Arkitekturhelg i tunet – laurdag

Laurdag 31. august kl. 11.00-16.00

Minecraft-illustrasjon
Minecraft. Illustrasjon: InoxyBuild Pixabay

Vi inviterer barna til å utforske arkitekturen til Sverre Fehn. Det vert Minecraftbyggjekonkurranse i lag med Volda E-sport, arkitekturvandring og omvisingar, byggeleik og ny utstilling inne. Kafeen er open med suppe og bakverk.

Program
11.00: Dørene opnar 

12.00–16.00: Minecraftbyggjekonkurranse 
Lag din versjon av Aasentunet i Minecraft. Volda E-sport kjem og hjelper alle barn som vil ta del. Premie til alle.  

12.00 og 14.00: Arkitekturomvising for vaksne. 

13.00 og 15.00: Arkitekturvandring for born: Vi utforskar Aasentunet og arkitekturen både inne og ute.


•   Utstillingar om Sverre Fehn både ute og inne.
 
•   Vi serverer suppe og bakverk i kafeen. 

Bilete frå ei omisning i Aasentunet
Kl. 12.00 og 14.00 blir det arkitekturomvising for vaksne I Aasentunet. Foto André Nesheim

Type:
Arkitekturhelg

Tid:
Laurdag 31. august kl. 11.00-16.00

Stad:
Aasentunet