Nynorsk.no / Aktuelt / Alti og Coop Nordvest fekk prisen Årets Nynorskbrukar 2024
Alti og Coop Nordvest fekk prisen Årets Nynorskbrukar 2024
Det var glade prisvinnarar som tok imot utmerkinga Årets nynorskbrukar 2024 under opninga av Festspela torsdag 6. juni. Kjøpesenterkjeda Alti og samvirkelaget Coop Nordvest fekk prisen for bruk av nynorsk både digitalt og fysisk i marknadsføring, på kjøpesenter og i butikkar.
– Med årets tildeling ønskjer styret i Nynorsk kultursentrum å løfte fram ein viktig kvardagsarena for skriftspråket, nemleg der vi handlar, sa styreleiar for Nynorsk kultursentrum Jan Olav Baarøy då han delte ut prisen. – I desse kvardagssituasjonane er det heilt avgjerande at vi som forbrukarar får møte nynorsk.
Baarøy peikte på at Alti og Coop Nordvest gjer den ekstra innsatsen som skal til for at deira butikkar og kjøpesenter kan velje å kommunisere på nynorsk med kundane sine. Han trekte særleg fram samarbeidet mellom konsernleiinga sentralt og dei svært engasjerte senterleiarane og butikksjefane lokalt.
– Prisvinnarane er gode førebilete. Vi vonar dei kan inspirere andre store næringslivsaktørar til å gjere den same innsatsen, sa Baarøy.
– Det er ei stor ære å ta imot denne prisen, sa medeigar i Alti Førde Ida Berqvam under prisutdelinga. – Det er inspirerande at den medvitne ståstaden vår blir lagt merke til, og eg er overtydd over at det å vende seg til kundane på vårt eige språk er berekraftig, både kulturelt og økonomisk, sa Berqvam.
HR-direktør Øyvind Indrebø takka for prisen på vegner av Coop Nordvest. – Det er ikkje sjølvsagt at vi i Coop Nordvest får lov til å bruke nynorsk i marknadsføringa vår, og ein slik pris er med på å motivere oss til vidare innsats. Vi er stolte og glade for prisen, og vi håpar at dette også kan inspirere andre bedrifter til å gå den same vegen som oss, sa Indrebø.
Med prisen følgjer ein pengesum på 100 000 kroner, som prisvinnarane kjem til å donere vidare til det landsdekkjande bedriftsnettverket Nynorsk bedriftsforum. – På denne måten blir prisen også ein honnør til alle bedrifter som vil gjere ein innsats for det nynorske språket, avslutta Baarøy.