Himmelspringaren

6. oktober, kl. 14.00, Salen, Aasentunet

Frå framsyninga av Himmelspringaren. Foto: Jonas Duus.

Eit figurteater for folk frå 3 år. Varigheit om lag 45 min.

Framsyninga er basert på Sissel Horndals bok med same tittel. 

Den dagen lammet Lilla kom til verda, vart det sjokk i Gullullafjøset. Ho er jo ikkje som vanlege søte kvite lam, ho er lilla! Ingen vil vite av henne, ikkje ein gong mor hennar. Det er vondt å verte støytt ut av sine eigne, men dagen då den farlege Kvasskjeften kjem, visar Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lammekropp, sjølv om den er litt annleis enn dei andre.  

Medverkande:
Av og med: Monika Solheim og Adele Lærum Duus
Regi: Annicke Gill Haukås
Musikk: Hallvard Lærum 

Framsyninga er støtta av Bergen kommune- seksjon for kunst og kultur og Kavlifondet  

Aasentunet er ope kl. 11.00 – 17.00.

Himmelspringaren / Mangschou
Himmelspringaren / Mangschou

Type:
Figurteater

Tid:
6. oktober, kl. 14.00

Stad:
Salen, Aasentunet