virke.  

Les meir om arrangementet

28. april
kl 14.00
AASENTUNET

Aasentunet har gleda av å invitere til førespel med festspeldiktar Knut Ødegård. Knut vil samtale med Peder Gravem, og lese utdrag frå ei rekke utvalde verk. Vi opnar også utstillinga om festspeldiktaren denne dagen. 

Les meir om arrangementet



Møt aktuelle forfattarar. Nyt konsertar ute i amfiet. Opplev teater, litteratur, musikk og kunst i Ørsta og Volda. Et god mat. Møt trivelege folk. Ver velkomne til Festspela!

Etter at du har kjøpt passet må du tinge plass på dei arrangementa du ønskjer å få med deg. Send ein e-post til billett@nynorsk.no eller ring 70 04 75 70.

6. juni
kl. 10.00
ØRSTA SENTRUM

Tale ved Ivar Aasen-statuen

Tradisjon tru opnar vi Festspela med tale og blomar ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum.

6. juni
kl. 11.30
HØGSKULEN I VOLDA

Å snakke om nynorsk litteratur i ein internasjonal samanheng er meir aktuelt enn nokon gong før, etter at Jon Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur i 2023. Fagdagen er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda i samband med Festspela 2024.

Les meir om arrangementet

6. juni
kl. 16.30
KUNSTHUSET I ØRSTA

Årets festspelkunstnar er Damien Ajavon, som under Festspela stiller ut tekstilkunst på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga opnar torsdag 6. juni, og heng oppe til 29. juni.

Les meir om arrangementet

6. juni
kl. 18.30
AASENTUNET

Vi inviterer til opning av Festspela  utescena i AasentunetFestspeldiktaren les og det blir opningstale, musikalsk innslag ved Mari Kvien Brunvoll og utdeling av prisen Årets nynorskbrukar.

Les meir om arrangementet

6. juni
kl. 20.00
AASENTUNET

Opningskonserten på Utescena torsdag 6. juni er med Odin Staveland, under artistnamnet Odin. Han er for mange kjend som låtskrivar, vokalist og trommeslagar i Vamp. I 2024 er Odin aktuell som deltakar i TV2-programmet Hver gang vi møtes.

Les meir om arrangementet

6. juni
kl. 22.00
MØRE FOLKEHØGSKULE

Ungdomsvenane Heidi Marie og Brit inviterer til ein underhaldande torsdagskveld på Møre folkehøgskule i Ørsta.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 10.00
MØRE FOLKEHØGSKULE

Framsyninga tek utgangspunkt i Eit anna blikk av Erlend Skjetne, og fokuserer på representasjon, språk og definisjonsmakt. Mine Nilay Yalcin er manusforfattar og regissør.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 11.15
MØRE FOLKEHØGSKULE

Kva, kvifor og korleis bruke nynorsk som scenespråk? Kva er det nynorske språket sin estetiske eller materielle dimensjon i dag? Og for kven?

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 12.00
AASENTUNET

Kvart år presenterer Festspela Ivar Aasen-minneføredraget. Her kan publikum få nye tankar og perspektiv kring ulike spørsmål om tilhøva for nynorsk i dag. Forfattar Kristin Fridtun held årets føredrag og tek utgangspunkt i den vanlege «folkesjukdomen» det er å irritere seg over skrivefeil.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 12.30
ØRSTA FOLKEBIBLIOTEK

Anders Totland er forfattar og journalist. Fredag 7. juni besøker han biblioteket i Ørsta med boka Gunnars rekordbok.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 13.00
AASENTUNET

Debutantprisvinnar Heidi Marie Vestrheim er programleiar i TV og radio, musikar, låtskrivar og forfattar. Jenny Fender er hennar første barnebok og er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 13.30
AASENTUNET

Møt vinnaren av nynorskprisen for journalistar 2024! Juryleiar Solveig Barstad (TV 2) står for den høgtidlege utdelinga av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 14.15
AASENTUNET

I denne samtalen går Oliver Møystad og Knut Ødegård inn i arbeidet med omsetjing av Ødegård og andre sine tekstar til og frå nynorsk, og samtalar om nynorsk litteratur sin plass internasjonalt. 

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 15.00
AASENTUNET

Kva skaper ein heim i litteraturen? Maria Parr, Ingunn Thon og Sunniva Relling Berg skriv alle barne- og ungdomsbøker som tematiserer «heime» på ulike måtar.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 16.15
AASENTUNET

Elevane ved Samlagets forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring deler sjølvskrivne tekstar. Opplesingane er leia av Kathrine Nedrejord.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 17.00
AASENTUNET

Lurer du på kvifor det skapar så mykje engasjement å sjå  ord og setningar skrivne feil? Då bør du få med deg samtalen mellom filolog Kristin Fridtun og komikar André Ulveseter.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 17.00
AASENTUNET

Omvising i utstillinga i Aasentunet

Bli kjend med utstillinga vår! Aasentunet tilbyr gratis omvising i museet under Festpsela. Du kan melde deg på i resepsjonen. Maks tal deltakarar er 20.

