Tru og tvil i dikt og liv
22. september, kl. 19.00, Salen, Aasentunet
Volda og Ørsta kyrkjeakademi inviterer i samarbeid med Aasentunet og Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda til ein temakveld om «dei store spørsmåla» hjå Arne Garborg og Olav Nygard.
I år er det hundre år sidan begge desse markerte nynorskforfattarane døydde. Litteraturvitaren Jan Inge Sørbø vil presentere dei for oss, med særleg vekt på to perspektiv: Relasjonen mellom Garborg og Nygard, og livssynstematikken i forfattarskapane deira.
Hulda og Arne Garborg tok seg mykje av den yngre, mindre kjende og tidleg sjuke diktaren Olav Nygard frå Modalen i Hordaland. Garborg støtta og oppmuntra Nygard, og me skal få høyre frå den rørande brevvekslinga frå dei siste vekene dei levde.
Sørbø vil òg ta føre seg livssynsmessige tema hjå Nygard og Garborg. Der finn han store kontrastar. Garborg insisterer på eit dennesidig gudsrike; at det kan realiserast jordisk og «jærsk» her i verda. Til skilnad frå dette stig Nygard visjonært ut av det jordiske, og skriv mellom anna om «æolsharpe-klang» og «båregong av evig skapings-gir og sfæresong» i diktet «No reiser kvelden seg» frå 1923.
Temaet har også ei lokalhistorisk tilknyting til bygdene våre. I unge år var nemleg Olav Nygard to gonger elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta.
Arrangementet er ein del av Forskingsdagane og er gratis.
Tidspunkt: Søndag 22. September, kl.19.00
Gratis
Aasentunet held ope kl. 11.00-21.00 denne søndagen.
Vanleg meny i kafeen.