Feiring av Nobelprisen til Jon Fosse

10. desember, kl. 15.00, Salen, Aasentune

Bilete av Jon Fosse
Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad

Søndag 10. desember får forfattar og dramatikar Jon Fosse overrekt Nobelprisen i litteratur. Aasentunet inviterer difor til festmarkering i samarbeid med Ørsta og Volda mållag, med strøyming av prisutdelinga i Salen.  

– Ta på deg sløyfe, slips eller pyntesjal og kom til Aasentunet for å feire den store dagen for nynorsken saman! seier Tone Slenes, formidlingsleiar i Nynorsk kultursentrum.  

Jon Fosse er den første nordmannen som vinn Nobelprisen i litteratur sidan 1928, då Sigrid Undset var mottakar av prisen. Dette er første gong ein nynorskforfattar får prisen, og det er derfor også ein historisk dag for nynorsk skriftkultur og litteratur. Fosse er godt kjend i litteratur- og teaterkrinsar verda over.  

Aasentunet heisar flagget, rullar ut den raude lauparen og byd på kake som ein del av inngangsbilletten. I tillegg kan ein kjøpe seg kaffi eller anna drikke, til dømes kortreist eplemost frå Hjørundfjorden.  

Aasentunet held ope denne dagen frå kl. 14.00 til 18.00 Programmet startar kl. 15.00 i Salen.  

  • Skodespelar Eirik Risholm Velle les tekstar av Jon Fosse 
  • Kort tale ved Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum 
  • Helsing ved Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs mållag  
  • Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarskapen til Fosse  
  • Blandakoret Ervingen syng Nordmannen og Dei gamle fjelli 
  • Direktesending frå NRK, der prisen blir delt ut om lag kl. 17.00

Type:
Festmarkering

Tid:
10. desember, kl. 15.00

Stad:
Salen, Aasentunet