7. juni
kl. 18.00
AASENTUNET

Maria les frå boka Oskar og eg, som ho vann Brageprisen for i 2023. Her møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar, gjennom små og engasjerande forteljingar i kvart kapittel.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 18.30
AASENTUNET

Jørgen Nordeng og Runar Gudnason er begge artistar, kjende for val av språk i songtekstane sine. No går dei djupare inn i kvifor dialekt er så viktig i dikting, kva det betyr for dei å bruke talemålet sitt og korleis tema som heim og heimstad ligg der som eit bakteppe i mange av tekstane.

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 21.00
STØDT, ØRSTA

Poesipub:

Mari Kvien Brunvoll og forfattarar

Mari Kvien Brunvoll er ein av Noregs mest spennande musikarar og vokalistar. Stødt får me møte vokalisten i unike samspel med fleire av årets forfattarar Festspela. 

Les meir om arrangementet

7. juni
kl. 23.00
MØRE FOLKEHØGSKULE

Kven er vel betre på kviss enn ein vaskeekte leksikonredaktør? Store norske leksikon køyrer på med spørsmål om alt mellom himmel og jord.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 11.00
FRU SVENDSEN, ØRSTA

Nyt ein god frukost og kaffi i Svendsengarden denne laurdagsmorgonen, i selskap med festspeldiktaren sjølv. Knut les utdrag frå utvalde titlar i  sin forfattarskap.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 12.00
AASENTUNET

Kom og opplev familiekonserten Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar med bandet Kråkebollane.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 13.00
AASENTUNET

Fjerdeklassingane Jakob, Sebastian og Georg har fordjupa seg i storsuksessen Oskar og eg. Laurdag 8. juni kan du vere med når gutane får stille eigne spørsmål om boka til forfattaren Maria Parr.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 14.00
AASENTUNET

Monica Goksøyr les frå debutboka si Slemme jenter, og Ellen Harrison les frå debutdiktboka si Søv berre når du søv

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 14.30
AASENTUNET

Er du nysgjerrig på kven Jon Fosse er eller kanskje er du ein ordentleg Fosse-kjennar og vil lære meir? Få med deg “Fosse på 1-2-3″, med ingen ringare enn Fosse sin redaktør i Samlaget, Cecilie Seiness!

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 15.30
AASENTUNET

Elevane ved Samlagets forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring deler sjølvskrivne tekstar. Opplesingane er leia av Therese Tungen.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 16.00
AASENTUNET

Inger Johanne Sæterbakk samtalar med debutantane Monica Goksøyr og Ellen Harrison om forteljingane deira.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 17.15
AASENTUNET

Lars Amund Vaage les frå boka Mjølketid. I boka teiknar Vaage eit mangfaldig portrett av ei kvinne, ei tid og eit liv slik det sto fram for henne som har levd det.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 17.30
AASENTUNET

Inger Johanne Sæterbakk les frå ungdomsromanen Hjartespreng. I boka får vi høyre om Inga, som kjenner at det ikkje er heilt enkelt å vere 16 år.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 18.00
AASENTUNET

Forfattarane Knut Ødegård og Lars Amund Vaage samtalar med Jan Inge Sørbø om omgrepet “heim” og kva rolle heimstaden spelar i litteraturen deira.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 20.00
AASENTUNET

Bremnes har i løpet av 40 år etablert seg som ein av landets fremste artistar. Den prisvinnande tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og sterke tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning.

Les meir om arrangementet

8. juni
kl. 23.00
MØRE FOLKEHØGSKULE

På Målbar får me møte ein av skaparane av Planet Ørsta og me får høyre meir om bygdekulturen i Planet Ørsta-universet. Musikar Egil Olsen er utflytta Ørsting og har medverka i ein av episodane. Samtalen blir leia av Olav Øyehaug Opsvik.

Les meir om arrangementet

9. juni
kl. 11.00
AASENTUNET

Festspelgudsteneste og festspelkaffi

I år er det sokneprest Marita Bjørke Ådland som held preika på festspelgudstenesta i Aasentunet. Ho har sitt daglege virke i Slemmestad og Nærsnes menighet, skriv andakter i Vårt Land, dikt og salmar. Ådland har hovudfag i nordisk litteratur og jobba i fleire år som lektor før ho blei ordinert til presteteneste i Den norske kyrkja.

Festspeldiktar Knut Ødegård bidreg med tekstlesing i gudstenesta.

9. juni
kl. 13.00
AASENTUNET

Festspeldiktar Knut Ødegård samtalar med Jan Ove Ulstein om sitt brennande engasjement for menneskeverd og dei umælande, undertrykte og forfølgde folk og folkeslag.

Les meir om arrangementet

9. juni
kl. 14.15
AASENTUNET

Søndag 9. juni kjem musikk skriven og framført av Gabriel Fliflet band, no med nye tekstar av forfattaren Kjartan Fløgstad. Under Ivar Aasen-stemnet får vi oppleve I lys loge, som er tingingsverket til neste års Vossa Jazz.

Kathrine Nedrejord held i år den tradisjonsrike stemnetalen. Talen tek utgangspunkt i årets tema Heime – Ute.

Les meir om arrangementet