Lansering og musikk-kviss: Slagersong og svartmetall
17. september, kl. 19.00, Kafeen, Aasentunet
Platesamlar og høgskulelektor Arild Torvund Olsen har samla forteljingar frå den nynorske vinylhistoria i boka Slagersong og svartmetall – godbitar frå den nynorske populærmusikken. Boksleppet vert markert med musikk-kviss og boksignering i kaféen i Aasentunet tysdag 17. september klokka 19.00.
I boka kan du lese om nynorskplatene folk prøvde å forby, nynorskplatene som vart uventa suksessar, og nynorskplatene som endra den norske populærmusikken. Her er plater som du ikkje visste fanst, plater som du mimrar om, og plater du gler deg til å høyre på. Boka er illustrert med hundrevis av plateomslag og mange gamle artistfoto, annonsar, plakatar og anna.
Arild tek med platespelaren, bøker og varierte kviss-spørsmål. Det vert akkurat passe vanskeleg, og akkurat passe gøy.
Kafeen tilbyr ein variert mat- og drikkemeny.
Pris: Gratis
Tidspunkt arrangement: 19.00
Aasentunet er ope frå kl. 18.00-21.00