Norges fremste bukkehornist og tenorsaxofonist har eit imponerande driv til stadig å utforske tilhøva mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt og utanfor. Det er vanskeleg å setje ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, sin eigen sjanger så å seie. Musikken er for han ei vital og personleg uttrykksform. Ein kan nesten kalla det verdsarvjazz, sidan mykje av inspirasjonen til skapingsprosessane kjem frå norsk folkemusikk og norske fjell og fjordar. Kvartetten presenterer musikk frå ei lang rekkje av hans mange album-utgjevingar, der kritikarroste Mytevegar, Nunatak, Ossicles og Nordic Balm står sentralt. Dette er eit lydlandskap der både fjellheim, sanddyner, asfaltjungel, bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast.
Innslepp kl. 18.30
Konsertstart kl. 19.00
Billettpris 250,- ordinær / 200,- student.